Eit psykologisk instrument

Dei tre finalistane i Eric Ericson Award har alle studert hjå professor Anders Eby i Stockholm. - Noko av det flotte med Eby var at han lot oss oppdaga sjølv, i ettertid, seier vinnar og nytilsett domkantor i Bergen, Kjetil Almenning.

Kjetil Almenning 08/Foto: Blunderbluss

Av Ida Habbestad
Foto: Blunderbluss

Det er Allehelgenssøndag, men i Bergen domkirke er det ikkje berre minnet om dei døde som pregar gudstenesta. Ei kime til noko nytt er tilstades når domkantor Kjetil Almenning kan syna fram det splitter nye, 28 mann store, Bergen domkor.

30-åringen har vore på plass sidan august, og er full av ambisjonar.

- Eg ynskjer meg lyskastarar i domkyrkja, meddeler han som eitt av mange ynskje.

Lyset trengst definitivt i det store, halvmørke rommet, med eit endå dunklare sideskip. Trass det mørke rommet, er det eit rikt kulturliv som har grobunn her – halde i hevd gjennom lange tider.

Ikkje minst gjennom Almenning sin forgjengar, Magnar Mangersnes, som var domkantor i 38 år. Det var knapt til å unngå at bergensarar slo kollbøtte då Mangersnes måtte gå, 70 år gamal, men med stadige ynskje om musikalske bidrag.

Slik ligg ei utfordring i å komma etter – men Almenning kunne ved tilsetjinga i februar beroliga dei som frykta at kunstmusikken ville forsvinna med den eldre kantoren.

Fokuset som har vore – på klassisk musikk med kvalitet – står stadig i sentrum for tilbodet i domkyrkja, uttalte han til BT. Repertoartankegangen bunnar i det same ynskjet: Å forvalta tradisjonen men samstundes byggja vidare på den.


Med fundament
At han no er vinnar av internasjonale Eric Ericson Award, gjer fundamentet tydeleg. Konkurransen for dirigentar mellom 20-32 år finn stad kvart tredje år i Sverige. Dette året vart 12 personar plukka ut, mellom 32 søkarar frå 17 land.

Dei to som har vunne tidlegare har gjort det bra. Peter Dijkstra er første gjestedirigent i Nederlands Kamerkoor og i det svenske radiokoret, medan Martina Batic er kormeister ved den slovenske nasjonaloperaen. Det er med andre ord ei anerkjenning å nå til topps, men Almenning understrekar at det ikkje er noka kvilepute – meir som ei ”vatnflaske som gjev energi til neste runde”.

Og der den tidlegare domkantoren omtalte motivasjonen sin nærast som eit kall (les intervju med Mangersnes her); er det kanskje idear frå ein annan generasjon som kjem til uttrykk når me bed Almenning fortelja om sitt startpunkt.

- Vi er jo flaska opp med valfridom, og eg veit at det ikkje er slik at eg må vere her, seier han.

- Slik sett er dette noko eg aktivt går inn for, eg ser domkantorstillinga som ein særs interessant plass å vere. Slik har eg tenkt gjennom heile utdanningsløpet; eg oppdagar stadig meir kva eg likar å gjere – og følgjer det sporet, heilt enkelt.

Likevel – det er ikkje berre eit enkelt følgt spor som gjer at Almenning sit på ein av få faste utøvande kantorstillingar, som er skreddersydd så den høver han: med mest mogleg kor, og hakket mindre speling. Det finst ei merittliste og ambisjonar. Det finst eit diplomstudium i direksjon og etterkvart ei omfattande røynsle frå eit koppel av dyktige ensemble som han har arbeidd med, over tid.

Høvet for sammusisering er årsak til at han ikkje har ynskt seg eit liv som solistisk orgelspelar eller songar. Det er òg i sammusiseringa han tek utgangspunkt i omtalen av kva som skal til for å bli ein dugande dirigent.

- Den siste tida – særleg då eg jobba med prosjektet ”Hele Norge synger” – har eg fått ei oppleving av at både profesjonelle songarar og dei som i utgangspunktet ikkje kan synge, har eit felles behov som handlar om kommunikasjon. For utøvarane handlar mykje om eit enkelt ynskje: ”Vi vil bare spelle”, som Bjarte Eike i Barokksolistene seier det.

- I starten forsto eg ikkje det behovet. Men det er altså slik at om ein står framfor superkoristar i det svenske radiokoret (profesjonelt kor, red. anm.) og ikkje har ein god kommunikasjon med dei, blir dei sure. Dei vil alltids gjere jobben sin, men det let ikkje bra. Du må få dei med deg – og det same gjeld amatørar.

Korleis får ein koristane med seg?

- Tja – det handlar om å la dei musisere. Altfor mange dirigentar står i vegen for spelet, utan at dei veit om det sjølve. Ein må ha tillit til songarane sine. Om eg som songar har følt mistillit, gjennom blikk, verbale meldingar eller liknande, byrjar eg fort å synge dårleg. Dei betre opplevingane har eg hatt når dirigenten utstråler at han eller ho er der for å skape musikken i lag med oss. Oppgåvene er klårt fordelte: han viftar og vi syng. Uansett, om det ein formidlar er tekniske ting eller reint musikalske, må dei det gjeld kunne sjå ein inspirasjon hjå den som dirigerer – i kroppspråket, augene, alt: Songarane ser om eg likar å vere der, om eg har lyst til å involvere dei, seier Almenning.


På innsida av instrumentet
Me dveler mykje ved psykologiske aspekt i samtalen. Almenning snakkar lite om den overordna teknikken. Snarare snakkar han om å vera ærleg i musiseringa. Om balansen mellom å la folk få spela og syngja slik dei kan – og samstundes guida dei inn mot eit felles spor. Almenning snakkar om å gjera seg sjølv overflødig, men ikkje heilt; om å vita korleis ein vil ha det, men samstundes vera open for signal som kjem. Han snakkar om blandinga mellom integretet og ærbødighet.

Han fortel at han mistrivst når han ikkje får det til. Difor sviv ein tanke gjennomgåande i hovudet: kva er det som fungerer – og kva gjer det ikkje?

- Først i etterkant av studieperioden min i Sverige, forsto eg kor mykje eg analyserte. Det var ein nærast konstant verksemd: For min del var analysen, både gjennom å dirigere, men òg å synge i kor, ein viktig del av studiet – for å komme på innsida av instrumentet.

Vinn ein det eine, må ein ofte leggja noko anna bak. Eit prosjekt han etterkvart må forlata er Ensemble 96 som han har dirigert sidan 2007. Dei diskuterte prosjektbaserte løysingar først; men det er noko med kontinuiteten, seier Almenning, og peiker på kor viktig den jamne tilstadeversla til professor Anders Eby i Stockholm var for hans eiga studietid.

At alle dei tre finalistane i konkurransen gjekk i Eby sin klasse ved Musikhøgskolan, seier sitt om undervisninga – som no er historie etter at professoren har fråtredd stillinga etter 15 år.

- Det rare er at dei fleste eg har snakka med, ikkje kunne sjå at vi gjekk i klasse. Det kunne dei kanskje før. For to år sidan var vi meir produkt av hans teknikk; Eby arbeidde verktøyet på plass, men sidan har mykje skjedd med alle.

- Eg vil seie at intensiteten og kontinuiteten i studiet var viktig. Eg såg professoren kvar tysdag og torsdag, og tenkte då at det ikkje var så mykje. Men eg veit at eg såg han jamnt. Vi pløydde gjennom materiale, likevel var det fridom. Openbare ting kunne han uttrykkje i klårtekst, men meir personlege ting var han forsiktig med. I staden for å seie at ”du har eit problem med”, kunne han seie: ”du kan tenke på at… her er det er ein liten ”varningsflagga för posering”. Så kunne det gå eit halvt år før ein sjølv fekk aha-opplevinga av kva han hadde peika på. Noko av det flotte med Eby var at han lot oss oppdaga sjølv, i ettertid, seier Almenning.


Mange rom å fylle
Løpet for hausten er solid. Etter Bach-kantatar på Allehelgenssøndagen ventar fleire kantatar neste helg. Dinest Schnittke sitt ”Requiem,” Mendelssohn-songar og tilsvarande av Mäntyjärvi - og stadig er me i november.

Korleis ser du på å arbeida i ein institusjon som ikkje berre involverer utøving, men som òg er religiøs?

- Eg gjekk inn i jobben vel vitande om forventninga om at eg kunne skape eit miljø. Det er ei oppgåve eg kjem til å ta veldig seriøst. Eg trur at om eg gjer arbeidet grundig og skapar kvalitet i det musikalske arbeidet, vil det bli eit miljø kring musikken som opner dørene til kyrkja både for publikum og for utøvarar. Det vil eg gjerne bidra til.

- Eg er òg oppteken av samarbeid – med det rike musikklivet i Bergen. Dette handlar ikkje berre om domkyrkja, men om alle kyrkjene, nettopp miljøet, i sentrum. Det er mange rom å fylle, svarer Almenning.

Som ikkje utelukkar at han får fart under vingene – over tid.

- Først og fremst tek det tid å meistre å dirigere, og etter at eg har opphalde meg eit par år kvar plass dei siste åra, har eg innsett at Eby sin måte å vere på kan vere verd å følgje. Eg veit nok ikkje om eg står i jobben i 38 år. Men i augneblikket er det ein freistande tanke å finne roen her.


Bergen Domkor held sine lanseringskonsertar dei to førstkomande helgar i Bergen.
Fredag 6. november 19.30: Bergen Domkor og Bergen Bachsolister med Bach-kantate BWV 98 "Was Gott tut, das ist wohlgetan", BWV 109 "Ich glaube lieber Herr, hilf meinem unglauben" og BWV 188 "Ich habe meinem Zuversicht".

Søndag 15. november klokken 19.30 framfører koret verk av Mendelssohn, Mäntyjärvi og Schnittke.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no