Rørt prisvinnar

Eldbjørg Raknes feira Radka Toneffs minnepris med ein solokonsert som varte i seks timar.

Under Moldejazz blei Eldbjørg Raknes tildelt Radka Toneffs minnepris 2011. Prisen er på 50 000 og delast ut annakvart år av stiftelsen Radka Toneff Minnefond.

I begrunninga har styret, med Arild Andersen i spissen, mellom anna lagt vekt på Raknes som ein kompromisslaus songar, komponist og bandleiar innanfor den ikkje-kommersielle vokalmusikken, med sjølvstende, pågangsmot og utforskarvilje.

-Det betyr mykje at det var akkurat denne prisen. Ein kan minnast Radka Tonneff på mange måtar, men kvar gang denne prisen delast ut vert det ei ekstra påminning. Eg synest det er fint å gjere det på den måten. Det er veldig rørande, seier Raknes.


-Ville gjere noko uendeleg
Under årets festival har Raknes samarbeida med festivalkunstnar Gjertrud Hals. Det var dette samarbeidet som førte til solokonserten på heile seks timar.

-Då eg sette meg inn i arbeidet til Hals opplevde eg det som uendeleg, og den ideen ville eg følge opp. Konseptet blei dermed å halde ein konsert som byrja før folk kom og slutta etter at dei gjekk, fortel ho.

Ein solokonsert på seks timar er naturlegvis svært krevjande – både for artist og publikum. Raknes fortel at ingen hørte på ho gjennom heile konserten.

-Eg rekna ikkje med at nokon kom til å vere der heile tida, men det var veldig forskjellig om folk berre stakk innom eller var der lenge. Nokon må ha vore der et par timar. Då det var tjue minutt igjen kom mange tilbake for å få med seg slutten.


-Like bra musikk for born
Styret bak minneprisen trekk også fram engasjementet Raknes har hatt i formidling av jazz og improvisasjonsmusikk til born. Dei to siste dagane under årets jazzfestival hadde ho til saman fire barnekonsertar.

-Mitt prosjekt har heile tida hatt utgangspunkt i at det er absolutt ingen grunn til at born skal få noko dårligare musikk enn vaksne. Borna finst ikkje kunstlige eller høflege og har ein fantastisk fantasi. Det er eit ypperleg utgangspunkt for å delta i min musikk. Improvisasjon er leik!

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Mer i MICs bransjeregister


Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no