MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



UTLA på Vestlandsturné

Publisert: 11/15/2000 av - Red.

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2000111515510393310597

Utla (120x98) Etter fleire turnear i inn og utland inneværande år (m.a England, Færøyane og Bologna), er gruppa UTLA klar for ein fem dagars turné i Norge. Konsertane er i hovudsak lagt til kyrkjer, og vil innehalde vokal og instrumental musikk i "UTLA-tradisjonen". Berit Opheim er med på song.


Trioen UTLA – med Håkon Høgemo (hardingfele), Terje Isungset (trommer, tre, stein, bjøller, munnharpe) og Karl Seglem (tenorsaksofon og bukkehorn) - held fram sitt samarbeid med den prislønna songersken Berit Opheim, og opptak frå turnéen skal gjevast ut på CD i 2001. UTLA sin musikk er unik i norsk og internasjonal samanheng. Gruppa byggjer musikken sin på norsk vokal folkemusikk og hardingfeletradisjon. Nye element vert tilført gjennom tekstar, lydar, klangar, improvisasjon og komposisjon. Resultatet er eit moderne musikkuttrykk: ærleg musikk på eigne premiss. På repertoaret under denne turnéen finn ein mellom anna salmar, lydarslåttar, rudlar og balladar. I hovudsak frå Sogn og Voss. UTLA har gjeve ut CD´ane: ”Utla”, ”Juv”, ”Brodd” og ”Dans”, som alle har motteke svært gode kritikkar av ei rekke anmeldarar i inn og utland. Berit Opheim har medvirka på sentrale folkemusikkutgjevingar dei siste åra, og har også gjeve ut solo CD.

Her kan du sjå Utla med Berit Opheim:

Onsdag 15. november: Voss Kyrkje
Torsdag 16. november: Sogndal Folkehøgskole
Fredag 17. november: Eikelandsosen Kraftstasjon
Laurdag 18. november: Hol Kyrkje
Søndag 19. november: Årdal Kyrkje.

Meir om Utla finn du på: http://www.norcd.no/utla.
 

Relaterte bedrifter:

NORCD AS (Plateselskap)

Utla (Utøverinstitusjoner\Band)

Relaterte personer:

Karl Seglem, Komponist, Saksofonist

Håkon Høgemo, Felespiller

Terje Isungset, Slagverker, Komponist

Relaterte artikler:

09.11.2005 Karl Seglem: - Hvilken frihet, Brazz Brothers?

10.05.2005 Festivalpub på Rytne Gard i Bygstad

24.06.2004 Ei musikalsk bru mellom Noreg og Kina

06.11.2003 Jazzsonen inntar Kvarteret i Bergen

12.05.2003 BBC-konsert og ny plate fra Karl Seglem og Utla

03.03.2003 Karl Seglem og Utla til Tyskland

22.08.2002 Isglem turnerer Irland

24.06.2002 "Nye Nord" med Karl Seglem lanseres i dag

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no