Djup lytting

- Hovudproblemet til mange instrumentalstudentar i dag er at dei har eit slikt avstandstilhøve til instrumentet sitt: Dei leikar ikkje, seier Else Olsen S som inviterer til Open form-festival i slutten av november.

Else Olsen S. (Foto: Elisabeth Tønnesen)

Av Ida Habbestad

Open form er beteikninga på ein type kunstnarlege uttrykk der forma og resultatet ikkje er gitt på førehand. Stykka kan vera grafisk noterte: dei kan bestå av notar, instruksjonar, teikningar, symbol eller anna, og har som sitt hovudpoeng at ein heil rekkje val, som rekkefølgje, dynamikk, tonehøgder og anna, kan vera overlatt til utøvarane – eller det tilfeldige – å bestemma.

Det var i USA, i miljøet kring New York-skulen på 1950 og 60-talet, med tilknytte komponistar som John Cage, Christian Wolff og Morton Feldman, at den opne forma aller mest fekk utløp.

I Noreg har me ikkje vore overeksponerte for uttrykket, og dette ynskte Else Olsen S. og Mia Göran, stipendiatar ved høvevis Norges musikkhøgskole og Universititetet i Oslo, å gjera noko med.

I 2007 vart den første festivalen for open form arrangert, med Christian Wolff som besøkjande inspirator (les vårt intervju med Wolff). Dette året brettar dei opp ermene igjen og arrangerer konsertar, workshops og seminar – alt med komponist og utøvar Pauline Oliveros som frontfigur.

Årets heidersgjest er fødd i 1932 i Houston, Texas. Parallelt med New York-pionerane sine musikalske utforskingar på 50-og 60-talet, arbeidde ho med elektronisk og instrumental musikk, og utvikla frå dette si eiga retning av langstrakt og langsom musikk – ei form som ho etterkvart gav namnet ”Deep Listening”.

- Omgrepet er ikkje uproblematisk. Ein kan jo seia at det er ei gjentaking; at Deep Listening langt på veg var det som Cage òg heldt på med, seier festivalsjef Else Olsen S.

- Men det er noko eige med den tanken om å lytta – Oliveros hevdar at å det å lytta er noko meir enn berre det å høyra: ”Listening is not the same as hearing, Listening is consiousness: acting with awareness, presence and memory”. Poenget er at kjerna i alt som føregår på ei scene – anten du held på med klassisk musikk, scenekunst eller andre uttrykk – handlar om at du må vera i det intuitive rommet, seier Olsen S.


Gleda av å laga musikk
Me aner konturen av ein komponist som er klårt påverka av improvisasjon, meditasjon og sjølvrealisering – og som har hatt påverknad på mange (særleg amerikanske) komponistar sidan. I 1989 uttalte til dømes John Cage at "Through Pauline Oliveros and Deep Listening I finally know what harmony is.... It's about the pleasure of making music".

Oliveros har undervist ved ei lang rekkje av dei amerikanske musikkonservatoriene, og har som utøvar med ensemblet Deep Listening Band halde konsertar over heile verda.

Her til lands er imidlertid namnet hennar nokså ukjent, noko Olsen S. tykkjer er synd. Sjølv skildrar ho inspirerande møte med utøvaren, som del av hennar eige stipendiatsprosjekt i open form ved Norges musikkhøgskole.

- Eg var nysgjerrig på personen hennar, og kontakta henne for å høyra om me kunne spela i lag. Eg reiste til Kingston der ho bur, og fekk oppleva ein av dei mest lyttande utøvarane eg har møtt. Det er nok ikkje tilfeldig at ho har formulert teoriane sine om Deep Listening på den måten ho har gjort.

Olsen S har sidan vore på turné med Oliveros, Christian Wolff og kontrabassist Øyvind Storesund i USA.

Olsen S har òg samarbeidd både med Wolff og Oliveros om sine eigne komposisjonar, og fått framført verket ”Less” i nettkonsert saman med tre ulike ensemble på ulike plasser i verda.


Friare enn mange
Oliveros sine komposisjonar er som sagt opne – og langt på veg kan dei karakteriserast som inkluderande, i det at mange kan utføra dei. Mellom anna var ho tidleg med på å utvikla den typen programvare som reagerer på rørsle – og inviterte barn og funksjonshemma til å laga musikk gjennom små rørsler, fortel Olsen S.



Pauline Oliveros spiller på California State University i Sacramento, California.



Eit anna døme er dei mange tekstkomposisjonane hennar. Også dei er enkle, som ”Horse Sings From Cloud” for instrument og stemmer, som kort og greitt består av tre instruksjonar:

“Hold a tone until you no longer want to change the tone.
When you no longer want to change the tone then change to another tone.
Dynamics are free.”

Vidare følgjer kommentarar, som kva det vil seia å halda ein tone lenge samt spesifikasjonar ut frå kva type instrument du spelar. Men i stort er det meste overlate til utøvaren.

- Saman med Christian Wolff er Pauline Oliveros ein av dei mest opne komponistane. John Cage sine stykke er strenge som berre det i samanlikning med Wolff og Oliveros sine, seier Olsen S.

Men sjølv om stykkene virkar oppsiktsvekkjande enkelt laga, understrekar pianisten at dei ikkje må oppfattast enkelt.

- Du veit, Stockhausen laga òg nokre slike tekstkomposisjonar. Faktisk har han fått mykje av æra for å vera fyrst ute med open form, med sitt ”Klavierstücke XI”, og likeeins for mykje av utviklinga av open form, sjølv om han ikkje komponerte så mykje i denne forma. Dette står i del fleste lærebøkene – men stykket var skrive fleire år etter Feldman sitt ”Intermission nr 6”, som faktisk er det første open form-stykket.

- Same kva, snakka eg ein gong med Stockhausen om nokre av tekstkomposisjonane; ”Aus den sieben Tagen”, som er skrivne i ein stil som minner veldig om Oliveros’ komposisjonar. Han berre himla med augo, og først trudde eg han ikkje lika desse stykkene sine. Men poenget var at han var lei av at folk spelte dei utan å eigentleg ha øvd eller sett seg skikkeleg inn i dei. Folk gjorde dei gjerne som ein gimmic, som eit tillegg til verk dei hadde øvd mykje på. Stockhausen hata ikkje stykka sine, han hata framføringane av dei, seier Olsen S.

Ho meiner at ein kan sjå noko av den same haldninga til stykkene her til lands.

- Det har hendt at eg har fått attendemeldingar på grafiske verk som eg har laga, at ”dette er det ikkje så mykje å seia om”. For meg seier det først og fremst at det ikkje er noko særleg utbredt kunnskapsnivå på dette; men dette er verk ein må setja seg inn i, seier Olsen S.

Formålet med festivalen er med andre ord å spreia kunnskap?

- Ja, hovudformålet er at publikum skal få oppleva denne musikken med topputøvarar. Samstundes er det viktig å retta fokuset nærare i fagmiljøet: å skapa ein arena der utøvarar har høve til å utøva open form. Røynsla er at mange blir glade i stykkene når dei har arbeidd litt med dei. Men utøvarane treng metoder og teknikkar for å tilnærma seg verka. Du står ganske hjelpelaus første gong du møter ein sirkel med nokre skriblerier inni – og det er overlete til deg å gje dei meining. Og – det er heilt sikkert – at denne røynsla kan utøvarane ta med seg vidare i spelet sitt. Hovudproblemet til mange instrumentalstudentar i dag, er at dei har eit slikt avstandstilhøve til instrumentet sitt: Dei leikar ikkje.

- Open form tilbyr ein slik leiken inngong – høvet til å finna det intuitive i spelet ditt, seier Olsen S.

Påmelding til seminar og workshop til elseolsens@gmail.com

Open form-festivalen finn stad 26.-29. november 2009 i Oslo. Fullstendig program finn du her. Pauline Oliveros har denne heimesida.

Kjelde til opplysingar om Pauline Oliveros: The Oxford Dictionary of Music.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no