Nedtur for regionalkor

Etter å ha motteke prosjektmiddel frå Kulturrådet har orkestermiljøa i Trondheim, Stavanger og Kristiansand satsa ekstra på regionale kor. Alle får ein nedtur om ikkje løyvingane følgjast opp.

I 2010 la Norsk kulturråd fram eit forslag om å satsa på regionale kor, knytt til dei større institusjonane i Bergen, Trondheim, Stavanger, Kristiansand og Tromsø. For 2011 løyva dei kr 500 000 i prosjektmiddel til miljøa i Kristiansand, Stavanger og Trondheim, for å starta eller vidareføra tiltak.

Kulturrådet sitt forslag vart ikkje følgt opp korkje i 2011 eller på statsbudsjettet for 2012. Derimot har kulturdepartementet i budsjettproposisjonen for 2013 varsla at dei vil komma attende til spørsmålet om eitt kor skal ha ei særleg rolle, og det vert skrive at ein ikkje tek sikte på å byggja opp nye institusjonar.

Korleis står det så til med dei regionale institusjonane som Kulturrådet satsa på i 2011?


Trondheim
TSO vokalensemble starta som ei forsøksordning i 2009 med to prosjekt. I sesongen 2010/2011 gjennomførte dei seks produksjonar medan det i 2011-12 er det planlagt heile ni prosjekt. Songarane er 24 i talet når alle er med. Kormeister er Bodil Egseth, medan programsjef i TSO, Stefan Sköld, fungerer som kunstnarleg leiar.

- Kva midlar disponerer koret per i dag?

- Vokalensemblet mottok 500.000 frå Kulturrådet i 2011. I 2012 får orkesteret 1,1 millionar frå kulturdepartementet som er øyremerkt arbeidet med musikkteater generelt, der koret inngår. TSO Vokalensemble kostar om lag 1,8 millionar kroner i 2011-12. Kostnadene er altså budsjettert både innanfor vår ordinære konsertverksemd og innan ramma av musikkteaterverksemda, svarer Stefan Sköld.

- Departementet har så langt ikkje følgt opp Kulturrådet sitt forslag. Kva konsekvensar har det for koret i Trondheim?

- Dersom me ikkje i framtida får inn øyremerka middel for å driva ei profesjonell vokal- eller korverksemd kjem me heller ikkje til å ha høve til å halda fram med TSO Vokalensemble, i alle fall ikkje med den intensiteten koret har i dag.

- Orkestra generelt fekk noko auke på statsbudsjettet – kan somme av desse midla gå til korverksemd?

- Aukinga som TSO fekk er øyremerkt til musikkteaterverksemda, og der inngår vokalensemblet. Spørsmålet er om dette er tilfredsstillande. Me har ikkje gjort noka fordelingsnøkkel endå, men det ser ut til at midla strekkjer til to operaproduksjonar i 2012.

- Kor Vest knytte nett til seg ein eigen kunstnarleg leiar for ensemblet. Er dette eit aktuelt neste skritt for TSO Vokalensemble?

- Dersom me etablerer TSO Vokalensemble etter dei to åra med forsøksverksemd, er svaret absolutt ja.


Stavanger
SSO kammerkor er det nyaste av dei regionale kora. Det hadde prøvesong for koristar på for- og seinsommaren, og har skissert si von om at songarane på sikt kunne få 50-60% stillingar. Koret har til no gjennomført to produksjonar. Det tredje og siste prosjektet, ein a capella konsertturné, vert gjennomført i desember. Koret består i si største form av 20 personar.

- Kva midlar disponerer koret per i dag?

- Koret fekk for 2011 prosjektmiddel frå Kulturrådet, kr 500 000. I tillegg har orkesteret gått inn med kring 300 000 kroner til gjennomføringa av prosjekta, svarer program og produksjonssjef i SSO, Arne Almroth.

- Departementet har så langt ikkje følgt opp Kulturrådet sitt forslag. Kva konsekvensar har det for koret i Stavanger?

- Det har store konsekvensar. Orkesteret har ikkje midlar til å driva koret, som no truleg vert lagt på is inntil vidare. Me meiner sjølvsagt det er uheldig. Det hjelper oss lite om det etterkvart finnast eit profesjonelt kor i Oslo. Eit slikt ensemble vil me moglegvis kunna hyra inn til eit prosjekt i året, men det gjev ingen varig effekt. Ein del repertoar kan me ikkje presentera: Stavanger er no den einaste byen med eit profesjonelt orkester, som ikkje har noko profesjonelt operaapparat. Me hadde sett for oss at eit profesjonelt kor kunne vera eit steg i retning av å endra dette.

- Då de mottok midlar frå Kulturrådet hadde de ingen garanti for at det ville komma nye prosjektmiddel. De har satsa stort – har det òg vore naivt?

- Me ser det som ein eigen verdi å kunna synleggjera kva slike midlar kunne innebera for musikklivet i vår region. Me har heile tida vore tydelege på at eit eventuelt framhald av koret har vore avhengig av dei økonomiske avgjerdene. Samstundes nytta me altså sjansen me fekk til å visa eit vokalt løft i Stavanger.

- Orkestra generelt fekk noko auke på statsbudsjettet – kan somme av desse midla gå til korverksemd?

- Slik eg forstår det, har ikkje aukinga over budsjettet vore anna enn det me treng for å dekkja kostnadsauka vår. Dermed har me ikkje handlingsrom til å gjera noko med stoda.


Les også: Intervju med ny kunstnerisk leder i Kor Vest


Kristiansand
Kristiansand Solistensemble (KSE) starta aktivitet hausten 2006, og vart formelt stifta i 2008. 1. juli 2011 vart koret fusjonert inn som eigen kunstnarleg del av Kristiansand Symfoniorkester (KSO), som igjen ligger under Kilden teater- og konserthus.

- Kva midlar disponerer koret per i dag?

- KSE fekk 500 000 av Kulturrådet i 2011. Dei andre ressursane er tilført frå orkesteret, som betaling for dei eitt til fire prosjekta dei tek del ved per sesong. Tidlegare har koret hatt stønad frå Cultiva, men denne er gått ut, seier Håkon Berge, direktør i Kristiansand Symfoniorkester.

- Departementet har så langt ikkje følgt opp Kulturrådet sitt forslag. Kva konsekvensar har det for koret i Kristiansand?

- Stoda er eigentleg ganske tragisk for solistensemblet. Det er kimen til eit profesjonelt songmiljø, som orkesteret har vore den viktigaste fødselshjelparen til, og som det politiske miljøet har sagt at er viktig. Men det er stadig i den økonomiske byrjingsfasen. Det er dumt om prosjektet fell til jorda, og orkesteret vil gjera kva det kan for å halda koret i live.

- Orkestra generelt fekk noko auke på statsbudsjettet – kan somme av desse midla gå til korverksemd?

- Me må halda oss til søknadene me sender til staten. Der søkjer me om stønad til prioriterte tiltak, og hovudtiltaket for 2012 er utbygging av orkester. KSE var ikkje formelt del av verksemda vår før dette året; det har ikkje vore vår oppgåve å søkja midlar til kor. Om dette skal vera eit prioritert tiltak er ein politisk diskusjon som ikkje er gjort hjå oss endå.

- Kor Vest knytte nett til seg ein eigen kunstnarleg leiar for ensemblet. I kva grad er den kunstnarlege leiinga formelt avklart i KSE?

- Marianne S. Misje er dirigent og kunstnarleg leiar for koret. Etter at koret vart organisert inn under orkesteret har me forlenga kontrakten med henne ut våren 2012. Så får me sjå korleis me organiserer oss vidare. Det er ein føresetnad frå Kulturrådet at koret har ein autonom ryggrad. På andre sida er koret nokså avhengig av korleis orkesteret programmerer. Utviklinga er eit spørsmål om koret sin økonomi.


Nord-Noreg
Stoda for orkester- og operamiljøet i Nord-Noreg skil seg frå dei andre regionale miljøa ved at organisasjonen er plassert i fleire norske byar, og at orkestret framleis er under oppbygging.

- Når me treng kor til operaproduksjonar, som i den kommande oppsetjinga vår av ”La Bohème”, har me engasjert songstudentar som mottek symbolsk betaling og diett. I tillegg supplerer me med lokale amatørkor. Å reisa med eit slikt kor er uansett dyrt i Nord-Noreg. Å leiga inn profesjonelle krefter er økonomisk sett ikkje mogleg, seier Katharina Semb som er operasjef i NOSO.

- Kva er den beste løysinga for dykk på sikt; eit samarbeid med eit lokalt, profesjonalisert kor, eit profesjonalisert kor organisert under NOSO, eller samarbeid med eit profesjonelt kor med heile landet som arbeidsområde?

- Per i dag er dette vanskeleg å svara på. Det ideelle for oss er sjølvsagt å nytta songarar som er knytt til regionen. Men det er for tidleg for oss å ta ansvar for og finansiera eit kor under NOSO. Skal me samarbeida med kor utanfrå om opera er det ein føresetnad at songarane handsamar operaforma, slik er det ikkje med alle kor. Og dersom det kjem eit profesjonelt kor med base i ein større by, bør det vera ein føresetnad at dette koret kan reisa og delta t.d. når me gjer større prosjekt som dette. Det som er sikkert er at det å gjera ei profesjonell framsyning av ”La Bohème” også krev ein base av profesjonelle korsongarar, avsluttar Semb.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no