Einstemde svar

- Før Spotify starta opp, hadde vi tre gongar så stor omsetnad frå sal på nettet. Vi har tapt mykje på Spotify si kampanje mot piratkopiering. Vi vil ut no, seier Jan Paulsen frå Major Studio.

Heller ikkje selskapa Rune Grammofon eller Grappa har endra syn på Spotify etter at streaming-tenesta sin Europa-sjef har latt seg intervjue i fleire norske media denne veka, mellom anna i Ballade.


LES: Spotify til Ballade 1 og 2


Tidlegare denne veka uttalte Spotify til Ballade at dei verken vil kutte ned repertoaret på gratisvarianten, eller gi artistar valmoglegheit til å utelukkande legge musikken sin på Spotify Premium. Dette tærar på tolmodet til fleire av dei små, norske plateselskapa. Erik Amundsen frå Grappa seier at utbyttet frå Spotify er forsvinnande lite, og at dei ikkje har noko ynskje om å fornye avtala med streaming-tenesta.

- Det økonomiske utbyttet vi får frå Spotify er heilt marginalt, og det står ikkje i samsvar med tal på låtar som vert streama. Korleis skal ein rettferdiggjere å legge ut musikken sin på Spotify slik det ser ut no? Då seier ein jo at produktet er gratis!

Vil satse på kvalitet
Rune Kristoffersen frå Rune Grammofon har også sett seg lei på vilkåra frå Spotify, og seier det er store sjansar for at han trekk seg ut frå Spotify ved slutten av året. Han har heller ikkje noko tru på at Spotify kan verte lønnsamt for mindre selskap etter kvart.

- Nei, eigentleg ikkje. Men vi er uansett eit nisjeselskap som er meir opptekne av format som LP og CD, som kan betre lytteopplevinga for den kritiske lyttaren. Streaminga kan ikkje tilfredsstille dei lyttargruppene som krev større lydkvalitet.


Skryt til Wimp
Også Jan Paulsen frå Major Studio vil trekke seg frå Spotify ved utgangen av året, og har allereie byrja prosessen. Han har ikkje tolmod til å vente å sjå om tenesta veks seg lønnsam.

- Før Spotify starta opp, hadde vi tre gongar så stor omsetnad frå sal på nettet. Dette betyr at vi har tapt mykje på Spotify si kampanje mot piratkopiering, men vi vil ikkje finne oss i det lengre. Vi vil ut no. Wimp har derimot ei løysing som fungerar, og som er mykje meir fordelaktig.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

2 lokale kommentarer til denne artikkelen

 

 
 
HVEM ER JAN HARALD HANSEN?
Skrevet 11.09.2010 18:42 av Jan Paulsen

Jeg heter Jan Paulsen, og det er jeg som er sitert.
Fantastisk!

Svar på kommentar

 
 
BALLADE BEKLAGER
Skrevet 11.09.2010 19:25 av Tellef Øgrim

Hei, og takk for korreks. Artikkelen er nå rettet. (Ballade hadde opprinnelig kommet i skade for å kalle Jan Paulsen for Jan Harald Hansen. Det er nå rettet opp.)
Hilsen Tellef Øgrim, redaktør Ballade.no

Svar på kommentar


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no