Debutant med årets plate

Frida Ånneviks ”Synlige hjerteslag” vart nyleg kåra til årets beste plate av NRK P1s "Norsk på Norsk".

Då "Norsk på Norsk" oppsummerte eit sterkt norskspråkleg plateår, kom kritikarrosa artistar som Odd Nordstoga og Bjørn Eidsvåg høgt opp på lista.

Den gjevaste plasseringa var det likevel debutanten Frida Ånnevik som stakk av med. Albumet hennar ”Synlige hjerteslag” vart omtala som ”årets store albumoverraskelse” då det vart lansert i byrjinga av november.

Ånnevik vart også nyleg tildelt den nyoppretta debutantprisen ”Lyspunktet” av tekstforfatterforbundet, samt ein 14. plass på Dagbladet si oversikt over årets beste album. Platekontrakten hjå Grappa vann ho via Grappas Debutantpris i 2009.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no