Bildemontasje: Ballade.no

Seminar om kultur og næringsliv

- Kulturlivet slit med ei god gammal misforståing, seier Ivar S. Peersen frå Enslaved

Torsdag 30. september og fredag 1. oktober inviterer Kongsberg Jazzfestival, Buskerud fylkeskommune og den lokale verksemda Kongstanken, til sponsorseminaret Bop Business 2010 på Quality Grand Hotel i Kongsberg. Formålet med dette seminaret er å finne gode samarbeidsformer mellom næringsliv og kulturaktørar, med særleg fokus på festivalar. På heimesida til Kongsberg Jazzfestival, ytrar arrangørane von om at dette skal verte eit årleg arrangement. Dei ynskjer også at Bop Business skal verte den primære møtestaden mellom profesjonelle kulturaktørar og næringsaktørar her til lands. Programmet for seminaret består av ei rekkje foredrag, mellom anna frå sponsorsjef i DnB NOR, Jacob Lund og Marketingprofessor Hans Mathias Thjømøe frå BI.


Fleksibelt
Ein annan post på programmet er ”Trygdekontoret Live” med Thomas Seltzer i spissen. Han tek med seg ei rekkje spannande paneldeltakarar, og tema for seansen er sjølvsagt sponsing og samarbeid mellom kultur og næring. Ein av paneldeltakarane er Ivar S. Peersen frå bandet Enslaved. Han har opparbeida seg gode sponsorerfaringar gjennom eit elleve år langt engasjement i Hole in The Sky festivalen. På spørsmål om gjensidig relevans, har Peersen fleire gode poeng.

- Eg trur næringslivet har mykje å lære frå kulturlivet. I kulturlivet finnast det mykje engasjement, idealisme og eigarforhold. Modellane for korleis ting er oppbygd, særskilt med tanke på promotering har mykje godt ved seg. Kulturlivet er også fleksibelt, og det let seg mobilisere enormt med ressursar.


God gammal misforståing
Tradisjonelt sett har kulturlivet slitt noko med å tiltrekkje seg sponsorar. Peersen trur dette kan endre seg gjennom gjensidig dialog.

- At kulturlivet slit med å tiltrekkje seg sponsorar, kjem nok av ei god gammal misforståing. Aktørar innanfor kulturlivet ser på næringslivsrepresentantar som A4-folk i dress, medan kulturlivsrepresentantar kanskje vert sett på som slappe dagdrivarar. Eg trur det finnast mange fordommar her, og einaste måten å få bort desse på er gjennom gjensidig dialog.

Del artikkelen på:
                    |     Mer
Bildemontasje: Ballade.no

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no