Baldur Brönnimann
Foto: Felix Broede

Vil skapa ny profil

Den nye leiaren av BIT20 meiner ensemblet har arbeidd for mykje på gamal vane.

Dirigenten Baldur Brönnimann vart dette året tilsett som ny kunstnarleg leiar for samtidsensemblet BIT20.

Med røynsle frå fleire av Europa sine orkester og frå samtidsensemble som London Sinfonietta, Klangforum Wien, Ensemble Modern og Ensemble InterContemporain, er han godt orientert i det europeiske musikkmiljøet. Og i arbeidet hans med BIT20, meiner Brönnimann det vil gå fram at han har internasjonale ambisjonar for ensemblet.

- Når eg snakkar med folk utanfor Noreg, veit dei som regel ikkje kva BIT20 er. Dei som har kjennskap til ensemblet, har stort sett høyrt innspelingar frå 90-tallet, og ikkje kva dei gjer no. Den første oppgåva vår er derfor å gjera klart for omverda kva BIT20 er i dag, seier han.


Tradisjon og det nye
Profiltanken er altså viktig for dirigenten, som har bakgrunn frå konservatoria i Basel og i Manchester. Med klassisk utdanning, og som sjefsdirigent for det nasjonale symfoniorkestret i Colombia, er han aktiv utøvar også av eldre repertoar.

Dette tette tilhøvet mellom tradisjonen og det nyaste finn han att i ensemblet, jamvel er det del av ensemblets profil, meiner Brönnimann.

- Noko av det spesielle med BIT20 er at musikarane ikkje først og fremst er spesialistar på samtidsmusikk. Dei fleste arbeider i orkestret her i Bergen, og tek med seg den klassiske røynsla inn i samtidsmusikken. Det gjev etter mitt syn eit særeige musikalsk resultat.


Fundament
Somme har kritisert BIT20 for å spreia fokuset sitt i for mange retningar, utan å gå skikkeleg i djupna på eit repertoar. Brönnimann meiner tida er inne for å gjera klåre val.

- Ensemblet har vore prega av ei stilistisk breidde. Ein har arbeidd i eit slags mellomfelt, der dei som likar det tradisjonelle nok meiner ein har vore for progressive, medan dei som er progressivt orienterte meiner ein er for konservative. Men problemet er ikkje breidda i seg sjølv. Eg trur snarare utfordringa til BIT20 er at dei gjennom dei siste åra har arbeidd for mykje med det som fungerte på 90-talet, då dei starta opp.

Brönnimann vil filosofera kring kva som fungerer i dag. Han vil arbeida med BIT20 sin konsertpresentasjon, måten ein programmerer, sjå på nye arenaer, og han vil i større grad enn før inkludera musikken frå dei siste 20 åra.

- I tillegg ynskjer eg å gje ensemblet eit basisrepertoar frå kanonen av samtidsmusikk. Slik orkestra gjer sin Haydn og Beethoven, må me gjera vår Stockhausen, Boulez og Varèse. Dette vil gje oss fundament, og vonleg vil festivalar og arrangørar kjenna oss som særleg gode på ein bestemt komponist.


Tøff konkurranse
Skildringa antyder fleire retningar for ensemblet. Brönnimann ser faren ved at ensemblet nok ein gong orienterer seg i mange retningar, men ynskjer likevel ikkje å konsentrera verksemda inn mot noko bestemt estetisk spor.

- Samtidsmusikken i dag er prega av ein større stilistisk variasjon enn for 30 år sidan. Derfor trur eg ikkje løysinga for BIT20 er å gå for ein bestemt estetikk. Men litt for mange verk har komme på programmet fordi det ein gong fungerte, me må tenkja grundigare kring dette. Med god tematisk programmering vil ein både kunna gjera variert musikk, og samstundes gjera det enklare for folk å forstå kva ensemblet held på med, seier Brönnimann.

- Det er mange ensemble der ute. Kor viktig er det eigentleg at BIT20 markerer seg internasjonalt?

- Det er sjølvsagt motiverande for eit ensemble å ha plass i det internasjonale miljøet, og eg trur noko av grunnen til at ensemblet tilsette meg, var at dei sjølve ynskjer å nå breiare ut. Samstundes er det inga enkel øving. Feltet har endra seg mykje sidan 80-åra. Fleire ensemble er blitt institusjonaliserte med store budsjett og hyppige konsertar. Det er ein tøff konkurranse.


Bit20 speler her Firudin Allahverdis "Starvation"


- Det er kanskje denne etableringa som gjer at fleire av dei sentrale norske institusjonane for samtidsmusikk i løpet av kort tid har henta inn den kunstnarlege leiinga si utanfrå? Med ei sterkare etablert finansiering har ein økonomien til å gjera dette?

- Det er sant at feltet vert stadig meir etablert. Innan det klassiske musikkfeltet er tidlegmusikk og samtidsmusikk dei to områda med størst veksande publikum. Og eg meiner det har skjedd ei større internasjonalisering av heile musikkfeltet i tida eg har vore med. Samstundes tenkjer eg at fenomenet du skildrar gjeld særleg i dei mindre landa – som Sveits og Noreg. Me ynskjer å forsikra oss om at det som skjer hjå oss er det same som skjer internasjonalt. Det er ei interessant utvikling, eg snakka nettopp med Bruno Heynderickx om dette. Han er ny leiar for Carte Blanche her i Bergen, og ser den same tendensen på dansescena i Noreg.


Radikalt å lytta
Når me spør Brönnimann om musikalske preferansar, om det er stykke han særleg ynskjer å gjera, er svaret pragmatisk.

- Det er klart det finst stykke eg gjerne gjer, men eg vil alltid vera forsiktig med å dytta for mange eigne estetiske preferansar på eit ensemble. Feltet er vidt, og me må ha dørene opne for meir enn mine favorittar; programmet bør vera tilgjengeleg for fleire enn meg. Kriteriet mitt er først og fremst at musikken held høg kunstnarleg kvalitet, og at den høver den overordna tematiske identiteten i programmet vårt.

- Du seier at samtidsmusikk har eit veksande publikum, likevel er det vanskeleg å skaffa publikum til slike konsertar i Noreg. Kva ansvar har ensemblet for å arbeida lokalt med å byggja interesse?

- Eg har stor forståing for at folk er skeptiske, også til konsertforma generelt. Det er ei utfordring for oss at måten ein lyttar til musikk på endrar seg raskt. Det er ikkje gitt at folk er interesserte i den radikale opplevinga det er å gå inn i eit mørkt rom og sitta stille å lytta. Eg meiner det er oppgåva vår å gå dette i møte. BIT20, og feltet generelt, bør oppsøka folk og finna ut kva dei ynskjer seg, kva slags måtar dei gjerne vil lytta til musikken på. Dette vil vera sentralt i perioden eg er engasjert av ensemblet, seier Brönnimann.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Mer i MICs bransjeregister

Baldur Brönnimann

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no