Lars Vaular er ein av dei som skal diskutere songtekstar i Bokprogrammet.

Songtekstar under lupa

Bokprogrammet skal på tysdag ta for seg songtekstane til blant andre Lars Vaular og Bjørn Eidsvåg.

Tysdag vert det i Bokprogrammet på NRK2 diskutert korleis songtekstar kan uttrykke kjensler og sinnsstemningar i eit banalt språk, og korleis dei trass i språkbruken ofte kan treffe oss mykje hardare enn til dømes dikt. For å sette søkjelys på dette, har Bokprogrammet invitert Bjørn Eidsvåg og Lars Vaular til diskusjon. Sistnemnde deler også tankar kring temaet med Ballade.

- I Bokprogrammet skal de dele kodane for korleis ein kan skrive gode tekstar. Men kva kan eigentleg seiast å vere ein god tekst?

- Det er vel ein tekst som skaper ein eller annan reaksjon hjå lyttaren. Dette kan vere både individuelt og situasjonsbetinga. Eg er glad i tekstar som kan bety fleire ting på ein gong. Ofte er det er ikkje så viktig kva forfattaren meiner med teksten, så lenge lyttaren tolkar og får noko ut av den, seier Lars Vaular.

- Korleis går ein fram om ein skal skrive ein god tekst?

- Eg trur det er viktig at teksten kjem ut frå ei genuin kjensle. Eg er til dømes mest glad i personlege tekstar. Ein tekst kan også bli god på grunn av samspelet med musikken, og alle tekstar treng ikkje vere så avanserte eller djupe, for formidling har i mange tilfeller mykje å seie.

Les også: Teksten som kan gjøre alt

Ut på vegen
I tillegg til Eidsvåg og Vaular, har også bokprogrammet teke turen ut på vegen for å snakke med andre artistar. Ein av destinasjonane er Nord-Sverige, der singer/songwriter Annika Norlin bur. Norlin er kanskje best kjend under artistnamna Hello Saferide, og Säkert. Under desse namna lagar ho musikk både på engelsk og på svensk

Bokprogrammet har også møtt Odd Nordstoga heime i studioet hans på Lambertseter. Her snakkar om kva teksten betyr for han, samt om det å synge på dialekt. Lars Vaular syng også på dialekt, og har ei klar oppfatning av kvifor norske songtekstar har vorte så populære i det siste.

- De siste åra med nye artistar og norskspråklege tekstar er ein motreaksjon på mange år utan ung norskspråkleg populærmusikk. Unge artistar med tydleg personlegdom har ikkje skrive på norsk på lenge. Når nokre av desse byrja å skrive norske tekstar att, vart det jo lagt merke til. Dessutan trur eg også publikum bryr seg meir om tekstar dei forstår, og lettare gjer seg opp ei meining om desse.

NRK2 tysdag 9. november kl 21.30. Bokprogrammet: Sangtekster. Reprisetider finn ein her.

Del artikkelen på:
                    |     Mer
Lars Vaular er ein av dei som skal diskutere songtekstar i Bokprogrammet.

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no