Foto: Per Heimly

Saboterer for seg sjølv

- Å blande sjangrar er ikkje så veldig smart, meiner Aslak Hartberg, som viser fram eit heilt nytt prosjekt på Oslo jazzfestival.

- Min akilleshæl er at eg alltid må gjere det dummaste eg kan gjere, som til dømes å starte eit rockeband med folk som ikkje kan spele, rappe på norsk når ingen seier at det kjem til å funke, og forandre Shining til eit metal-band, sier Aslak Hartberg.

Dei fleste kjenner han nok frå Klovner i Kamp eller Yoga Fire. Litt færre hugsar kanskje at han var bassist i Shining og Jon Eberson Quartet, medan eit fåtall har registrert at han står bak musikken i filmar som ''Tatt av Kvinnen'' (2007) og ''Kompani Orheim'' (2011).


Les også: Redd for klassiskpolitiet


Det som aldri skulle skje
Da Hartberg var meir aktiv med både jazz og hip-hop, fekk han ofte spørsmålet om kva tid fusion-prosjektet kom.

- Svaret var alltid 'aldri', fordi eg syntes det hørtes ut som ein dårleg idé på den tida, sier Hartberg.

I dei siste åra har det gått mest i filmmusikk og litt komping av diverse artistar, som Bertine Zetlitz og Karpe Diem, for Hartberg.

Men etter ''Kompani Orheim'' og nokre veker på ferie kom han heim og skreiv ei låt kvar dag i to veker.

- Og då skjedde det berre! Det som eg ikkje skulle gjere, forklarar han.


Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook


- Saboterar for meg sjølv
Resultatet skildrar han som enten veldig, veldig rar instrumental-hip-hop, eller veldig, veldig rar, moderne jazz.

- Det er i alle fall beats-basert, fortel han.

- Men i staden for å la beaten gå saboterar eg litt for meg sjølv. Så det er mykje hakk og skraping, og mykje surr og rot. Samtidig føler eg at eg har skrive nokre utruleg fine melodiar. Det er styggpent, held han fram.

Samtidig som Hartberg synest det er skummelt med sjangerblanding, held han fram artistar som Miles Davis og Kanye West som førebilete, nettopp på grunn av deira uredde framgangsmåtar.


Ballade på Twitter


Kvalmefornemmelsar
På Oslo Jazzfestival kastar Hartberg seg ut i det nye med eit solid komp: Gunnar Halle på trompet, Frode Eggum på trommer og Bugge Wesseltoft på tangentar.

- Der er nok delar av lydbiletet, som til dømes parti der eg synger med autotune, som vil gi delar av publikum kvalmefornemmelsar, seier han.

- Er du nervøs?

- Eg gledar meg som ein unge, men det er klart eg er nervøs. Nervøs som faen!

Aslak Hartbergs prosjekt The Fuzz spilles på Mono torsdag 16. august under Oslo Jazzfestival.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Mer i MICs bransjeregister


Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no