Foto: GYRO

Gjev pris til Frang

Credit Suisse sin musikkpris er meint å støtta unge utøvarar i deira internasjonale gjennombrot.

I samarbeid med Wienerfilharmonien og Luzernfestivalen i Sveits har Credit Suisse Young Artist Award sidan år 2000 vore utdelt annakvart år.

Meininga er å støtta unge utøvarar i deira større internasjonale gjennombrot.

5 unge utøvarar vert inviterte til å halda kvar sin konsert, og har dernest ein samtale med juryen. Dei vel så ut ein mottakar av 75 000 sveitiske franc – som tilsvarer i underkant av 500 000 norske kroner.

Minst like viktig er prisens andre del: Eit solistoppdrag med dei renommerte wienerfilharmonikarane under sommarfestivalen i Luzern.

- Det er viktig for oss å gje både økonomi og ein konsertarena for dei unge utøvarane me verkeleg har tru på. Prisen går til ein ung person som me meiner står ved byrjinga av ein større internasjonale karriere. seier juryleiar og direktør for Luzernfestivalen, Michael Haefliger til Ballade.


Garanti for store oppdrag
Haflieger meiner at ein opptreden ved Luzernfestivalen er garanti for nye store oppdrag.

- Det å debutera med Wienerfilharmonien på ein arena som denne, må vera den absolutte draumen til unge, lovande utøvarar. Alle musikkjennarar veit at det som er presentert her held høgste kvalitet. Dei beste orkestra i Europa vel å komma hit år etter år. Wienerfilharmonien, Concertgebouw, og Berlinfilharmonien – alle er her i løpet av sommaren, seier han.


Les også: Frang om svisker og samtidsmusikk


To konsertar
Vilde Frang er den sjette vinnar i rekkja, og den første frå Noreg. I hennar tilfelle vert det to oppdrag i Luzern. Fredag var ho solist med Bayerische Rundfunk og dirigent Mariss Jansons i Bartóks første fiolinkonsert.

I september kjem ho att for å spela med Wienerfilharmonien. Då med Bernard Haitink som dirigent og med Sibelius fiolinkonsert på programmet.

- Det er framleis vanskeleg å forstå at eg får spela her ikkje berre ein men to gonger, sa Vilde Frang på ein pressekonferanse fredag.

- Eg er særleg glad for å få spela Bartók. Verket er skrive til ein ung fiolinist, då Bartók sjølv var ganske ung. Det viser ein mjuk og lidenskapeleg side av komponisten, eit stykke unna den røffe, artikulerte og somme gonger brutale tonesetjaren ein gjerne møter elles. Det er mange unge kjensler i stykket, sa Frang.


Naturleg tilnærming
Haefliger sluttar seg til at stykket høver godt for Frang.

- Me er sjølvsagt svært nøgde med Vilde sin presentasjon i går. Den seier mykje om henne som fiolinist, ho har ein sterk kunstnarleg personlegdom. Vilde handsamar mange ulike stilistiske uttrykk med same innsikt, og har ein naturleg og enkel tilnærming til utøvarrolla. Det gjer spelet hennar særleg overtydande, seier han.

Direktøren forklarer at også den sceniske opptreden og utstråling er del av den totale vurderinga er viktig for juryen i Credit Suisse Young Artist Award.

- Dette er ingen utlyst pris, det er ingen offentleg prosess, og alle dei fem utøvarane me inviterer er i utgangspunktet fantastiske. Vilde har ikkje berre talent men også eigenskapar me trur er sentrale for å kunna slå gjennom som utøvar i dag. Så dette året hadde me ikkje noko anna val enn å gje prisen til Vilde, avsluttar han.

Vilde Frang spelar i Luzern 14. september.

Festivalen finn stad i påska, gjennom sommaren og i november.

Meir om programmet på festivalens hjemmesider.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Mer i MICs bransjeregister


Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no