Svendsens tredje symfoni?

Representantar frå Musikkarvprosjektet er godt i gang med å rekonstruere ca 100 sider med noteskisser funne blant Johan Svendsens papir.

Hausten 2007 sette norske dirigentar søkjelys på tilstanden til notematerialet frå sentrale norske komposisjonar. Grunna dårleg trykk, papir som går i oppløysing, skrivefeil eller vanskeleg leseleg handskrift, har norske og utanlandske orkester og musikarar støtt på hindringar. Dette fekk MIC Norsk musikkinformasjon, Norsk Komponistforeining og Nasjonalbiblioteket til å initiere det såkalla Musikkarvprosjektet. Leiarar for prosjektet er Arvid Vollsnes og Ståle Wikshåland frå Institutt for Musikkvitskap, samt Tore Simonsen frå Noregs Musikkhøgskule.


Mest mogleg tru mot komponisten
I haust starta arbeidet for fullt, og målet for prosjektet er at notematerialet til den klassiske norske musikken skal takast vare på og gjerast tilgjengeleg. Morten Christophersen er stipendiat på Musikkarvprosjektet, og nett no arbeidar han med å bearbeide, samt arrangere delar av skissene til noko som kan vere Johan Svendsens tredje symfoni. Skissene skal framførast av Bergen Filharmoniske Orkester i februar 2011.

- Eg har tatt for meg eksposisjonen og codaen i 1. sats – altså ca 6-7 minutter. Det gir et godt bilde av satsens karakter selv om mye mangler. Jeg prøver å vere så Svendsen-tro som mulig i mine bearbeidinger og etterligner hans stil, seier Christophersen på nettsidene til Institutt for musikkvitskap.


Rekonstruksjonen av delar av symfonien kan høyrast for fyrste gong i Bergen 9. februar.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no