Gangdøra

Ja, gangdøra heime ho er som eg seier, den same mot helt eller skarv.

Marie Lovise Widnes karriere som plateartist varte i to dager. I løpet av 14. og 15. august 1957 spilte hun inn nok låter til seks singelplater.

Widnes ble senere SV-politiker, og satt også Stortinget i én periode, fra 1989 til 1993. I 2010 meldte hun seg ut av partiet, i protest mot krigføringen i Afghanistan.

Hennes mest kjente låt var "Gangdøra heime", med hennes egen tekst, og melodi av Elis Olsson. Den høres sånn ut:




Teksten tåler en gjennomlesning:

Dei syng om naturen, om æra og plikta
og kjærleiken gong etter gong.
Men aldri så har vel eit menneske dikta
om gangdøra heime ein song.
Men det veit eg visst at om ho kunne tale,
så kom det for dagen båd' rettvist og gale.
Trala la la la la la la la.

Eg veit nok at ho kunne hendingar finne
frå mang ei forunderleg natt.
Om han som gjekk heimatt i rasande sinne
og ikkje kom oftare att.
Om han som du bad måtte aldri gå frå deg,
og han som du sprang frå og ikkje let nå deg.
Trala la la la la la la la.

Det kunne vel hende at døra laut flire,
men aldri i klinka det knatt.
Om klokka vart to eller tre eller fire
før de sa kvarandre god natt.
Nei, aldri du høyrde eit vondord ho seie,
ho tagde som berre ei gangdør kan teie.
Trala la la la la la la la.

Ho såg når det blenkte ei ørlita tåre,
når smila i andleta taut.
Ho høyrde vel ord som var beiske og såre,
og kanskje ein lovnad de braut.
Eg tenkjer ho såg når de stod der på troppa
og klemde kvarandre så hjarto dei hoppa.
Trala la la la la la la la.

Ja, gangdøra veit om ein gut kjem der ofte,
og om han er sein eller snar.
Ho veit om kva tid han får fylgje på loftet,
og ser kva slags sokkar han har.
Men når han fer utatt med skorne i neven,
då gjer ho ein knirk for å skræme den reven.
Trala la la la la la la la.

Ja, gangdøra heime ho er som eg seier,
den same mot helt eller skarv.
Og bra er det sanneleg og at ho teier
og ikkje fer kringom med slarv.
Men kanskje vi slutta å døme vår neste
om gangdøra sa det ho veit om dei fleste.
Trala la la la la la la la.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no