"The Tigers Mind” i Trondheim

Førstkomande laurdag vert Cornelius Cardew sitt verk ”The Tigers Mind” framført. Stykket frå 1967 består av rein tekst, og kan likna eit rollespel, hevdar bassist Michael Duch.

Michael Duch09/Foto: May-Irene Aasen

Av Ida Habbestad

Tekstkomposisjonen ”The Tigers Mind” vart skrive med utgangspunkt i engelske Cornelius Cardew sine røynsler frå ensemblet AMM, som i si tid var pionerar innan friimprovisasjon og bruken av improvisasjon i den komponerte eksperimentelle musikken.

Stykket er sjeldan framført og i følgje bassisten Michael Duch kanskje det næraste ein kan komma ein komponert improvisasjon.

Difor høver det godt innan ramma han har for forskingsprosjektet som kunststipendiat ved Institutt for musikk, NTNU. I prosjektet stiller han spørsmål om korleis ein øver på friimprovisasjon, samt på komponert eksperimentell musikk som krev bruk av improvisasjon.

Musikken som kom til i det ekpsperimentelle miljøet på 60-talet er særleg godt eigna til dette, sidan impulsar frå både kunstmusikken og amerikansk jazz bidro til å skapa musikk som var sjangeroverskridande og der spontanitet var eit viktig element.

Spesielt er Duch fascinert av Cardew, som rørde seg frå strengt serielle komposisjonsteknikkar på slutten av 50-talet, mot tilfeldighetsmusikk og friimprovisasjon på 60-talet og til slutt ein meir politisk basert musikk. Med base i England, fungerte han nærast som ambassadør for mykje av musikken som kom til i den amerikanske avant-garden for eit engelsk publikum.

”The Tigers Mind” illustrerer eit skilje i overgongen mellom dei siste av desse periodane, hevdar Duch.

- Stykket er det eneste han komponerte i 1967, hvor mesteparten av tida ble viet til AMM og improvisasjon. Det er et viktig vendepunkt i musikken hans. I ”Treatise (1963-67)” ligger utgangspunktet nærmere John Cage og hans tilfeldighetsmusikk. I korverket ”The Great Learning” (1968-70), har de sosiale aspektene ved musikken gradvis tatt over og ledet opp mot The Scratch Orchestra et ensemble bestående av både profesjonelle musikere og amatører, seier han.


Stort rom for tolking
Før gjennomføringa av stykket har Duch hatt samtaler med sin bivegleiar John Tilbury som har røynsler med stykket frå slutten av 1960-tallet. Han har òg sett stykket oppført under ein festival for Cardew sin musikk i Bretigny i Frankrike.

- Opplevelsen av ”The Tigers Mind” så langt er at det gir et usedvanlig stort rom for ulike tolkninger. Musikken blir helt forskjellig fra hver gang det blir fremført til tross for at de ulike rollene man har er ganske konkrete på Cardews eget abstrakte vis, seier Duch.

Rammene er altså tydelige: kvar musikar har ei rolle spesifisert gjennom teksten. Måten stykket er skrive på gjer imidlertid at ein gradvis kan løysa opp rammene mot ein høvevis fri improvisasjon. Slik kan ein ta utgangspunkt i rollene og sjå korleis dei forheld seg til kvarandre, utan nødvendigvis å følge det narrative forløpet, fortel bassisten.

Teksttolkinga er sjølvsagt avgjerande, sidan komposisjonen er i form av rein tekst. Kva konsekvensar har dette for framføringa?

- Teksten gir assosiasjoner til både barnefortellinger og barnerim og er ikke ulik Lewis Carrolls ”Alice i Eventyrland”. Tolkningen av stykket er alikevel nært knyttet til opplevelsen av å spille det og jeg vil påstå at man ikke vil forstå relasjonen mellom rollene før man har opplevd det i en situasjon hvor man har tatt aktivt del i utøvelsen selv, svarer Duch.


Som har stor tru på at prosjektet vert interessant.

- Den eneste måten å mislykkes med dette stykket er å ikke ta det seriøst, seier Duch.



Utøvarane er sette saman med særleg tanke på ekstreme skilnader innan sjanger- og utøvarbakgrunn. Kjerna i ensemblet er Trondheimsbandet Dog & Sky, og utøvarane har elles bakgrunn fra Trondheims rock- og jazzmiljø samt symfoniorkesteret og Luftforsvarets Musikkorps:

Stig Førde Aarskog - bassklarinett
Kyrre Laastad – perkusjon
Truls Lorentzen - gitar
Arnulf Johansen - obo
Pekka Stokke – video
Michael Duch - bass
Matt Burt - stemme
Eirik Hegdal - sax

Konsert på Dokkhuset i Trondheim førstkommende lørdag kl 14.00. Prosjektet er støtta av NTNU og Forskningsdagene.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no