Foto: Yngve Olsen Sæbbe

Enkel utfordring

I Nord-Noreg finn ein noko banalt i det tradisjonelle materialet. Det gjer stoffet krevjande å ta fatt i, meiner Ragnhild Furebotten.

Ei kvikk stemme møter meg i telefonen. Felespelar og komponist Ragnhild Furebotten sit i bilen, på veg ein eller annan plass. Ho uttrykkjer seg uredd og lattermildt — og desse elementa går att i kontakten me har i høve intervjuet: Stadig når eg henne medan ho er på farten, på turné som frilansar eller som landsdelsmusikar i Målselv. Og stadig utstrålar ho ein sans for det lyse i tilveret.

Slik høver det godt at tradisjonen ho er berar av, og musikken ho lagar sjølv, har høg energi og held raske tempi. Dette drivande er kjennemerke òg for Never on a Sunday, som kjem til Førdefestivalen denne helga. Prosjektet består av musikk for henne sjølv og seks blåsarar, og er eitt av så langt to soloprosjekt frå fiolinisten.


Les også om Førdefestivalen: Notorisk nysgjerrig


Utgangspunktet er ei nyfikne mot gode konstellasjonar. Furebotten leitar etter samansetningar med den rette kjemien. Lista samarbeidspartnarar byrjar bli lang, og musikarane i Majorstuen får stå som eit første eksempel.

– Eg fann meg aldri heilt til rette som folkemusikkstudent på NMH. Mykje var bygd over premissa til den klassiske musikksjangeren, ein var nøydd til å finna fleire vegar sjølv. Det var kanskje derfor Majorstuen vart så vellukka som prosjekt. Måten me lærte oss å arrangera for instrumenta på var viktig, det same var tradisjonskunnskapen og stilforståinga me fekk ved å spela med utøvarar frå heile landet. Det var òg lærerikt å finna ein felles sound mellom så ulike utøvarar. Me var — og er — flinke, og pressa kvarandre. Det var eit driv i dette som var primus motor for min del, seier Furebotten.


I blåsarhavet
Tida hennar med Majorstua er over. Furebotten er einaste medlem frå originalbesetninga som ikkje er med vidare, grunna ynsket om meir tid til soloprosjekt. Det første, Endeleg vals, med Gjermund Larsen og Frode Haltli, opna for ein friare tilnærming til musiseringa.

– Som motsats til det gjennomarrangerte i Majorstuen, vart det meir improvisasjon med Gjermund og Frode. Dei er ganske like i det dei fangar opp kva som skjer i rommet. Spelet med dei er mykje leik, god lyd og gode klangar.

Med Never on a Sunday er Furebotten attende i det planlagde, men med ein høgst uvanleg besetning. Deler av bandet møtte ho i samarbeid med Ensemble Denada. Det var opplagt at ho ville ha Geir Lysne og Helge Sunde til å arrangera. Samarbeidet har vore grundig.

– Me har øvd inn ting så kvar av blåsarane kan spela slåtten slik eg gjer det. Det er mykje ein ikkje får notert, det har me arbeidd med. Sjølv har eg freista finna ein plass i dette havet av blåsarar. Det er vanskeleg å intonera, vita kven ein skal lytta til for å få det til å klinga i hop. Slik sett er det ein krevjande konsert. Det tok tid å knekka kodene, meiner Furebotten.


Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook


I mindretal
I soloprosjekta er musikken ei blanding av hennar eigne låtar og tradisjonelt materiale frå nord. Dei siste har ho hatt med seg frå starten. I oppveksten var det mykje flytting, og få stader med aktive musikkmiljø. Men i Saltdal hadde ho fått godt fundament, mellom anna frå lærar Rolf Monsen. Han underviste i både klassisk repertoar og folkemusikk, og utfordra til mange opptrednar — ein periode nesten kvar veke på kommunestyremøte i lokalsamfunnet.

Gleda ved å konsertera kom dermed tidleg.

– Det er i konsertverksemda at drivkrafta mi ligg. Kjensla av at det klaffar, mellom oss som står på scena, og dei som sit i salen. Det er kanskje derfor eg må gjera dette, seier Furebotten.

Du er ein av få folkemusikar frå Nord-Noreg. Kvifor er det færre her enn lenger sør i landet?

– Det har nok med økonomi og reiselogistikk å gjera. Dei var ikkje enkelt for innsamlarar av folkemusikk, materialet har ikkje blitt like godt spreidd og teke vare på. Men for min eigen del har det vore flest fordelar med å bu nordpå. Det å vera få gjev høve. Eg valde å flytta nordover for å bli ein synleg og aktiv musikar i landsdelen. Det var nok mitt smartaste trekk, meiner Furebotten.


Maratonpols
Valet kom etter ei periode med utdanning — også i Odense. Her fann ho ein viktig inspirator i lærar Harald Haugaard, som oppmoda henne til å komponera. Han synte henne òg felles trekk mellom det nordnorske og det danske — likskapar som trefte betre enn mykje annan norsk musikk.

– Likskapane har med klangen å gjera, leiken og utforminga av melodiar. Både i i Danmark og Nord-Noreg finn ein noko banalt og enkelt i det tradisjonelle materialet, som kan gjera det utfordrande å ta fatt i, nettopp av di det er enkelt, seier Furebotten

Utfordrande, kanskje. Men først og fremst er dei jamne taktene, det eksplosive i uttrykket, polsen og springaren som i den nordnorske dialekten nesten er eit maraton å halda på med, noko Furebotten set pris på.

– Det er lite tungsinn over musikken nordfrå. Det passar meg ypparleg, seier ho.

– Kva inspirerer deg som lyttar?

– Eg har lytta mykje til Susanne Lundeng, som er ein av få andre felespelarar nordpå. Ho er kring 10 år eldre, og har soleis alltid vore eit førebilete. Elles lyttar eg til ulikt. Eg let meg inspirera av det enkle, nakne og direkte uttrykket ein finn i folk/country. Og eg er fascinert av utøvarar som spelar med ein leiken tone, med energi og særpreg. Det er draumen også for mitt eige spel: at folk høyrer det er meg, svarer Furebotten.



Les også: Dårlig stemning på tubakonferansen i Linz


Utstillingsvindauget
Never on A Sunday-bandet vil ha plass i verksemda vidare. Kanskje på eit meir folkemusikalsk vis, der ein arrangerer mindre og jammar meir, til forma finn seg sjølv. Arbeidet med Hekla stålstrenga er også viktig. Deira siste prosjekt handlar om å gjera konsertforma økonomisk overkommeleg.

– Det kostar å laga turné. Korkje me eller arrangørane ser mykje til midlane i omløp, det meste går til reise og overvekt. No prøver me ein ny modell, der me bur i bubil og spelar for døra. Det einaste me legg pengar i er marknadsføring. For å unngå å gå ned i honorar er me avhengige av å fylla husa, seier ho.

Frilansaren sin evige kamp for å skaffa midlar er naturleg fokus for Furebotten. Ynsket hennar for det profesjonelle folkemusikkfeltet er det at institusjonane spør seg kva sjangeren skal oppnå av profesjonalitet. Ho vonar til dømes at Folkelarm som arena vert teken opp att. Likeeins meiner ho det er viktig at Førdefestivalen held fram med å sjå ansvaret sitt for norske musikarar.

– Førde har henta meg inn når eg har hatt eit nytt prosjekt. Det har eg sett pris på; her har eg alltid møtt nokon i det internasjonale apparatet eg har hatt kontakt med vidare. Førde er viktig som utstillingsvindauga for norske musikarar, og eg vonar festivalen tek dette på alvor også i framtida, avsluttar Furebotten.

Furebotten spelar under Førdefestivalen fredag 6. juli

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Mer i MICs bransjeregister


Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no