Kulturviter og forsker Ola K. Berge
Foto: Ulf Hope

FolkOrg i kulturpolitisk utakt?

INNLEGG: I folkelarmen rundt etableringa av éin organisasjon på folkemusikkområdet kan det synast som om kulturpolitiske spørsmål har hamna utanfor dagsorden.

Innlegget er også publisert i Bladet Folkemusikk, red. anm.

Det brennande kulturpolitiske engasjementet som særleg Norsk Folkemusikk- og Danselag og Jan Lothe Eriksen stod for, har dabba av.

Medan norske folkemusikarar og ikkje minst folkedansarar er godt synlege i samtida, har den nye organisasjonen glimra med sitt fråvær. Kulturpolitisk nærast usynleg har han blitt, noko som reiser eit kritisk spørsmål: Er fokuset på kulturpolitisk arbeid svekt i høve skipinga av FolkOrg?


Store endringar
Forholdsvis store endringar har prega det norske folkemusikkområdet dei seinaste åra. Mange er av musikalsk karakter: Til dømes kva instrument ein likar å spele norsk folkemusikk på, kva repertoar ein nyttar, eller at ein i større grad speler saman (før spelte ein jo som kjent solo). Kven ein ynskjer å spele for, har òg endra seg.

Andre endringar er av kulturpolitisk karakter.

Nokre døme på det er: folkemusikken sitt inntog i kulturskulane og utdanningssystemet generelt, folkemusikken sin plass i Rikskonsertane og Den kulturelle skolesekken, framveksten av ei rad folkemusikkfestivalar (inkludert ein knutepunktfestival), deltakinga i Samstemt og dermed innplassering i ”det rytmiske feltet”, innpass for medlemmer med folkemusikkbakgrunn eller -kunnskap i sentrale tildelingskomitear og utval (til dømes Kulturrådet, Fond for utøvande kunstnarar, den delegerte reisestøtteordninga til Utanriksdepartementet, Komp med fleire), etableringa av ein nasjonalarena, Riksscenen, osv., osv.

Den største og kanskje viktigaste kulturpolitiske endringa er likevel oppløysinga av Landslaget for Spelemenn (LfS) og Norsk Folkemusikk- og Danselag (NFD) og etableringa av éin, samla organisasjon, med (det lett naivistiske) namnet FolkOrg – Organisasjon for folkemusikk og folkedans.


Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook


Ikkje større tyngd
Ein skulle tru at denne konsolideringa gjennom éin organisasjon på folkemusikkområdet ville føre til større tyngd i sentrale og regionale offentlege kulturpolitiske prosessar.

Når så ikkje synest å ha skjedd, kan det ha fleire årsaker.

Det mest nærliggjande er at det kulturpolitiske arbeidet har blitt prioritert ned til fordel for arbeidet med å etablere og konsolidere den nye organisasjonen. Særleg sterk har satsinga vore på arenautvikling og aktivitet ute i region- og lokallaga, artistservice og arbeid mot media.


Skaper aktivitet
Ein har prioritert Landskappleiken, Landsfestivalen og Folkelarm. Ein har arbeidd aktivt med å styrkje den profesjonelle aktiviteten både heime og i utlandet, og ein har oppdaterte, nyhendebaserte nettsider. Tydelegast kjem prioriteringa til syne gjennom korleis dei administrative ressursane i FolkOrg er disponerte: Her er dedikerte medarbeidarar til lokallagsutvikling, informasjonsarbeid, utøvarutvikling (hovudsakleg Folkelarm) og arrangørutvikling. Felles for alle er at dei er aktive på eit operativt nivå. Dei skaper aktivitet.

Arbeid av strategisk karakter er plassert hjå dagleg leiar og styret. Det er for så vidt som det skal vere, problemet er viss også desse i for stor grad tenkjer operativt. Då blir arbeidet utan politiske visjonar. Har satsinga på ein kulturpolitisk strategi måtte gje tapt i kampen mot dei andre satsingane, meir eigna til å ”samle” Folkemusikk-Noreg i éin organisasjon?


Les også: Å utvida språket


Satser på Samstemt
Som nemnt innleiingsvis har FolkOrg heilt sidan starten delteke i Samstemt – nettverket av aktørar frå det rytmiske feltet på musikkområdet (populærmusikk, jazz og altså folkemusikk). Kanskje er det her ein rekna med at dei kulturpolitiske gjennombrota skulle komme?

Rett nok fekk samarbeidet i Samstemt stor innverknad på den raud-grøne regjeringa sitt arbeid med musikk i Kulturløftet 1 og 2, men utan at folkemusikkområdet fekk noko banebrytande gjennomslag. Folkemusikken får framleis budsjettmessige vekslepengar, og det er tvilsamt om ein gjennom dette er organisasjonsmessig eller institusjonelt styrkt.

Riksscenen i Oslo er vel, får me håpe, knesett gjennom å vere synleg i dei to siste statsbudsjetta, men dessverre er det driftsutgiftene som utgjer så godt som heile det løftet.

Kan hende har den kollektive satsinga på Samstemt (som på overordna plan ser vellukka ut) på sett og vis viska ut ei eigen, spissa strategisk satsing for å etablere FolkOrg med tyngd både i Kulturdepartementet, Stortinget og Kulturrådet sine kontor. I denne samanhengen kan ein til dømes nemne at Førdefestivalen har hatt langt betre gjennomslagskraft, leidd av den kulturpolitisk aktive og høgrøsta Hilde Bjørkum.


Større sprik på folkemusikken
Det kan slik synast som om kontakten mellom regjeringskontora og Førdehuset er vel så god som mellom statsråd og statssekretærar og FolkOrg-kontoret på Grünerløkka. No er dette kanskje ikkje unikt for folkemusikkområdet; ein kan vel diskutere om ikkje både jazzfestivalen i Molde og Øya-festivalen har vel så mykje makt og innverknad som Norsk Jazzforum og Norsk Rockforbund, både i kraft av økonomiske, faglege og kulturpolitiske ressursar.

Spriket mellom den sentrale organisasjonen og knutepunktfestivalen si tyngd og breidd er likevel større på folkemusikkområdet enn dei to andre.


Les også: Samstemts innspill til statsbudsjettet 2013


På tide med ny gjennomgang?
Det er mykje som taler for at det er behov for å meisle ut ein kulturpolitisk agenda for den nye samla folkemusikkorganisasjonen på musikkområdet.

Særleg bør det vere tid for å komplettere indirekte kulturpolitisk arbeid, til dømes satsinga gjennom Samstemt, med direkte, kontinuerleg og strategisk arbeid med kulturpolitikk. Dette er aktuelt i ei rad viktige saker i tida framover, ikkje berre i arbeid med styrkte budsjettpostar til folkemusikk. Kanskje særleg viktig er det å ta stilling til UNESCOs arbeid med immateriell kulturarv.

Kva skal norsk folkemusikk vere? Eit objekt for vern, eit dynamisk kulturuttrykk utan behov for særordningar av noko slag eller ein kombinasjon av dei to?

Kva utslag vil i så fall ulike modellar få for kva ansvar det offentlege har for kulturuttrykket?

Det byrjar bli lenge sidan Arnestad-utgreiinga om folkemusikk og folkedans i det seinmoderne Noreg. Mykje krefter har blitt nytta på å reorganisere og evaluere organisasjons- og arrangementsmessige sider av drifta til FolkOrg.

Er det no tid for ein ny, brei kulturpolitisk gjennomgang av kvar folkemusikk- og folkedansfeltet står? Skal FolkOrg kome kulturpolitisk à jour, kan det vere verdt å argumentere for nettopp det.

Ola K. Berge er kulturviter og forsker ved Telemarksforskning.

FolkOrg har svart Berge i denne teksten på sine hjemmesider.

Del artikkelen på:
                    |     Mer
Kulturviter og forsker Ola K. Berge

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no