Foto: Stian Andersen

A-ha konferanse og utstilling

Onsdag 20. oktober vier dei lærde ein dag til å dissekere norsk historie sitt største pop-fenomen.

I 1985 skreiv A-ha pop-historie. Ikkje berre vart dei den fyrste, men også så langt den einaste norske gruppa som har nådd toppen av den prestisjefylte amerikanske Billboard-lista. Som om ikkje dette var nok, slo også gruppa til med ein av historia sine mest omtala musikkvideoar.


Stor betyding for norsk musikk
”Take On Me”, singelen med den rare teksten, spreidde seg som eld i tørt gras. Dette var starten på A-ha si omfattande internasjonale karriere.

- ”Take On Me” viste for fyrste gong at det var mogleg for eit norsk band å slå gjennom internasjonalt. Popmusikk handlar mykje om å lage gode melodiar, noko som kanskje ikkje hadde vore fokus for norske band. Eg trur denne låten har hatt stor betyding for norsk musikk, seier Trond Valberg, som skal halde foredraget "The Song that changed everything: A phenomenological analysis of “Take On Me”" på onsdag.


Utstilling og konferanse
25 år etter gjennombrotet, har A-ha no valt å avslutte si felles musikkarriere. Dette ynskjer Nasjonalbiblioteket å markere med utstillinga ”Hunting High and Low: A-ha gjennom 25 år”. I samband med utstillingsopninga onsdag 20. oktober, presenterer Nasjonalbiblioteket, i samarbeid med MIC, konferansen ”Living a Boy`s Adventure Tale: musikal interactions in the decades of postmodernism”. Gjennom forsking og analyse, søkjer denne konferansen å belyse forskjellege periodar i bandet si karriere. Musikkamanuensis Trond Valberg, skal fokusere særskilt på hit-låten "Take On Me" i sitt foredrag.

- Kva trur du er grunnen til at ”Take on me” vart så populær?

- Den er rett og slett eit godt eksempel på popmusikken frå 80-talet. For å sette låten i historisk perspektiv, representerer den lyden av England på denne tida. Påverkingar var til dømes Human League og Soft Cell, som allereie hadde blitt internasjonale superstjerner innan synthpop-sjangeren, som også A-ha høyrer til. Elles er låten prega av godt handverk. A-ha var ikkje innovative med tanke på stil, men dei hadde sin eigen stil.


Konferansen finn stad på Nationalbiblioteket 20. oktober frå kl 9.00 til 15.00. Foredragshaldarar er Larissa Bendel, Stan Hawkins, Andy Linehan, Jan Omdahl, P.A. Stenersen og Trond Valberg. For meir informasjon, sjå mic.no

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no