Fra en av konsertene under Festspillene 2011. FOTO: Thor Brødreskift.

Serie med store emne

- Å kuratera konsertar er å ha respekt for tilhøyrarane, meiner Henrik Hellstenius, som står bak konsertserien Ørets teater i Bergen.

Festspillene i Bergen (25. mai–8. juni) ynskjer dette året å utforska konsertforma og samtidsmusikken, og har invitert komponisten Henrik Hellstenius til å kuratera ein konsertserie med ny musikk som utgangspunkt.

Serien, som har fått namnet Ørets teater, føyer seg inn i rekkja av Hellstenius’ arbeid med å utvida konsertforma. I 2007 arbeidde komponisten med Kringkastingsorkestret på Det Åpne Teater. I dette prosjektet vart lyttinga som fenomen problematisert, og konserten nærma seg ei forteljing i forma.

I Bergen tek han denne tankegangen vidare. I Ørets teater er scenografi, lys, video og projisering inkludert som storleikar i konsertane. Hellstenius eksperimenterer med plasseringa av utøvarane – og med teksturar i rommet. Ein dag vil det vera gras på golvet. Ein annan dag sit utøvarar og publikum kring eitt og same bord.


Auditivt teater
Musikken er uansett startpunktet, understrekar komponisten. Framsyningane nærmar seg teateret; likevel er det stadig snakk om eit auditivt teater.

- I samanhengar der musikk står saman med visuelle element, vil det visuelle som regel bli dominerande. Det kjem me nok ikkje utanom i dette prosjektet heller. Men utgangspunktet mitt er musikken som premissleverandør. Alle val er tekne ut frå det klingande. Og konsertserien er i seg sjølv eit forsøk på å utforska kva opplevingar som kan oppstå når ein let musikken vera grunnlaget, og plasserer fleire nivå oppå, forklarer han.


Les også: Oedious Rex åpner Festspillene


Graset og døden
Hellstenius har funne fram til både eigne og andre sine komposisjonar. Desse verka spinn han kring fire tema, som utgjer overskrifter for konsertane i Ørets teater.

Emna er store – og subjektive. Men eitt spørsmål er felles for alle: Korleis kan musikken utgjera ein storleik i større tema me omgjev oss med?

- Ideen til den første konserten, «Døgn/gress», oppsto etter eit seminar eg var på, der den italienske lydteknikaren og komponisten David Monacchi spelte av lyden han hadde teke opp i Amazonas. Lydane og strukturane i dette opptaket hadde fleire element til felles med nyare komposisjonar, der ein jo arbeider med ulike kvalitetar av lyd. Dette inspirerte meg til å sjå mot ei sidestilling – av musikk og natur. Ikkje for å seia at det eine er likt det andre, men for å sjå kva som skjer om me lyttar på naturen sin lyd og kulturen sin lyd parallelt i ein konsert, seier han.


Mr. G
Døden er eit anna viktig tema òg i Hellstenius si verksemd som komponist. Tidlegare har han tematisert det skjøre menneskelivet i komposisjonen «Perte de Mémoire» – Minnestap – om sjukdomen Alzheimers, og livet som går inn i ein avsluttande fase.

Under konserten, som har fått tittelen «Fire måter å dø på», vert eit anna av Hellstenius sine verk framført. Teksten til «Readings of Mr. G» er ein refleksjon over mennesket som maskinelt vesen, som ubehjelpeleg handlar på rutine: Det søv, elskar, lagar kunst og arbeider i sirklar, utan evne til eigentleg forandring.

- Dette som Mr. G snakkar om vert gjerne kalla den vesle død. Mennesket er ikkje dødt, men lever heller ikkje fullt ut, seier Hellstenius.

Hovudverket denne kvelden er likevel Gérard Grisey sin komposisjon «Quatre chants pour franchir le seuil» som i seg gjev ulike blikk på kryssinga vår av terskelen. Og konserten omfattar meir enn berre naturleg død. Claude Vivier «Wo bist du Licht» er ei slags hyllest til menneske som døyr av politiske årsaker, medan kammersymfonien til Sjostakovitsj vart skriven i ruinane i Dresden etter andre verdskrigen.


Fascinerande relasjonar
Dernest er det temaet gruppeterapi.

- Det kan sjåast som nokså trivielt i samanhengen. Korleis kom du fram til dette?

- Dette temaet kom opp på grunn av fascinasjonen eg har for komponisten Carola Bauckholt, som i fleire år har arbeidd med mellommenneskelege relasjonar i musikken. Nok ein gong er musikken i sentrum. Eg er nyfiken på korleis relasjonar kan vera utgangspunkt for og speglast gjennom musikk, svarer Hellstenius, og utdjupar:

- Mykje av arbeidet til Bauckholt har oppstått som ein konsekvens av ein materialtrøyttleik i det 20. hundreåret sin tradisjon. Dette at komponistane heile tida har søkt nye musikalske materiale som utgangspunkt for verka sine. Inntil ein altså har komme til at det ikkje nødvendigvis er eit nytt spekter musikalske strukturar som vil bringa oss vidare. Snarare ser ein til det menneskelege for å gje musikken fornya meining. Det vil sikkert komma ein ny periode, der ein er oppteken av materialet. Men nett no er ein oppteken av relasjonar, og dette ynskjer eg å belysa i denne konserten.

- Kva er du ute etter i programmeringa av alle desse emna?

- Det mest interessante for meg er å sjå kva som skjer når musikken grip ut av seg sjølv og tek tak i noko allmennmenneskeleg, som spelar med i ein slags polyfon linje. Eg førestiller meg at når lyden, dei allmennmenneskelege emna, og dei andre verkemidla i konsertane spelar oppå kvarandre, som parallelle stemmer, så oppstår det noko spesielt hjå publikum: At både musikken og emna kan forståast på ein annan måte, at betydinga vert utvida. Men nøyaktig kva som er publikum sin reaksjon, veit eg sjølvsagt ikkje, svarer Hellstenius.


Musikalske narrativ
Det siste temaet er nok eit gjennomgripande emne. «Forteljarane» er inspirert av det historiske tilhøvet mellom musikken og forteljinga, som i dei gamle greske epos som ein meiner vart lagde fram vokalt.

- Eigentleg kan ein seia at all musikk er forteljande. Sjølv det mest abstrakte stykket har eit narrativ i kraft av at menneske knyter assosiasjonar til det, anten det er snakk om at musikken skildrar abstrakte storleikar som tida, ein tilstand eller noko meir konkret. Musikk og forteljingar har alltid vore knytte til kvarandre, og slik er det naturleg å utforska dette som eit eige tema, seier Hellstenius.

Inspirasjonen til denne siste bolken kom frå ei finsk teatergruppe, som i framsyninga si hadde plassert både publikum og utøvarar kring om det same bordet.

- Eg likar slike små settingar, forklarer komponisten. - Utforskinga av det å vera nært på eit uttrykk, sjølv om ein ikkje alltid får den akustisk sett maksimale opplevinga av musikken. Nærleiken til musikarane, den direkte kommunikasjonen, har også stor verdi.


Behov for presisjon
Ideen om å kurera, forstått som å skapa rammer og sjå ting i samanheng er på mange vis eit opplagt fenomen.

- Likevel er prosjektet ditt nokså sjeldan i musikalsk samanheng?

- Dersom ein forstår kuratering som det å setja saman eit konsertprogram, skjer det heile tida. Og ein kan seia at mykje av kurateringa er kodifisert, meir eller mindre medviten. I orkestersamanheng er kurateringa kodifisert inntil det parodiske, med opningsverket, konserten, pausen og til slutt symfonien. Innan ny musikk finst noko av det same problemet: Her kan ein vera så oppteken av å få verk framført, og leggja så mykje arbeid i innøvinga at ein gløymer å tenkja program. Det finst sjølvsagt gode unntak. Men eg meiner at på dette området kan det stadig gjerast mykje arbeid. Kuratering handlar om å ha respekt for tilhøyrarane, seier Hellstenius.

Etterkvart som tilbodet av konsertar er aukande, trur han at også kravet til å vera presis, til å målbera noko, og til å leggja fleire nivå i ei programmering vil auka.

- Men det er ressurskrevjande, og det fordrar gjerne ein større institusjon for å få til eit slikt prosjekt. Løysingane er mange. Sjølv om eg tykkjer ein medviten kuratering av konsertar skjer i for liten grad, er det mange som utforskar emnet i dag. Slik sett vil eg ikkje påstå at dette er revolusjonerande. Men dette er min variant.

Del artikkelen på:
                    |     Mer
Fra en av konsertene under Festspillene 2011. FOTO: Thor Brødreskift.

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no