Ulovleg nedlasting ned blant unge

BI si undersøking ”Kulturkonsum i krisetid” viser vekst i streamingtenester, vekst i betalt nedlasting av musikk, samt vekst i ulovleg nedlasting av musikk.

- Det foregår en "spotifysering" av musikkforbruket i den forstand at streamingtjenester nå har den største andelen brukere av de digitale musikktjenestene. Videre finner vi også en vekst i andelen som benytter betalt og gratis nedlasting av musikk, der gratisbruken fremdeles er størst, seier prosjektleiar og professor Anne-Britt Gran i ei pressemelding.


Kontinuerleg vekst
”Kulturkonsum i krisetid”, viser ikkje overraskande kontinuerleg vekst i streamingtenester. 14 prosent av Spotifybrukarane seier at dei nyttar abonnementsversjonen, eit tal som ikkje har endra seg sidan førre undersøking vart offentleggjort hausten 2009.

Bruken av betalt nedlasting har også gått opp, frå 16 prosent i november 2009 til 23 prosent i juni 2010.


- God nyhet til bransjen
Bruken av gratis (og i hovudsak ulovleg) nedlasting av musikk har gått opp frå 22 – til 26 prosent i løpet av same tidsperiode. Det finnast likevel ei positiv utvikling her. Innafor aldersgruppa 15-29 år er det 41 prosent som bruker gratisnedlasting, noko som viser ein nedgang på to prosentpoeng frå hausten 2009, og ein nedgang på åtte prosentpoeng frå våren 2009.

- Den ulovlige nedlastingen går opp totalt sett, men ned i befolkningen under 30 år. Det er i hvert fall en god nyhet til bransjen, seier Gran til NRK.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no