Ken Vandermark og Paal Nilssen-Love har vært i Etiopia og kommer tilbake fra Addis Abeba med musikere de har samarbeidet med der.  (Foto: Rune Mortensen)

Intens ethio-action

Paal Nilssen-Love har reist til Etiopia og fått utfordra seg sjølv. No tek han med seg utfordringane tilbake til oss.

Saman med den nederlandske gruppa The Ex står ein av Norges mest profilerte trommeslagarar og improvisasjonsmusikarar, Paal Nilssen-Love, i bresjen for ein etiopisk heilaften på fredagen under Oslo World Music Festival, under namnet EthioAction.


Les også: Nye utblåsninger


- Heldig og privilegert
I samarbeid med særleg Terrie Hessels frå The Ex, og med støtte frå Utenriksdepartementet, Norsk Jazzforum og Fond for utøvende kunstnere har Nilssen-Love reist til Etiopia til saman fem gangar.

Med på desse turane har han også hatt med seg saksofonistane Mats Gustafsson frå Sverige og Ken Vandermark frå USA.

No tek han med seg alle desse, og ei rekkje etiopiske musikarar tilbake til Noreg.

- Eg har vore ekstremt heldig og privilegert som har fått lov til å vere med på dei prosjekta i Addis Ababa, så då tenkte eg at det var på tide at eg setter saman noko i Oslo, fortel den entusiastiske frijazztrommisen.


Paal Nilssen-Love på jam session med Ethiocolor i Addis Abeba.


Kultursjokk og utfordringar
På besøka i Addis Ababa har Nilssen-Love blitt utfordra på fleire måtar.

- Eg trur nok det var eit kultursjokk begge vegar første gangen eg reiste dit. Musikken der er veldig intens, og musikarane er ekstremt uthaldande. Samtidig var det nok rart for dei med vår improviserte musikk, forklarar han.

Likevel meiner han at dei ikkje inngår nokon kompromiss med musikken.

- Vi gjer vår greie, og dei gjer si greie. Det blir ein slags ‘‘clash’’ av mange ulike uttrykk.


Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook


Skil seg ut
Nilssen-Love meiner at dette prosjektet skil seg ut frå mykje anna world-music på fleire måtar.

- Eg trur mange andre world-music-prosjekt ofte har blitt sett saman av folk som ikkje er musikarar. No er vi jo rett og slett musikarar som har møttest og sagt: ‘‘Nei, faen heller, lat oss gjere noko saman!’’, og så blir det som det blir, seier han.

Derfor meiner han at musikken blir ganske annleis og mykje råare enn det ein vanlegvis høyrer ved ein slik festival.

- Altså, det passar jo ikkje inn på ein world-music-festival, held han fram.


Les også: Enkel oppskrift


Inkluderande festival
Derfor synest Nilssen-Love at det er ekstra kult at Oslo World Music Festival gir han ein heil kveld til å vise fram denne musikken.

- Slik får vi vist fram alle aspekt av musikken vi held på med. Det får eit jævla breidt spekter, altså!, fortel han.

Ein kan forvente seg alt frå hardtslåande frijazz og The Ex sin rare hybrid av punk og etiopiske låtar til tradisjonell, etiopisk musikk.

- Det blir så intenst som det kan bli!

EthioAction skjer på Oslo World Music Festival i kveld.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Mer i MICs bransjeregister

Ken Vandermark og Paal Nilssen-Love har vært i Etiopia og kommer tilbake fra Addis Abeba med musikere de har samarbeidet med der. (Foto: Rune Mortensen)

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no