- Live remix er å komponere i sanntid. Men det er ikkje ein ein-til-ein ting, at vi skal vere så like den føregåande konserten, seier Jan Bang.

Punkts utvida remix-omgrep

Da Jan Bang ‘‘livesampla’’ trommene til Anders Engen i 1996, forstod han at dette var ein ny måte å lage musikk på.

Det byrja med såkalla live-sampling med Bugge Wesseltofts New Conception of Jazz på 1990-talet. Nokre år seinare, i 2002, skapte Jan Bang og Erik Honoré omgrepet ‘‘live remix’’.

Med det kom ideen til Punktfestivalen som starta i 2005.

- Det som skjer teknisk i ein live remix er at det går linjer frå hovudkonserten til det som vi kallar for Alfarommet. Der kan vi sample bitar og delar frå det som skjer der og då. Vi kan stoppe opp, spele ting for kvarandre, snakke saman, og slik hentar vi ut ting vi kanskje kan bruke i vår improvisasjon, seier Jan Bang.


Følg Ballade på Facebook


Komponere i sanntid
Medan hovudkonsertane på Punktfestivalen går føre seg har Bang, eller andre aktørar i live remix-konseptet, førti til femti minutt på å førebu sin konsert før publikum kjem direkte inn i salen frå førre konsert.

- Live remix er å komponere i sanntid. Men det er ikkje ein ein-til-ein ting, at vi skal vere så like den føregåande konserten. Samplinga vi gjer skal vere eit utgangspunkt for noko heilt nytt, forklarar Bang, som saman med Erik Honoré har drive Punktfestivalen sidan 2005.

Konseptet er med andre ord ikkje heilt likt det folk vanlegvis forbindar med ‘remix’, der det gjerne er tydelegare spor av orginalen.

- Vi har valgt å behalde remix-omgrepet, men prøvd å fylle det med nytt innhald som er relevant i dag. Når eg livesamplar er eg vant til å tenke i nåtid, framtid og i fortid. Eg lyttar til kva du som musikar kanskje kan gjere i neste steg.


Les også: Ulike ynskje om samarbeid


Rollefordeling og perspektiv
Bang forklarar at det handlar om å tenke i perspektiv. Han samplar og slettar til han sit igjen med noko han kan bruke.

- Ofte sit eg ikkje igjen med meir enn kanskje tre korte samples som eg vil bruke. Eg likar godt å forholde meg til få og små element, og eg likar moralen over ei slik avgrensing. At no er det dette eg har å forholde meg til og då er eg nødt til å få til noko med det, fortel han.

Ved årets Punktfestival gjer Bang remixkonsertar saman med Honoré, Eivind Aarset og Arve Henriksen. Saman spelar dei ulike roller i live remix-prosessen.

- Erik jobbar med laptop og har derfor gjerne lengre samples enn meg, medan Eivind og Arve ikkje samplar, men gjerne sit å lyttar etter fraser og element dei kan bruke i sin improvisasjon på konserten. Og så kan eg og Erik naturlegvis sample og resirkulere det Eivind og Arve gjer undervegs i konserten.

Det konseptet gjer det vanskeleg for publikum å skilje mellom kven som gjer kva på scena.

- Eg opplever akkurat det som uproblematisk så lenge det opplevast som ein organisk prosess for oss, og opplever stort sett at publikum forstår greia, slår Bang fast.


Følg Ballade på Twitter


Nervøs Brian Eno
Årets festivalkurator er den verdskjende artisten og produsenten Brian Eno. Bang fortel at det har vore eit mål sidan starten å få til noko med Eno, og ti år etter at idéen kom er det altså gått i oppfyllelse.

- Det har vore viktig for oss å ikkje berre huke tak i folk, men ta det når det passar. No er det riktig timing for han og komme hit og det er fint.

Eno har også for første gang i si karriere levert ein remixkonsert på torsdagen under årets festival, saman med artisten J. Peter Schwalm.

- Det var herleg å sjå Brian så nervøs! Han var rett og slett stressa, seier Bang.

Punktfestivalen 2012 går føre seg ved Kilden i Kristiansand til 8 september.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Mer i MICs bransjeregister

- Live remix er å komponere i sanntid. Men det er ikkje ein ein-til-ein ting, at vi skal vere så like den føregåande konserten, seier Jan Bang.

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no