På heimekontoret til Marit Karlsen og Trust Me Records.
Foto: Sigrun Åland

Tilbake til utgangspunktet

- Eg ser lyst på framtida, trass i at optimismen ikkje akkurat rår kvar bidige dag, seier Marit Karlsen. Ho har tiårsjubileum for eikvinneselskapet Trust Me Records.

Marit Karlsen og plateselskapet Trust Me Records kunne i oktober år feire ti år i musikkbransjen. Det tilbakelagde tiåret har ikkje vore heilt uproblematisk, og digitalisering, piratkopiering og låge salstal har dytta utallege småaktørar av bana. Karlsen debuterte som plateselskapsinnehavar kort tid etter at fildelingssida Napster vart lansert i 1999. Allereie då var det tydleg at noko var i gjerde, men så tidleg var det likevel få som greidde å spå nøyaktig kva som skulle komme til å skje med platebransjen. For å få eit perspektiv på omveltingane dei siste åra, vitja Ballade Marit på heimekontoret hennar på Bislett.


Dramatiske endringar
- Platesalet har jo endra seg dramatisk, men også mediebiletet. Då eg byrja var det mykje større fokus på aviser og spalteplass. Det var lettare å få norsk musikk på radio, og mange norske plateselskap fekk omtale i media. Å få omtale i ei papiravis er ikkje så innmari viktig lengre, og det er ikkje her ein hentar musikkstoffet sitt. Radioen er vorten strengare, og eg tykkjer playlistesystemet har vorte gammaldags. Det er mykje meir konservativt over heile linja, og det er trist. Speling av variert norsk musikk genererte ikkje berre pengar, men også kulturell aktivitet og interesse for ukonvensjonelle uttrykk. Samanlagt med sviktande platesalg, er vi no difor i ein farlig situasjon. Digitalisering og internett representerer likevel dei største endringane.


- Framtida er streaming
Forbrukeren Karlsen tykkjer Spotify er ein genial ide. Utgivaren Karlsen er meir betenkt.

- Når eg ser på kva eg får i streamingtal, tenker eg at dette går jo ikkje! Det må vere ei inntekt om hjula skal gå rundt for alle. Det som er utrulig viktig no, er at den uavhengige bransjen går saman og set harde krav mot Spotify slik at vi får ei avtale vi kan leve med. Framtida er streaming, og får vi ikkje dette til er fleire ledd i bransjen kjørt. Om ikkje avrekningsforholda endrar seg trur eg mange trekk seg ut 1. mars, og eg vurderer også dette.


Romantikar
Marit kan fortelje at nokre av dei større musikkbruksinntektene den siste tida har kome frå TV2 og deira reportasjeverksemd. Ho vedgår at ho nok både er romantisk og idealistisk.

- Ja, no opplever eg at eg er litt attende til utgangspunktet med tanke på å vere romantisk og idealistisk. Eg risikerer i endå større grad min personlege økonomi, og gjer andre ting ved sida av for å finansiere Trust Me Records. I denne bransjen er ein gjerne litt romantisk, elskar musikk, er idealist men også kanskje litt naiv til tider. Det er vanskelig å trenge gjennom det strømlinjeforma etablissementet.

Trust Me Records-artisten Lucy Swann og låten "Fashionably Late"

Original identitet
Trass usikre økonomiske rammer, ligg ikkje Marit på latsida. Ho viser entusiastisk fram sine nye band Töcksfors og Sacred Harp, og fortel at ho også skal jobbe vidare med Maria Due og Lucy Swann det kommande året. Trust Me Records huser mange forskjellege musikalske uttrykk, og Marit fortel at det er her noko av identiteten til selskapet ligg.

- Sekkenemninga ”alternativ” gjer seg jo gjeldande i Trust Me, og det blir litt for smalt for meg å berre ha til dømes pop, elektronika eller rock. Eg er glad i å overraske litt, som til dømes med Adjagas. Sterk originalitet er noko som kjenneteiknar alle utgjevnadane til Trust Me.

- Men korleis finn du fram til artistane dine, og korleis er utveljingsprosessen?

- Det er alltid veldig forskjellig. Når det gjeld Töcksfors til dømes, var det ein venn som tipsa meg. Han visste at det var min kopp te, og ganske riktig! Rockettothesky fann eg i posten med eit veldig hyggeleg brev. Då eg høyrde på demoane hennar tenkte eg: Shit, dette er jo heilt spesielt. Eg spelte dei på repeat eit par dagar før eg ringde ho. The Mormones derimot såg eg på ein konsert, og gjekk eg rett bort etterpå å spurde om vi ikkje kunne gjere noko saman.


Salsstrategiar
Små plateselskap som til dømes Rune Grammofon har i seinare tid fokusert på eksklusivitet som eit salsfremjande tiltak. Marit utelukkar ikkje at ho kjem til å freiste liknande strategiar.

- Det kjem an på bandet. Med nokre band kan ein spele på eksklusivitet, men det fungerer ikkje nødvendigvis på nye, ukjende band. Eg tenkte kanskje litt meir på eksklusivitet i byrjinga, men har ikkje gjort det i det siste. Godt mogleg at eg tek nokre slike grep til neste år.


Til å stole på
For å oppsummere ti år i platebransjen, spør Ballade Marit om ho kan nemne nokre av dei største lærdommane ho har gjort seg, samt kva ho ikkje kjem til å gjere igjen. Ikkje overraskande, har oppgåvene hennar endra seg mykje sidan oppstarten.

- Eg har definitivt gjort mange feil, men også lært av dei. I byrjinga til dømes, gav eg ut alt for mange plater. Andre gongar har eg gitt ut ting eg ikkje har vore heilt overbevist om. Det viktigaste eg har lært er å ha orden i sakene. Det må eg jo også ha, for eg heiter trass alt Trust Me. Elles er det viktig å ikkje la seg knekke kvar gong ein møter motgang. Det er også klart at dei praktiske oppgåvene mine har endra seg mykje i løpet av ti år. Eg snakkar mykje mindre i telefon, betalar mykje mindre porto, og treng nesten ikkje fysisk lagringsplass lengre. Digitaliseringa har definitivt ført med seg store endringar. Eg ser lyst på framtida, trass i at optimismen ikkje akkurat rår kvar bidige dag.

Del artikkelen på:
                    |     Mer
På heimekontoret til Marit Karlsen og Trust Me Records.

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no