Budsjettvinnar i Nord-Norge

Nordnorsk Opera og Symfoniorkester utnemner seg sjølve til budsjettvinnarar etter ei auke på 14,6 millionar kroner i budsjettet for 2010. Stavanger Symfoniorkester kallar sine ekstra 6,6 millionar for ein beskjeden men reell auking.

Stavanger Symfoniorkester_stort

Av Ida Habbestad

Aukingane på budsjettet til dei norske orkestra vart lekka alt fredag (sjå oversikt over orkester og opera-løyvingar her).

Samtlege orkestre har fått auka løyvingane sine frå i fjor, men særleg er det grunn for jubel hjå det nystifta Nordnorsk Opera og Symfoniorkester.

Med ei auking på 10,2 millioner kroner, samt med aukinga i det faste regionale tilskuddet på knappe 4,4 millionar er den totale summen institusjonen rår over i 2010 51,8 millionar kroner. Til samanlikning hadde dei fire einingane som no har inngått i Nordnorsk Opera og Symfoniorkester i 2008 eit samla budsjett på omlag 28 millionar kroner.

Direktøren i NOSO, Rolf-Cato Raade, er godt nøgd med budsjettauka som han har rekna til 80% frå 2008, og kring 32% frå 2009.

Aukninga vil nyttast til fleire musikarstillingar i Tromsø og Bodø, ei auka konsertverksemd og til operaproduksjon i landsdelen, hevdar han i ei pressemelding:

- 2010 blir et år med stor aktivitet for både Tromsø Kammerorkester, Bodø Sinfonietta, Nordnorsk Opera og Nordnorsk Symfoniorkester. Vi planlegger produksjoner med både nyskrevet og symfonisk musikk, samt en operaproduksjon. Publikum vil få møte vår nye førstedirigent og kunstneriske rådgiver Christian Lindberg og andre ledende dirigenter og solister, sier Raade, som òg har vyar ut over landsdelen.

- Vi har store ambisjoner og vi jobber for en internasjonal lansering av Nordnorsk Symfoniorkester i 2011. Regjeringens budsjettøkning vil gjøre dette mulig.


Nøkterne forventingar
I Stavanger Symfoniorkester er ein ”rimelig godt fornøyd” med Kulturdepartementets forslag til løyving for 2010.

Aukinga på 6,6 millionar kroner for 2010 dekkar den forventa pris- og lønsveksten, kompenserar for inneverande års lønsløft og auka pensjonsutgifter. I tillegg står orkesteret att med ei auke på omlag 2,2% i høve til løyvinga for 2009, hevdar orkestret i ei pressemelding.

Orkesteret meddeler vidare at dei hadde nøkterne forventningar til budsjettet for 2010, etter at dei gjennom tre år har motteke midlar til utbygging av orkesteret – ei opptrapping som vart fullført i 2009.

- En beskjeden, men reell økning av budsjettet også for neste år betyr at vi har fått gjennomslag for deler av søknaden vår og vi får litt mer handlingsrom. For å kunne få til en mer fleksibel drift av orkesteret og noen ganger kjøre parallelle oppdrag, kreves det mer ressurser i hele organisasjonen vår. Med denne bevilgningen er vi hjulpet et stykke på vei, noe vi er rimelig godt tilfreds med, melder konstituert direktør Erik Landmark frå Stavanger.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no