Musikk frå eit parallelt univers

Torsdag 23. og fredag 24. september inviterer Bergen Filharmoniske Orkester til urframføring av Rolf Wallin sitt nye verk «Manyworlds» i Grieghallen. Det er basert på ein ufatteleg teori.

- Den totale frihet er fantastisk, men man sitter også i et konstant dilemma: Hvorfor er ett valg bedre enn et annet? Nøyaktig hvor går musikken fra der den er akkurat nå? Dette minner meg om den ufattelige Many-world-teorien», seier Rolf Wallin i ein pressemelding.

Wallin sitt nye verk «Manyworlds», hentar inspirasjon frå Hugh Everett sin kvantefysiske teori, Many-worlds interpretation. Her tenkjer ein at det finnast uendeleg mange parallelle univers, der dei tinga som kunne skjedd i vårt eige univers, men som på bakgrunn av val ikkje skjer, faktisk skjer. Med andre ord tenkjer Wallin seg mellom anna eit parallelt univers der Hitler vann 2. verdskrig, og eit parallelt univers der melkevegen ikkje eksisterar.


Ta det med ro, du er gift
- Det er nok mange som går rundt og spør seg selv: «Hvordan hadde livet mitt vært dersom den jeg fridde til hadde sagt ja?» Ta det helt med ro, det finnes i følge «Manyworlds» en masse univers der dere er gift, og formodentlig en masse univers der dere er skilt igjen.

I konsertprogrammet frå Bergensfilharmonien fortel Wallin om Many-worlds teorien, samt om korleis denne har inspirert han til å skrive verket «Manyworlds», der han arbeider med mange «musikker» som alle inneheld frøet til andre «musikker» i stykket. Om dette verkar noko innfløkt, kjem Wallin sjølv til Grieghallen for å halde konsertforedrag torsdag kl. 18.30. Her vil han truleg forklare nærmare korleis kvantefysikk og komposisjon heng saman.

«Manyworlds» er eit bestillingsverk frå Bergen Filharmoniske Orkester, i samarbeid med Helsinki Filharmoniske Orkester, NDR Sinfonieorchester i Hamburg og Kulturrådet. Urframføringa vert også spela inn av NRK2, så om ein ikkje kjem seg til Grieghallen, er det mogleg å høyre konserten på radio 18. oktober.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no