FIB: Formidling i mange former

Kva kan gjerast for å formidla klassisk musikk for eit moderne publikum? Rektor Eirik Birkeland ved Noregs musikkhøgskule erkjenner at institusjonane har eit ansvar.

Av Ida Habbestad, Bergen

Klassisk musikk er skulda for å ha komme i bakevja og mange opplever forma som stiv og distansert. Er det form eller innhald det er noko gale med, eller begge deler? Eller er det kanskje publikum?

Desse spørsmåla var utgangspunkt for ein debatt under Festspillene i Bergen søndag. Komponist Henrik Hellstenius leia diskusjonen, der representantar frå Noregs musikkhøgskule, Sunkissed og Nordiske musikkdager deltok – alle med ulike røynsler frå arbeid med musikkformidling.

Peter Bruun i Dansk Komponist Forening og kunstnarleg leiar for Nordiske musikkdager 2010, formidla sine tankar om musikkformidling som om form. Han presenterte arbeidet med årets musikkdagar og la vekt på den sosiale og pedagogiske ramma kring arrangementet, der ein skal samla konsertane til eit lokale for kvar av dei fire festivaldagane, aldri ha konsertar som varer lenger enn ein time, presentera all musikken direkte frå scena, og elles leggja til rette for at arrangementet vert sosialt gjennom lange pausar med høve for mat og drikke.

Else Marie Okkels, pedagog frå Nordiske musikkdagar, peikte på at det ligg unytta høve for formidling i pedagogikk og at kunstnarar og pedagogar oftare burde gå i samarbeid. Hennar innfallsvinkel var arbeidet med barn i høve Nordiske musikkdager, der ho har utarbeidd eit opplegg der unge vert førebudd til konsertane og der opplevingane også vert evaluerte i etterkant. Musikkformidling handlar ikkje berre om korleis ein konkret ikler eit musikalsk uttrykk, men òg om korleis ein førebur menneska på opplevinga og legg til rette for refleksjonen i etterkant, påpeikte ho.

Ola Smith-Simonsen (DJ Olanskii/Sunkissed) arbeider i Sunkissed med klubbformatet, og var til festspela utfordra til å presentera klassisk musikk i ei slik ramme. Som Bruun peikte Smith-Simonsen på korleis innpakkinga er viktig for opplevinga. For han er oppbygginga av det musikalske viktig, men like mykje oppbygginga av det rette rommet for opplevinga – gjennom lys og andre verkemiddel. Han understreka at det har lite føre seg med desperat sjangerblanding, men at det bør vera kvalitet i alle ledd.


Kjell Tore Innervik, slagverkar og leiar av formidlingsutvalet ved Noregs musikkhøgskule, understreka at ein ved høgskulen ynskjer å stimulera alle studentar og lærarar til å tenkja på formidling. Innervik understreka utøvaren sitt ansvar, men at det er viktig at ein arbeider saman på tvers av fagfelt og kompetanse for gode resultat.


Delt ansvar?
Den vidare debatten strekte seg i ulike retningar, der ein kan konkludera ei semje om at formidling handlar både om innhald og om form.

- Men dersom vi ikke tar utgangpunkt i innholdet, hva vi faktisk ønsker å formidle, har vi tapt, sa Tor Espen Aspaas, professor i akkompagnement ved musikkhøgskulen, som understreka at han gjerne vil ureflekterte klassiske konsertprogram til livs, og at han ynskjer at utøvarane i større grad får kompetanse om dramaturgi gjennom studia ved musikkhøgskulen.

Interessante var elles ulike refleksjonar kring kven i framføringsleddet som har ansvaret for formidlinga. Peter Bruun heldt til dømes fram komponisten sin rett til å ikkje ta omsyn til publikum når vedkomande komponerer.

- Når ein komponist lagar musikk – arbeider vedkomande med noko han eller ho ynskjer å utforska, og i neste omgang kan ein håpa på at uttrykket finn gjenklang hjå nokon, sa han.

Else Marie Okkels var samd med han i dette, og påpeikte at ansvaret like mykje ligg hjå ei kunstnarleg leiing eller hjå kuratorar, som bør ha ansvaret for å opna opp for opplevingane.

Aspaas meinte den klassiske bransjen generelt – og institusjonane spesielt – har komme til kort i høve til dette.

- Den klassiske bransjen har ikke vært så opptatt av publikum, men ønsket seg et lydig publikum som klapper der de skal klappe og ellers sitter stille. Men man kan ikke isolere seg fra samtiden sin. På høyskolen har vi de siste årene fokusert på utøveres medskapende ansvar, motsatt av den reproduserende utøver. Det er heldigvis i ferd å skje noe med måten vi tenker om formidling, sa han.

Her fekk han støtte frå rektor ved musikkhøgskulen, Eirik Birkeland.

- Det er grunn til å skyte på institusjonene – som virker konserverende. Vi trenger å skape holdningsendringer her, og vi er bare i startfasen av noe. Mange orkestermusikere mener fremdeles at formidling er noe som markedsavdelingen kan ta seg av, sa Birkeland.

Spørsmålet bør stå sentralt på dagsorden for musikkhøgskulen, men òg for dei andre institusjonane, understreka han.

- Jeg er for eksempel dypt bekymret for hva Rikskonsertene gjør for formidlingen av klassisk musikk for voksne, sa Birkeland, og meddelte at høgskulen og Rikskonsertene har innleia samarbeid for å finna nye løysingar på dette.


Forsiktig formidling
- Når vi snakker om form gjør vi også mye galt. Det holder ikke at utøverne setter på seg røde klovneneser for at uttrykket skal kommunisere, sa Per Boye Hansen.

Han var med ved avrundinga av debatten, og peikte på det tosidige tilhøvet der det er lite kunnskap om klassisk musikk i deler av samfunnet og lite interesse for uttrykket i media – parallelt med tilveksten av scener, gode publikumstal og betre musikarar enn nokon gong.

Vi skal heller ikke glemme at det å spille alle Bach sine Brandenburg-konserter med et godt ensemble er god musikkformidling, sa han. – Det er absolutt et formidlingsbehov der ute, men vi må vite hva vi gjør og hvorfor. Kuratorene bør være varsomme.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no