Kjell Tore Innervik
Foto: Sigrun Åland

Barnsleg leik på høgskulenivå

Instrumentprosjektet «Migrant in the New» er basert på nyfikenheit, eksperimentering, samt ei rekkje objekt meir eller mindre eigna for musisering.

Måndag lanserte perkusjonist og førsteamanuensis ved Musikkhøgskulen Kjell Tore Innervik sin nye CD/DVD «A Migrant in the New». Musikken på CD-en er resultat av eit samarbeid med førsteamanuensis i musikkteknologi, Mats Claesson. Her eksperimenterer Innervik med ei rekkje materiale og deira klanggrunnlag, medan Claesson tilpassar musikken til CD-formatet, samt forsterkar og forvrenger materialet sine lydar.


NIME
«NIME» er kort for «nye instrumenter for musikalsk ekspessivitet», og er også namnet på Innervik sitt utviklingsprosjekt på NMH. Bakgrunnen for prosjektet er nyfikenheit kring kva som kan definerast som musikkinstrument. I praksis skapast dermed musikken ved hjelp av materiale som tre, glas, stein, metall og eigen kropp.


Utfordraren
Innervik søkjer å sprengje grenser både for seg sjølv, og ikkje minst for publikum. NIME-instrumenta har vist seg å passe godt til dette formålet.

- Eg er jo utdanna slagverkar frå musikkhøgskulen, og er difor grunnleggande interessert i nye lydar. Det å eksperimentere med nye materiale og speleteknikkar er veldig morosamt, så difor har vi gjennomført dette prosjektet. Vi har verkeleg fått utfordra oss sjølve på kva musikk kan vere, og på korleis ein kan få til kule ting med utradisjonelle hjelpemiddel.

- Er du komen noko nærmare definisjonen av eit musikkinstrument?

- Nei tvert om. Eg er vel heller mykje lengre frå vil eg seie. Kva kan ein ikkje bruke som eit instrument då? Ein byrja ein gong med to steinar, si eiga stemme og sin eigen kropp. Etterkvart har ein funne alternative metodar, og det er ingen grunn til å stogge utviklinga.


Kunstnarisk portrett
DVD-en som også er ein del av prosjektet er laga i samarbeid med Lavasir Nordrum. Denne fungerer som eit portrett av Innervik og hans kunstnariske verksemd. Både CD-en og DVD-en inneheld verk av David Bratlie, Øyvind Torvund, Rolf Wallin, Ragnhild Berstad, Erik Dæhlin og James Wood. Innervik og Claesson har imidlertid vidareutvikla det originale materialet.


Å forsterke dei små lydane
Teknologien har spelt ei avgjerande rolle i prosjektet, og repertoaret kan seiast å vere aktivt fortolka. I staden for å reprodusere verka, har Innervik og Claesson teke sikte på å medskape. Innervik forsikrar om at alle komponistane har vore overraskande positive med tanke på personlege tolkingar og improvisasjonar. I arbeidet med å tilpasse materialet til CD-formatet, har opphavsmennene omfamna dei mange moglegheitene studioproduksjon har å tilby.

- Kor viktig er det teknologiske aspektet om ein ynskjer å utforske NIME-instrument slik de har gjort i dette prosjektet?

- Teknologien er veldig viktig for å få fram dei små lydane, og for å lage ein heilskap ut av dei små tinga. Det er jo det vi eksperimenterer med, kva verkemiddel ein kan bruke for å sette saman lydane til musikk ein kan kjenne att i 2011.


Leik og workshop
I samband med lanseringa var Levinsalen på NMH sterkt prega av Innervik sine mange heimesnekra instrument måndag kveld. Fleire av dei skilte seg ut, som mellom anna kvarttonemarimbaen som Innervik har vore med på å utvikle. I tillegg viste han fram trommer, instrument laga av store trestokkar, glasskåler, samt uendelege meter med kablar.

- Korleis har du utvikla dei forskjellege instrumenta du spelar på?

- Det er for det meste gjennom workshops, slik som i dette, seier Innervik og viser fram eit massivt tømmerinstrument. - Utgangspunktet er ein tømmerstokk, og kva skal ein få ut av den? Jo då byrja ein å slå litt på den, kanskje finn ein ut at ein vil setje på andre objekt, og kanskje vil ein bore nokre hol. Så får ein etterkvart fram heilt nye moglegheiter. Det er rett og slett heilt barnsleg leik på høgskulenivå.

- Kan denne musikken opplevast live, eller er det i hovudsak CD-en og DVD-en som er verket?

- Nei, eg bruker også desse instrumenta i eigne konsertar. Plata er veldig bearbeida, og ting ligg lag på lag. Men i veke 9 skal vi ha ein konsert her på musikkhøgskulen der vi tek for oss mange av desse instrumenta, og viser fram alle dei kule tinga dei kan brukast til.

Del artikkelen på:
                    |     Mer
Kjell Tore Innervik

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no