Google lanserer streamingteneste - i India

Google vonar nytt initiativ vil hjelpe indiske plateselskap i kampen mot piratkopiering og ulovlege nedlastingar.

Trass i uklarleikar, har rykta lenge svirra kring søkjemotoren Google si nye musikkteneste Google Music. Fredag landserte imidlertid Google delar av denne tenesta i India, under namnet Indic Music. Tenesta tillet brukaren å søkje på fleire hundre tusen spor av lovlege streaming- og nedlastingsfiler.


Felles database
Prosjektet er eit samarbeid mellom Google, musikknettsidene Saavn og In.com, samt det indiske plateselskapet, Saregama. Google fungerer no som ein felles database for samarbeidspartnarane sin musikk.

- When Web users in India type a song into Google’s search bar, the top links in response would be from Google’s partners, including India’s largest music label Saregama India Ltd., New York-based media company Saavn, and web portal In.com. Clicking on a link will launch a pop-up music player where the requested content will be streamed for free, skriv The Wall Street Journal.

Den globale interessa for indisk musikk har auka stort dei siste åra, men piratkopiering har ramma marknaden hardt. Trass i dette, forventar ein at den indiske musikkmarknaden vil vekse dei kommande åra. Kanskje Google kan bidra til veksten?

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no