Utlysning av pris

1. juni er fristen for å foreslå kandidatar til Egil Storbekkens musikkpris.

Prisen er oppretta til ære for musikaren, komponisten og kulturberaren Egil Storbekken og har som mål å fremme av interessa for, og utbreiinga av dei eldre folkemusikkinstrumenta i norsk folkemusikk og Egil Storbekken sin musikk.

Musikkprisen er på kr 25.000,- samt et verk av biletkunstnaren Helga Drude Storbekken.

Prisen er nasjonal og kan gjevast til aktuelle kandidatar frå heile landet.

Den kan gjevast:

- utøvarar som har gjort ein ekstraordinær innsats for formidlinga av dei eldre folkemusikkinstrumenta.
- utøvarar som har gjort ein spesiell innsats for formidlinga av tussefløyta og musikk knytt til instrumentet.
- utøvarar som særlig legger vekt på framføringa av Egil Storbekkens musikk.
- utøvarar som har vist spesielle evner i framføringa av musikk på eldre folkemusikkinstrument.
- komponistar som skaper ny musikk for eldre folkemusikkinstrument.
- for utvikling av gode instrumenter innafor eldre folkemusikkinstrument.

Prisen vert delt ut i setergrenda Orvdalen i Øversjødalen i Tolga kommune, tirsdag 27. juli 2010.

Tidlegare år har prisen gått til Geir Egil Larsen, Verdal (2006), Leif Løchen, Vågå (2007), Magnar Storbækken, Tolga (2008) og Steinar Ofsdal, Oslo (2009).

Tolga kommune, Norsk Lur- og bukkehornlag, Tolga-Os Sparebank og NOPA står bak Egil Storbekkens musikkpris

Forslag til kandidatar kan sendast komiteen for ”Egil Storbekkens Musikkpris” innan 1. juni 2010.

Egil Storbekkens musikkpris
c/o Jørn Simenstad
Bølerskrenten 9
0691 Oslo

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Mer i MICs bransjeregister


Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no