Balke anno 2012

Når Jon Balke skal angripe rolla som Artist In Residence under årets Moldejazz vil han fokusere på notida - og framtida.

Pianist, komponist og arrangør Jon Balke er årets Artist In Residence under Moldejazz. I løpet av veka skal han presentere ei teaterframsyning, ein solokonsert, og ikkje minst ny musikk frå dei velkjente prosjekta Siwan og JØKLEBA.

- Eg har lyst til å skape fire optimale konsertar. Samtidig som konsertane er veldig forskjellige, er der eit musikalsk fokus som ei slags kjerne i alle fire, fortel Balke, som har vore ei viktig stemme i norsk jazz dei siste fire tiår.


Brennpunkt
Balke blei først kjend i 1974, gjennom Arild Andersen si gruppe i studio for ECM. Sidan den gang har han vore ein svært allsidig musikar, som har hatt prosjekt med musikarar frå alle verdas hjørner og vore med i betydningsfulle grupper som Masqualero og Jøkleba. I seinare tid har han stått i bresjen for prosjekt som Batagraf og Siwan.

- Jazzmiljøet som var i Noreg då eg byrja å jobbe profesjonelt, var veldig bra å vokse opp i. I alle skifta som har vore sidan den gang har eg opplevd at det har vore viktig å lukke seg litt inne og holde ein slags kurs, i staden for å vere med på alle dei variantane som kjem og går, forklarar han.

I veka som kjem vil han ikkje sjå tilbake.

- Eg er sugen på å finne eit brennpunkt her og no - her er eg, akkurat no.


Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook


Nye dører
Solokonserten Balke skal ha på torsdagen under Moldejazz er eit viktig moment for akkurat dette: korleis han ser seg sjølv i dag. Vidare vil han skilje meir mellom komponist- og musikerrolla framover.


- Som musiker er eg på kanten av å utforske mykje meir eit solopianokonsept. Det er den nye døra som står open, full av utfordringar, fortel han.

- Som komponist har utgangspunktet for meg vore å skrive musikk for eigne ensemble. No vil eg skrive musikk i samband med prosjekt der eg ikkje spelar sjølv, og få ei meir definert komponistrolle. Ei blanding av notert og innspelt materiale kan vere ein måte, held han fram.



Les også: Kongsberg Jazzfestival maksimerer inntektene



Gjenføding
Samtidig som Jon Balke vil fokusere på notida og framtida under festivalen, er to av konsertane som vert presentert, Siwan og JØKLEBA, allereie velkjende prosjekt for mange av publikum. Men materialet er nytt.

- Sann som det falt no, er to av mine hovudprosjekt gjenfødt. Ein fordel med dette er at på eit personleg og samarbeidsmessig plan er det innkjørte prosjekt, og dermed kan vi fokusere på ny musikk ståande på eit allereie solid fundament, seier han.

Balke er ein veteran i Molde, og har sett utviklinga frå 70-talet og fram til i dag, og har eit blanda forhold til festivalen.

- Eg var der då det var ein liten festival, med eit slags kultpublikum, medan det i dag er ein stor folkefest med ei fullpakka veke. For min eigen trivsel kan det bli litt mykje, forklarar han.

Han har aldri vore på festivalen ei heil veke før.

- Så det kan vel bli ei utfordring, humrar Balke.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Mer i MICs bransjeregister


Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no