Foto: Steve J. Sherman

Avlyst turné

Bergen Filharmoniske Orkester skulle denne helga ha gjennomført to konsertar i Nord-Italia, men held fram finanskrisa som årsak til at turneen er avlyst.

I desember fekk Bergen Filharmoniske Orkester beskjed om at Festival Pianistico Internazionale de Brescia et Bergamo ikkje lenger hadde økonomi til å la orkestret delta på festivalen deira.

Orkester hadde opphavleg to konsertar under festivalen, som skulle vore avvikla i Bergamo og Brescia førstkomande søndag og måndag.

- Eg reknar med at festivalen har mista ein eller fleire av sponsorane sine på grunn av finanskrisa, og at det difor vart umogleg for dei å gjennomføra heile programmet, seier informasjonssjef i BFO, Henning Målsnes til Ballade.

På programmet sto musikk av Wagner og Nielsen, samt Griegs klaverkonsert i a-moll med Håvard Gimse som solist. Konserten vart gjennomført i Bergen førre torsdag, medan orkestret denne helga turnerer i Sogn og Fjordane i staden for i Lombardia-regionen.

Vil det vera aktuelt for dykk å halda kontakt med festivalen i Italia?

- Vi kjem heilt sikkert til å kontakta festivalen også i framtida. Orkestret har vore der tidlegare, for mange år sidan, og vi meiner absolutt det er ein interessant festival å vera på, seier Målsnes.

Som legg til at dette heldigvis ikkje var den einaste turneen for orkestret denne sesongen.

- Rett før påske gjennomførte vi ein turné til England og Sverige. Den vart vellukka, og våren 2011 kjem nok ein omfattande turné. Då held vi i alt 11 konsertar, mellom anna i Göteborg, Berlin, Wien og München, seier Målsnes.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no