Frå tidlegare konsert i Living Room-serien.
Foto: Astrid Dalum

Andre kodar

I konseptet Living Room kjem konserten tett inn på eit enkelt menneske og heimen det bur i. Målet at nokon spør seg kvar grensa går mellom røynd og kunst.

Storleikar som tida, rommet og livet sjølv er viktige for kurator Anna Berit Asp Christensen og komponist Bent Sørensen. I samarbeid om kuratering av alt frå verk til enkeltkonsertar og festivalar har dei sett preg på musikklivet i Danmark.

Til Festspillene i Bergen, som startar 23. mai, har dei sett saman to konsertar. Desse finn stad heime hjå to bergenskunstnarar, med det danske ensemblet Scenatet som utøvarar.


Stadsspesifikk kunst
Ein gong i tida, på 1700-tallet, var huskonserten ein viktig plass for framføring av musikk. Borgarskapen herma adelen. Amatørane fekk utfalda seg, og fleire musikalske sjangrar voks fram. I Schönberg si tid var huskonserten viktig for å få prøvd ut musikk som ikkje lett nådde institusjonen.

I 2012 er Christensen og Sørensen først og fremst interesserte i huskonserten som åstad for stadspesifikk kunst.

– Heimen gjev særskilte høve i forhold til konsertsituasjonen slik me kjenner den, forklarer Christensen.

– Konsertsalen er eit offentleg rom. Den har sine kodar, gjerne med røter attende i tid. Det er ikkje nødvendigvis noko gale i det. Men det er interessant å sjå på desse kodane. Diskuterer ein dei, vert ein kanskje klare over korleis dette rommet kan verka konserverande, og somme gongar hemmande for ei utvikling, medan andre ting i samfunnet endrar seg.


Siste nytt fra Musikk-Norge rett i innboksen: Ballades nyhetsmail


Potensialet til kunstmusikken
Christensen arbeider kontinuerleg i utforsking av konsertformatet. Som kurator er ho oppteken av å undersøka potensialet til kunstmusikken, noko som òg omfattar det private rommet. Tidlegare har ho gjort performance lectures, bygd opp omkring private brev og talar, så historier om verka om komponistane som menneske vert sentrale. Ved SPOR-festivalen i Århus har ho arrangert ein 24 timar lang rad av parallelle konsertar, der folk fritt kunne komma og gå.

Bent Sørensen er på si side kjent for festspelpublikummet som festspelkomponist i 2007, og for urframføringa av verket Sounds like you i 2009. Dette verket tok utgangspunkt i to personar som møtest som lyttarar i konsertsalen.


Å utfordra den vande måten
Ein raud tråd for samarbeidet er å utfordra dei vante måtane me er samla på i ein konsert.

– Konsertane i ein privat heim er spesielle på fleire vis. Først er det effekten som oppstår når publikum ikkje veit kvar dei skal hen. Ein får ei adresse, går mot noko ein ikkje veit kva er. Rommet ein etterkvart kjem inn i er ikkje offentleg. Kodane er andre, og tilhøva mindre. Ein må nødvendigvis komma i kontakt med folk, kjenner seg gjerne forplikta til det, som når ein blir invitert til ein middag der ein berre kjenner nokre få. Mykje er endra før ein kjem i kontakt med musikken, seier Christensen.

Påverkar dette lyttinga?

– Ja, det skapar ei anna form for intimitet. Det er òg stor sjanse for at ein kjem tett på musikarane. Avstanden vert mindre enn i konsertsalen. Og konserten er altså designa spesielt for rommet.


Les også: Etter Rikskonsertene


Ein lydleg spegel
Tilsvarande prosjekt har vore gjennomført i København. Så langt hjå kunstnarar som kuratorane er knytt til på ein eller annan måte. Det er òg tilfellet med dei to som er konsertvertar i Bergen. Denne gongen er namna til kunstnarane blitt avslørt på førehand (av Bergens Tidende).

Kvifor er nettopp desse kunstnarane valde?

– Veit du, meininga med prosjektet er at ein ikkje får vita mykje på førehand. Derfor ynskjer eg ikkje å snakka så mykje om desse kunstnarane.

Så, lat oss snakka generelt: De seier at konsertane vil avspegla heimen til kunstnarane og arbeida deira. Korleis førebur de dykk, kva påverkar valet av musikk?

– Me går på oppdaging i heimane, let oss inspirera. Slik er det med stadspesifikk kunst: Rommet er utgangspunktet. Me er på jakt etter korleis ein lydleg kan avspegla rommet, kjenslene i det, ideane ein får når ein er der. Det kan finnast ei fortid her; ei historie som gjer noko musikk særleg aktuell. Det kan vera arkitektoniske faktorar, eller personlege relasjonar. Men me lagar ikkje nokon konkret omsetjing av kunstnaren sitt liv. Det er meir abstrakt, svarer Christensen.


Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook


Røynda ramlar inn
Kva musikk som høver i heimen til dei to kunstnarane gjenstår å sjå. Felles for konsertane er at dei rommar materiale som seinare vil inngå i Christensen og Sørensens neste prosjekt, Backyard Opera. I denne er bakgården ramma for verket, snarare enn den private heimen. Tematikken er likevel den same; glimt av levd liv.

– Me er interesserte i skiljet mellom røynda og det kunstnarlege: Kvar grensene går. Kjem ein nær det private, trur eg publikum nyttar sanseapparatet sitt på ein annan måte. Ein er tettare på det punktet der livet og kunsten smeltar saman. Slike attendemeldingar har me fått så langt: Kanskje opplever ein at røynda på eit vis ramlar inn i verket som vert utspelt. Det er i seg sjølv interessant at verket heile tida er nøydd til å innretta seg etter rommet det finn stad i, fortel Christensen.


Ei motstemme?
Festspillene i Bergen held frå før av konsertar i kunstnarheimar: Husa til Harald Sæverud, Ole Bull og Edvard Grieg er flittig i bruk; då gjerne med konsertar som er konservative i forma.

Er Living room tenkt som eit kontrapunkt til disse?

– Det er klart me har tenkt på at det er konsertar i komponistheimane. Men eg kjenner ikkje mykje til kva som vert gjort av musikk der. Dette er ikkje meint som nokon kommentar. Men det er artig at det finst etablert ei ramme der ein går på konsert i heimen. Slik sett er Festspillene ein god arena for oss å arbeida i, avsluttar Christensen.

Konsertar under Festspillene i Bergen, 26.-27. mai. Heile festspelprogrammet kan sees på FiBs egne sider. Ensemblet Scenatets hjemmesider er her.

Del artikkelen på:
                    |     Mer
Frå tidlegare konsert i Living Room-serien.

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no