Foto: Miriam Hagen

Å utvida språket

Det er sagt om Ruben Sverre Gjertsen at han er ein konsekvent lydskulptør. Sjølv ynskjer han å vera vag – gjennom presise verkemiddel.

Ruben Sverre Gjertsen har motteke Arne Nordheims musikkpris. Han har møtt og arbeidd med guruen Pierre Boulez. Han har motteke statens arbeidsstipend for yngre kunstnarar. Han er plateaktuell med Gamelan Terrains, og neste haust legg han vonleg siste hand på stipendiatprosjektet sitt ved Griegakademiet.

Det musikalske språket hans er skildra som energisk, detaljert og eruptivt. Ofte arbeider han lagvis; med fleire sjikt plasserte på kvarandre. Ut av dette kjem eit mylder av hendingar: Gjertsen er kjend for å skriva vanskeleg.

Han er òg kjend for å vera på stadig jakt etter nye høve for lyden. I stipendiatprosjektet sitt , Mellom instrument og hverdagslyd, utforskar han høve i tekst og stemme, i ulike rom og i den kvardagslege lyden, og framfor alt i instrumentet sjølv.


Diffuse grenser
- Eg har lenge arbeidd med å gå djupare inn i instrumenta for sjå kva som finst i dei. Korleis kan ein orkestrera lyden av ein tamtam til dømes? Det er viktig for meg å få detaljert kunnskap om instrumenta, ein spesifikk kjennskap til korleis dei fungerer, seier han.

- Du er ikkje den første som er oppteken av å utforska instrumenta sine høve ut over deira tradisjonelle tonale og klanglege funksjonar?

- Nei, slik er det i og for seg ikkje noko nytt i dette. Helmut Lachenmann har undersøkt støylydane i instrumenta med stor presisjon. Tristan Murail og Gérard Grisey undersøkte enkelttonen og -klangen i detalj. Eg trur ein kan laga ulik musikk frå slike innfallsvinklar, avhengig av korleis ein tolkar og gjer val undervegs. Min idé no er å utforska grensene mellom kvardagslyden og instrumentalklangen; ikkje berre i enkelttonen, men i ein kva som helst slags lyd.

- Og kvar går denne grensa mellom kvardag- og instrumentlyd, meiner du?

- Eg er nok ikkje så oppteken av å definera grensa, som av å finna måtar å gjera overgongen flytande, så ein mister denne definitive grensa, svarer Gjertsen.


Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook


Mange lydar i den eine
Og forklarer: At dette kan gjerast både ved å stilla instrument- og kvardagslydar saman, og ved å analysera informasjonen som finst i lydane for seg.

- Det kan vera eit enormt mylder av tonar i ein støylyd. Frekvensane i ein slik kvardagslyd kan avrundast, tolkast og framførast av eit instrumentalt ensemble. Peter Ablinger har sine utkomponeringar av trafikkstøy. Murail nyttar regn og torever i instrumental tolking. Bruken av analysedata blir nok ein innfallsvinkel til det å komponera, seier han.

Og går laus på ei skildring av kva som gjer prosjektet spesielt for hans eigen del. Gjertsen ser føre seg eit mangfald av måtar å bruka instrumentet mot den konkrete lyden på. Lyden kan samplast og transponerast inn i musikalske forløp. Informasjonen til lyden kan nyttast som musikalsk materiale i form av tonar og rytmar, og bli komponert ut for instrumenta, eller nyttast elektronisk. Ein kan skapa glidande overgonger mellom ulike instrument eller lydar, eller ein kan arbeida med morfing av musikk på eit metanivå; der eit eksisterande musikkstykke vert strekt elastisk i toneomfang og rytme.

- Mykje av dette er metodar eg ikkje har nytta i komponeringa mi før no. Det handlar ikkje berre om å stilla lyd og instrument saman, men om eit mangfald av påverknader mellom musikkhistoria og ei konkret verd. Kor mange lag av omtolkingar kan musikken eller lyden gå gjennom før utgangspunktet ikkje lenger er attkjenneleg? undrar Gjertsen.


Lytt til Gjertsens "Aria"


Poetisk og ope
Eitt av resultata frå prosjektet vil bli det største verket han har skrive til no, eit timelangt stykke for Oslo Sinfonietta, songarar og elektronikk. Publikum vil verta omgjevne av musikargrupper, songarar og høgtalarar på fleire kantar. For høvet har han laga eit mikrotonalt orgel, stemt etter overtoneprinsipp og javanesiske intervall. Og i desse dagar ser han etter eit tekstleg materiale til stykket – som helst skal vera poetisk og ope.

- Eg er ikkje så glad i patosfylt diktopplesing. så eg forsøker å plukka tekstmaterialet frå kvarandre, og setja det saman på nye måtar, seier Gjertsen.

- Kvifor leita etter ein open tekst om du uansett gjer meininga diffus?

- Det kjem nok til å vera noko som er attkjenneleg i mylderet. Og det er jo inspirerande å arbeida med ein tekst som går i retning av eigne preferansar. Eg likar tekstar med rike bilde, som ikkje er overtydelege.


Forvirrande og rikhaldig
Gjertsen snakkar seg inn mot prosjektet sitt, og eg forstår – og eg forstår ikkje – kva han held på med. Eg stiller spørsmål etter spørsmål. Det same gjeld for musikken hans. Eg forstår – og eg forstår ikkje.

I dette får musikken noko fascinerande ved seg, som truleg er mykje av poenget. For når eg spør komponisten kva som motiverer han, trekkjer fram han labyrinten som bilete. Gjertsen vil skriva noko som er forvirrande og rikhaldig, så lyttaren kan gå seg vill.

Eit slikt mylder av vegar finn ein att i verka hans på utgjevinga Gamelan Terrains, ei samling kammermusikalske stykke. I ei omtale av plata skildrar Maja S. K. Ratkje komponisten som konsekvent lydskulptør, som ho ser klårt forankra i ein post- og klangserialistisk tradisjon med Boulez, Lachenmann, Sciarrino og Spahlinger som representantar.


Les også: Nå blir det snart revolusjon


Vil ikkje laga pastisjer
Sjølv trekkjer Gjertsen fram mange av dei same namna når eg spør kva som inspirerer han. Samstundes er han ikkje så oppteken av merkelappar, og heller ikkje av ideen om å vera plassert i ein bestemt leir.

- Det finst komponistar i løpet av hundreåret som har skapt interessante uttrykk, som eg ikkje ser nokon grunn til å oversjå. Men eg vil ikkje halda meg ukritisk til dei eller laga pastisjar. Eg har absorbert nokre opplevingar av tid og klang som har fascinert meg, og jobbar nok meir intuitivt enn det kan sjå ut som i det detaljerte notebiletet. Eg har ein idé om eit mangedimensjonalt, kontinuerleg rom av høve, meir enn rein negasjon og posisjonering. Og eg har forsøkt å finna det instrumentale klangrepertoaret sin plass i det som har vore gjort mellom mange store komponistar.


Heller flyktig enn retorisk
Slik er det ikkje rart om fortida finn sin plass inn i veven, òg den eldre fortid. Bach sitt Juleoratorium har til dømes funne vegen inn i eitt stykke, som fragment og restar frå fortida. Og ein kan finna restar av Webern sine melodiar.


Gjertsens heimeside kan du høyre Pastorale, som siterer juleoratoriet


- Men dei tonale augneblikka som finst på plata, er flyktige. Dei ville ha slukt alt kring seg om dei vart for lange, seier Gjertsen.

Og igjen er me attende i det vage – ynsket om at assosiasjonen skal komma og så passera like raskt. På same måten som han likar Calvino sine romanar, det lette ved dei; korleis historiene er delt i brotstykke.

- Kva er det ved labyrinten som fascinerer deg slik?

- Eg er heilt enkelt meir interessert i det som er flyktig og poetisk enn i det retorisk sterke og suggererande, seier Gjertsen.

- Eg likar å finne verder som opplevast opne og nye kvar gong. Og som har mange moglege framhald.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no