Foto: Helge Skodvin

Kunsten som premissleverandør

Festspillene i Bergen opnar i morgon. På festivalen sine heimesider skriv Per Boye Hansen om kunsten som bidragsytar for korleis menneske tenkjer, føler og ser på dei store spørsmål.

I eit innlegg som vart halde under ein diskusjon om forholdet mellom kunst og samfunn, skriv direktøren mellom anna at motstanden mot statsstøtta kunst har auka parallelt med auka løyvingar i kulturlivet, og at ein lyt ta denne situasjonen på alvor.

- Det dummeste vi kan gjøre er å stigmatisere motstanderne til å tilhøre den ytterste politiske høyrefløy eller til det som også kalles for Fremskrittspartiet, skriv han mellom anna.

Snarare bør ein oftare diskutera kva kunst er, hevdar direktøren – og ikkje minst spørja seg om kva kunst betyr for oss som lever i dag, og kva rolle den kan og bør spela i framtida.

Konkrete svar på kva kunst er i dag leverer han ikkje, men han påpeikar at kunsten har gitt oss vesentlige bidrag til menneskelig erkjenning, oppleving og kommunikasjon, og at den har vore premissleverandør for korleis me tenkjer, føler, oppfattar oss sjølve og kvarandre.

- Uten kunstens bidrag ville det meste fortone seg grått, likegyldig og meningsløst, skriv Per Boye Hansen i artikkelen som kan lesast her.

Arrangørar av diskusjonen var Studentersamfunnet i Bergen.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Mer i MICs bransjeregister


Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no