Stykke i prosess

Oslo Sinfonietta presenterte fleire nye verk mandag – eitt av dei midt i tilblivingsprosessen – og alle med ulike utgangspunkt. Det innbaud til å stilla spørsmål om kva som er ein god idé, meiner Ballades meldar.

Oslo Sinfonietta

Av Ida Habbestad

Fanst der nokre samanbindande element mellom verka av Nicolai Worsaae, Bjørn Erik Haugen, Christian Eggen og Arnold Schönberg?

Anna enn det openbare; at tre av komposisjonane var heilt nye, og at samtlege var skrivne for sinfonietta-formatet, var det ikkje umiddelbart enkelt å få auga på felles trekk då Oslo Sinfonietta heldt sin årlege konsert under Oslo Kammermusikkfestival.

Snarare var det skilnadene som fascinerte då me lytta. Først til eit stykke der det fragmentariske, impulsive gav utspring, og der ein geografisk figur var sentralt utgangspunkt. Vidare til Schönberg sitt nesten romantiske stykke, der utviklinga av tema og lange linjer var det førande; rett nok i ein tonalitet på veg ut over sine eigne grenser, men likevel med melodien som rettesnor. Me lytta til eit stykke inspirert av Kafka-tekstar, utan noka handling. Og me lytta til eit stykke der transkriberinga av lyd frå nettopp handling var det berande; i alt nesten som ein demonstrasjon over ulike innfallsvinklar til det å laga musikk.


Balansepunkt
Mykje samtidsmusikk vert kritisert avdi den tykkjest så konstruert. Ein hevdar gjerne at idéen bak veg tyngre enn det ferdige resultatet.

Men der det er enkelt å slutta seg til ynskjet om meir av den kommuniserande samtidsmusikken, virkar det langt på veg meiningslaust – i nær sagt all slags musikk – å krevja at eit stykke ikkje skal ta utgangspunkt i ein tanke som er god.

Kvar finst så balansepunktet mellom den ideen som når oss – klårt som dagen eller berre i eit snev – og det uttrykket me ikkje forstår noko av i det heile?

Kan henda var det prosessen kring Christian Eggen sitt stykke, ”Eine bitte”, som gjorde at desse tankane vart dei sentrale ved mi oppleving mandag. Stykket som står på trappene til å bli musikkteater, eksisterer førebels i konsertversjonen og berre som utsnitt frå ein planlagt heilaftan. Å sjå verket undervegs inspirerte – om enn utførsla vart sprikande på første forsøk.

Men også dei andre stykka kunne påkalla problemstillinga.

Før ”Emphatische Ellipse” av danske Worsaae forklarte komponisten at ideen hans bunna i fascinasjonen for elipsen (den ”ufullstendige” sirkelforma) og emfasen (det trykksterke, kraftfulle), som han let få utløp gjennom to satsar – ”Elleipsis” og ”Emphasis”. Desse var overaskande like, begge prega av spelet mellom det runde og det meir støtvise – samt ein spanande dualitet mellom ensemblet og elektronikken.

I programteksten utdjupa komponisten med tanken om at elementa meir grip over i kvarandre, så satsane godt kunne ha bytta namn. Alt under ein overordna tittel som strengt tatt ikkje hadde noka meining. Slik løfta han kan henda tanken til eit høgare plan, men spende samstundes bein under det klåre ved ideen sin: Inntrykket eg sat att med var av eit utydeleg innpakka tankegods, meir ufullkome enn kraftfullt.


Stiløving
I møtet med det andre nye verket, ”Stutter” av Haugen, var problemstillinga ei anna. Ideen her var tydeleg: Haugen hadde mata ein datamaskin med lyden frå opninga av filmen ”Speil” av Tarkovskij og dinest transkribert den for ensemble. Det heile var pedagogisk framført, med originalversjonen først og dinest filmvisning på ny – denne gongen med ensemblet sin lyd.

Men på spørsmål om kvifor han gjorde dette, var svaret ikkje klårt. Rett nok var komponisten tydeleg omkring fascinasjonen for filmen og for tematikken der ein gut som stamma vart helbreda gjennom handspåleggjing. Men kva Haugen ville tilføra gjennom bearbeidinga sto ubesvart. Inntrykket av at det heile var meir ei stiløving enn tenkt kommunikasjon vart forsterka – og verket nådde ikkje fram til meg.

Større potensiale
Slik sett var det befriande då Christian Eggen sitt verk fekk avslutta det heile. Det – så langt – tredelte verket er basert på ein korttekst av Franz Kafka, der det på eine sida er dialogen mellom eit ektepar som har mista trua på kvarandre, på andre dialogen mellom mor og dotter (der mor vil stenga dottera inne i eit skap medan ho er vekke), og på tredje sida er dialogar mellom samtlege.

Me vart tekne med gjennom tekstleg utforsking, etterlikningar av språk og pust – der bruken av eit høvevis lite materiale, både tekstleg og musikalsk, vart langsamt utvikla og fekk tid og plass så me kunne følgja dei.

Så si sak at verket på eit vis var det mest uferdige og fleire gonger var ved å rakna. Meir overraskande var den heilt ulike tilnærminga som songarane synte i verket, frå Tora Augestad si alt no briljante tolking, der det ikkje var tvil om kva ho meinte, gjennom mimikk, gestar og klangfarge. Via ein vel førebudd, men ikkje på same måte agerande Hege Høisæther. Til ein rimeleg sedat Ole Jørgen Kristiansen, som song med lite formidlande overskot – eller som (i så tilfelle godt) gestalta ein overordna passiv rollekarakter.

Det siste viser truleg aller mest kva potensiale som bur i stykket – kor mykje betre ein idé kan komma fram om den får retning, kort og godt.

Kan henda finn me dermed noko av kjerna til den gode ideen ikkje berre i spørsmålet om ”kva” men også i eit ”kvifor”?

Konsert i Gamle Logen, mandag 17. August
Med Oslo Sinfonietta, Christian Eggen (dirigent), Tora Augestad, Hege Høisæther og Ole Jørgen Kristiansen. Rosa Røger (jentesopran) bør også nemnast – for formidabel innsats med vanskeleg materiale.

Oslo Kammermusikkfestival har konsertar til og med laurdag, program finn du her.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no