Marit Mattisgard og Anders Røine blandar Valdres med verden.

Enkel oppskrift

Kva er slektskapet mellom folkemusikk frå Carolina, Niger og Valdres?

Denne veka er duoen Sudan Dudan verdensmusikk-debutantar ved Oslo World Music Festival.

- Vi har aldri spelt ved ein slik festival før, fortel Anders Røine, som spelar gitar, banjo og mandolin.

- Men når vi snakkar om det no tenker eg at det passar heilt strålande!


Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook


- Samme ånda
Debutplata til Sudan Dudan fra 2006 blei nominert til to folkelarmprisar, og det er særleg der referansane til amerikansk og afrikansk musikk er tydelege.

I Aftenposten blir albumet skildra som fargesterk og annleis. Oppfølgaren Kari og Ola frå 2010 "flyter lett og fritt som en klar fjellbekk", ifølge same avis.

I programomtalen til Oslo World Music Festival heiter det at Sudan Dudan, der Marit Mattisgard syng og spelar langeleik i tillegg til Røine, har blitt kjend for å blande norsk slåttemusikk med musikk frå ‘‘andre himmelstrøk’’.

Røine vil ikkje seie at dette er hovudprosjektet deira, men referansane til andre himmelstrøk er der heilt klart.

- Eg har hørt mykje på oldtime-musikk frå Carolina, USA, og statane rundt Appalachene og har henta nokre triks derifrå.

Vidare følgte fascinasjonen for ørkenblues frå Niger og Mali då Røine fekk høyre ein kassett ein kjenning hadde fått av ein taxisjåfør i Niger.

- På den kassetten var der nokre utruleg kule grooves, og då eg høyrte det byrja eg å synge slåttar oppå. Den musikken hadde berre samme ånda som slåttemusikken.


Følg Ballade på Twitter


Enkelt og kult
I følge Røine ligger den raude tråden nettopp i grooven. Både slåttemusikken, oldtime-musikken og ørkenbluesen frå Niger er basert på relativt enkle prinsipp.

- Det skjer mykje, men det skjer ikkje på det harmoniske planet, men heller på det rytmiske og suggestive planet, forklarar han.

Røine skildrar oldtime-musikken som forlauparen til bluegrass-musikk, før den blei prega av virtousitet.

- Det er dansemusikk på lokalet uten soloar og slikt. Enklare, men veldig kult.

Slik finn vi kjerna i slektskapet mellom desse stilartane og Sudan Dudans musikk: Enkle, tradisjonelle arrangement med fokus på groove.


Les også: Valdreslaget vant Oslokappleiken


Uvanleg kombinasjon
Men det er ikkje slik at Sudan Dudan er ei suppe av desse stilartane.

- Det er ganske tydeleg når vi går i ulike retningar, fortel Røine.

Sidan både Mattisgård og Røine har studert musikk frå Valdres er mykje av materialet deira henta derifrå. I tillegg til slåttar spelar dei både ballader og bygdeviser. Dei er også kjende for den nokså uvanlege kombinasjonen av gitarspel og langeleik.

- Eigentleg er det veldig lett å få gitar og langeleik til å klinge fint saman, men eg har ikkje høyrt om nokon som har drive med det før, seier Anders Røine.

Sudan Dudan spelar ved Oslo World Music Festival onsdag.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Mer i MICs bransjeregister

Marit Mattisgard og Anders Røine blandar Valdres med verden.

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no