R'arier for en kjole, med Ruth Wilhelmine Meyer
Foto: Karl Erik Brøndbo

Underfundige R’arier

MELDING: Med framsyninga «R’arier for en kjole» syner komponist og koreograf at samtidsmusikk- og dans ikkje treng vera uhandterleg for amatørar.

Festspillene i Bergen er ein arena for dei store augneblikka: Augneblikk som når eit orkester på 200 unge musikarar frå Caracas vitjar byen, når ein etablert stjernesolist som Evgeny Kissin spelar fletta av deg i Grieghallen, eller ein komponist får samla eit solid knippe av landets samtidsensemble til framføringar av sjeldne verk.

Etter festspeldirektørens utsegn skal festspela vera eit område for presentasjon av dei viktige verka; med dei største solistane. Det kvalitetssikra skal råda – anten konserter er av stort eller lite format.


Skrik utan kontekst
Sjarmerande då – og viktig – når ikkje like bombastiske uttrykk òg kan finna plass i forma. I vårt tilfelle framsyninga «R’arier for en kjole» som nettopp har til utgangspunkt å byrja i det små.

Rett nok innleiar også dette verket bombastisk, slik fleire av verka til Synne Skouen kjem med utropsteikn i tittelen. I «R’arier for en kjole» kjem det markante standpunktet i utøvinga, gjennom eit kraftig kvin som opning, frå unge jentestemmer. Men skriket står ubesvart, utan kontekst – og får dermed tillagt eit spørsmålsteikn, slik det spørjande, opne pregar framsyninga som eit heile.


Sårbart, med fundament
Opphavspersonane, komponisten Synne Skouen, koreografen Sølvi Edvardsen og songar Ruth Wilhelmine Meyer har ynskt å involvera unge utøvarar. Dei arbeider med tilhøvet mellom kvinnestemma og jentestemmer, med ein koreografisk parallell i den modne og den unge kvinnekroppen.

Eit slikt prosjekt er potensielt svært sårbart. Ikkje berre fordi det i stor grad baserer seg på unge, nokså uerfarne deltakande, men òg av di tematikken stadig er sårbar, med mange feller å gå i. Men komponist og koreograf har lukkast skapa eit uttrykk som dei medverkande kan handtera med overtyding, og syner med det at samtidsmusikk- og dans, med alle sine uvande teknikkar, ikkje treng vera uhandterleg for amatørar. Og om framsyninga balanserer hårfint mot det banale, finn den fundamentet sitt i det forsiktige, lyttande – i ei underfundig utforsking av motsetjingar.

Framfor alt kviler framsyninga i abstrakte uttrykk. Med fråværet av ord får komponist og koreograf la uttrykka dei arbeider med møtast i likeverdig balanse. Den konkrete meininga er ikkje noko forstyrrande aspekt – korkje for opphavspersonane eller for publikum – og slik vert det fortalt fritt og utan bindingar, til mottakarar som må skapa si eiga historie – om dei vil.


Nyansert kontrast
Som i så mange kunstnarlege tilfelle er kontrasten ein byggjestein i verket. Musikalsk vert utforskinga av små melodiske tema stilt opp mot det ikkje-melodiske, rytmiske og kroppslege. Me møter den modne kvinna, med Ruth Wilhelmine Meyer sitt virtuose og modne stemmemateriale, og me møter unge, uskuldige stemmer, frå Bergen kulturskules ungdomskor. Visuelt teiknast tillit og uro: Det er den eine mot dei mange. Kreftene som ligg i desse bileta er sterke; både i stemme og utstråling opptrer Meyer som ei slags altomfattande mor, medan dei unge har livet framfor seg. Som for å understreka klisjeen er jentene er kledd i kvitt – og kvinna i svart.

Men gjennom framsyninga vert biletet nyansert og forvandla på fleire vis. Den svartkledde har i seg både barnleg glede, redsle og nyfikne. Dei engleaktige jentene har i seg ein vaksen vondskap, og i ei lutrygga, avmagra scene finst noko skremmande gamalt og tyngjande over rørslene deira, kopla med gutturale lydar som gjev uhyggelege assosiasjonar til smerte og død.


Sentrale kvinneplagg
Kvinna i seg er ikkje noko fokus under festspillene i år. Slik sett er det eit pussig samantreff at to av dei mindre (og danserelaterte) framsyningane dette året tek utgangspunkt i kvinner og plagga deira.

I «Manta» har den franske songaren Héla Fattoumi ikledd seg hijaben, med spørsmål om kva som då ville skje. I Skouen og Edvardsen si framsyning er kjolen det sentrale plagget, langt frå like kontroversielt som hijaben, og like fullt eit definerande plagg i vår kultur.

«Manta» er kritisert for å ha fastlåste haldepunkt, utan bidrag til nye tankar om emnet; gitt at den ikkje når dei som faktisk nyttar hijab. I «Rarier for en kjole» er ikkje målgruppa like tydeleg, men kjolen er på idéplanet kanskje endå meir henta fram, omtalt mest som ein eigen rollefigur. Skal framsyninga kritiserast for noko, måtte det vera i dette fokuset, som kanskje ikkje heilt er teke til det ytste.

I kva grad det eigentleg er problematisk er ei anna sak: Når det kjem til stykket er det viktige at framsyninga tek føre seg det feminine mennesket – både med stereotypisk og ope blikk, med kjærleik og vondskap – utan å krevja forståing for eit særleg synspunkt. Snarare er det opning for at avstanden mellom stereotypien og det opne ikkje alltid er så stor, at verda ikkje er einsidig. Det høge kvinet som fyller rommet innleiingsvis kan stå som døme: Det rommar både frykt og glede.


«R’arier for en kjole»
Synne Skouen (komponist)
Sølvi Edvardsen (regi/koreografi)
Ruth Wilhelmine Meyer (sangperformer/korinstruksjon)
Ruth Nonseid (korinstruktør)
Marit Eken Kalager (kostymer)
Torunn Eriksen (produksjon)
Bergen kulturskoles ungdomskor

Framsyning under Festspillene i Bergen,
Håkonshallen onsdag 1. juni

Del artikkelen på:
                    |     Mer
R'arier for en kjole, med Ruth Wilhelmine Meyer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no