Hilde Bjørkum og Førdefestivalen er medlem av nettverket VRAK.
Foto: Knut Utler / Førdefestivalen

Ingen grunn til vraking

INNLEGG: Me ser fordeler med samarbeidet i VRAK, skriver medlemmene av nettverket.

Det har i den siste tida vore debatt på Ballade sine nettsider om sider ved den statlege kulturpolitikken som vedrører sekkeomgrepet 'rytmisk musikk'. Særleg har dei nyetablerte kompetansenettverka fått gjennomgå.

Denne ordninga skal evaluerast om kort tid, og VRAK vil då nytta høve å uttala seg meir omfattande.


Les også: Intervju med VRAK-medlemmer


Minimum administrasjon
VRAK har heilt frå dag ein vore oppteken av at dei offentlege midlane i sin heilskap skal gå til kompetansehevande og -utviklande tiltak. Skal ein organisera og arrangera noko, så må det naudsynleg nok følgja ein del administrasjon med. Denne er i VRAK-samanheng redusert til eit minimum.

Tilskotet frå det offentlege til kompetansenettverka har gjeve VRAK høve til å setja i verk tiltak som ein innanfor vanlege driftsrammer ikkje kunne ha gjennomført. Bransjetreffa Nordic Music Week og Blest, møte mellom proffe og studentar i konsertseriane Blå trå og GIG-akademiet, Førdekonferansen, Bornas verdsmusikkdag og mykje anna. Med andre ord har desse midlane hatt kompetansefremjande effekt.


Unngår dobbelorganisering
Spørsmålet om pengane like gjerne kunne ha vore kanalisert direkte til dei enkelte organisasjonane, i vårt tilfelle Brak, Førdefestivalen, STAR og Vestnorsk jazzsenter, er reist.

I VRAK har me konkludert med at me sjølvsagt kunne nytta dei same pengane på dei same tiltaka om pengane hadde vore fordelte mellom oss fire, men me ser også fordeler med samarbeidet i VRAK.

For det første unngår ein dobbelorganisering og parallelle tilskipingar. For det andre kan me dra vekslar på kvarandres nettverk og fagleg sterke sider.

Elles vonar me at også Erling Aksdal anerkjenner at organisasjonane i VRAK over tid har dokumentert kompetanse i si gjerning.

Undertegnet av
Hilde Bjørkum (Førdefestivalen), Jørgen Skauge (Brak), Mariann Bjørnelv (STAR) og Lars Mossefinn (Vestnorsk jazzsenter)

Del artikkelen på:
                    |     Mer
Hilde Bjørkum og Førdefestivalen er medlem av nettverket VRAK.

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Festivaler nå

Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no