MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Osafestivalen i oktober

Publisert: 08/27/2001 av - Red.

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2001082711173399544060

Osafestivalen 2001 er den niande i rekkja, og byr på konsertar med musikarar frå Austerrike, Irland og Finland. Frå Noreg kjem m.a. Grieg Trio, Steinar Ofsdal og Marylands. Osafestivalen markerer og at det no er 100 år sidan Eivind Groven vart fødd. Festivalen skal vere eit møtepunkt for klassisk musikk og folkemusikk.

Eivind Groven-portrett (120x184)

Festivalen har namnet sitt etter spelemannen og fiolinisten Sigbjørn Bernhoft Osa (1919-90). Sigbjørn B. Osa markerte seg sterkt i kulturlivet i si samtid, og er den mest kjende spelemannen i det 20. hundreåret. Han var ein viktig bindelekk mellom folkemusikken og den europeiske kunstmusikken, og han meinte at det var viktig for utøvarar med klassisk bakgrunn å møte folkemusikarar for å utveksle kunnskap og erfaring. Han samarbeidde også mykje med folkemusikarar frå andre land. Osa var grunnleggjaren av Ole Bull Akademiet. Osafestivalen vil vidareføre Osa sine tankar ved å laga eit møtepunkt for klassisk musikk og folkemusikk.

Osafestivalen har frå starten vore ein kombinasjon mellom seminar og konsertar. Festivalen er liten, men er av den grunn ein festival der alle kan få med seg alt. I år er tonalitet tema for seminaret der mellom anna Eivind Groven sin tonalitetsteori vert belyst. Det er 100 år sidan Eivind Groven vart fødd, og dette markerer festivalen med tre konsertar som presenterer hans stoff: Trioen Høgemo/Moldestad/Mjølsnes konsertdebuterar med samspelarrangement for tre hardingfeler, Bergen Domkantori med sentrale korverk av Groven, og Ofsdal/Bråten/Bråten med samspel mellom langeleikar og seljefløyte etter Groven.

Vidare vil ein kunne oppleve klubbkveld med Gjallarhorn og Setanta. Gjallarhorn er ei finsk gruppe med fargerik nordisk verdensmusikk og som har turnert verda rundt med stor suksess. Setanta er ein irsk trio som spelar keltisk musikk. Fløytisten Steinar Ofsdal ilag med gitaristen Olav Torget vil ha familiekonsert. Den anerkjende Grieg Trio vil gjeste festivalen med ein konsert. Die Tanzgeiger er frå Austerrike og spelar alt frå wienervals til sigøynermusikk og er eit musikalsk fyrverkeri. Den bergensbaserte hardingfelegruppa Marylands som nyleg gav ut CD med dansemusikk frå Vestlandet skal spela til dans. Studentane ved spelemanns- og kvedarskulen ved Ole Bull Akademiet skal i lag halde konsert.

Osafestivalen inneheld også Vossaspringarkurs med Håkon Dregelid som instruktør. Han har vunne Landskappleiken fleire gonger.
 

Relaterte bedrifter:

Osafestivalen (Festivaler\Oktober)

Grieg Trio (Utøverinstitusjoner\Ensembler)

Bergen Domkantori (Utøverinstitusjoner\Kor)

Relaterte personer:

Eivind Groven, Komponist

Steinar Ofsdal, Folkemusiker, Fløytist

Relaterte begivenheter:

Osafestivalen 2001

Relaterte artikler:

Om Eivind Groven

Verdenspremiere for Groven-pianoet

10.10.2008 Bergen Domkantori på Tysklandsturné

09.11.2007 Grieg Trio feirer 20 år

23.10.2007 Osafestivalen starter torsdag

24.10.2006 Osafestivalen 2006

03.05.2006 Beethoven +

22.04.2004 Beethoven+ til Berlin og snart klart program i Stavanger

26.08.2003 Osafestivalen: Urframføringer, tingingsverk og Ultima-samarbeid

16.10.2001 Om Osafestivalen 2001

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no