Bildet er fra Jo Strømgrens forestilling 'Årstidene'.
Foto: operaen.no

Operahistorien mellom to permer

Etter om lag fem års arbeid av landets fremste ekspertar, er endeleg Noregs opera og balletthistorie samla mellom to permar. Minst ein etablert sanning viser seg å vere feil, sier hovudredaktøren.

Trass i at det vart oppført opera i Noreg allereie på 1700-talet, har aldri norsk opera og balletthistorie vorten samla inn og skriven ned før. «Norges opera og balletthistorie» er eit samarbeid mellom Den Norske Opera, Norges musikkhøgskole, Balletthøgskolen og Nasjonalbiblioteket.

Kompleks historie
Med tanke på at Noreg ikkje hadde ein nasjonal opera før i 1958, har ikkje denne kunna fungert som ei ramme for den norske operahistoria. Norske operakomponistar har også ofte gjort karriere utanlands, og relativt uavhengig av det norske musikkmiljøet. Dette har bidrege til at den norske opera og balletthistoria har vore utfordrande å samle.

Dette kjem også fram når Ballade stiller Arvid Vollsnes, hovudredaktør for boka, eit lite, historisk spørsmål. I omtalen av boka står det nemleg at den fyrste operaen kom til Noreg i 1749, noko alle musikkhistorikarar har teke for god fisk sidan. Etter å ha arbeidd med denne boka, har likevel Vollsnes kome fram til at dette ikkje kan stemme.

- Korleis vart operaen motteken når den kom til Noreg i 1749?

- Den kom ikkje! Alle har trudd at den fyrste operaen kom til Noreg i 1749, men det kan berre ikkje vere riktig. Han som skreiv om dette fyrst må ha misforstått, ei misforståing som har fylgt historia vidare. Eg er faktisk litt usikker på når den fyrste heile operaen vart oppførd. Mange vart sunge, eller scenisk framførde i delar, ei akt, eller nokre scener. Men heile operaer vart oppført mot slutten av 1700-talet. For å gå attende til mottakinga, så var jo opera veldig populært på 1800-talet. Folk gjekk mann av huse for å få med seg dette. Dei mest populære ariane vart også spelt overalt, av både militærkorps og på kafear og liknande. Men den fyrste norske operaen, eller syngjespelet kom i 1825. Det var Waldemar Thranes «Fjeldeventyret».


Fokus på det visuelle
I tillegg til avsløre feil i historieskrivinga, kan også «Norges opera og balletthistorie» by på ei rekkje andre viktige aspekt ved praksisen i Noreg. Trass i at boka inneheld mykje historier og anekdotar, kan Vollsnes fortelje at det også var rom for eit kritisk blikk.

- Det er heilt klart at boka inneheld mange beskrivingar og forteljingar, men desse er jo også fortalt med eit kritisk blikk. Det er mellom anna også skrive kritisk om kva dei forskjellege operasjefane har betydd, og kva dei skiftande institusjonane og deira omgivnadar har hatt å seie.

- Kva rolle spelar den norskproduserte musikkdramatikken i norsk operahistorie?

- Det har vore nokre operaer som har utmerka seg, som til dømes Gisle Kverndokk sin «Jorda rundt på 80 dager», eller Edvard Fliflet Bræin sin «Anne Pedersdotter» som vart uroppført på Den Norske Opera i 1971. Sistnemnde er nok det nærmaste Noreg kjem ein nasjonalopera, den er rett og slett ein genistrek. Men i boka er det nok meir fokus på forestillingane, som er dokumentert gjennom det visuelle. Boka inneheld difor store mengder vakre fotografi, så diskusjonane om musikkdramatikkens utvikling, om komponistar og verk, vart ikkje teke med i den bredda vi tenkte i byrjinga.


Store, viktige kunstformer
Frå feiltolka historie frå 1749 til det nye operahuset; den nye boka er innom det meste. Vollsnes vonar boka vil få betydning for opera- og ballettmiljøet i Noreg.

- Eg vonar den kan bli lest og forstått av mange. Både opera og ballett er store, viktige kunstformer, men dei har tidvis hatt dårlege vilkår i Noreg. Ballettmiljøet til dømes, var lenge lite, og strevde med å få status frå kunstnarar og publikum utanfor miljøet.

Del artikkelen på:
                    |     Mer
Bildet er fra Jo Strømgrens forestilling 'Årstidene'.

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no