MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Beady Belle (130x130)Vossa Jazz 2002 - Musikalsk vårflaum!

Publisert: 01/16/2002 av - Red.

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2002011611404624623025

Vossa Jazz varslar musikalsk vårflaum og frisk kunstnarleg knoppskyting når dei byr inn til den 29. festivalen 22. - 24. mars. Festivalen får i følge stolte arrangørar ein pangstart med eit møte mellom to av dei fremste europeiske jazzsongarane idag: Sidsel Endresen og portugisiske Maria Joao. Andre sterke norske namn på Vossa Jazz er m.a. Erlend Skomsvoll, Odd Børretzen/Lars Martin Myhre, Silje Nergaard, Kaizers Orchestra, Jon Balke/Anneli Drecker, Urban Connection, Nils Økland, Beady Belle - og ein duokonsert med bluesgitaristane Knut Reiersrud og Bjørn Berge.


Dagen etter er det duka for tingingsverket «?» skrive av Erlend Skomsvoll og framført av eit 12 manns sterkt ensemble og konsertrekkja i Idrettshallen vert avslutta med eit nytt prosjekt signert radarparet Odd Børretzen og Lars Martin Myhre. Dei har med seg 10 musikarar når dei har scenepremiere det som førebels har arbeidstittelen «Kelner!»

Klubbtilbodet på Vossa Jazz opnar fredag med Silje Nergaard, Kaizers Orchestra, Jon Balkes Descennium Magnetic med Anneli Drecker, Rod Piazza & The Mighty Flyers, Farmers Market, Beady Belle og irske Cian. Laurdagen er det duka for hip hop-kveld på Park med Appollo, Alis og Finger¹n frå Klovner i Kamp, Oslo Fluid og Tungvann, jazzfolket kan gle seg til eit møte med den amerikanske tenorgiganten David S. Ware, Brazz Bros, gitarvirtuosen Mike Gallaher og CD-aktuelle Urban Connection i tillegg til eit spesialprosjekt av og med Eivind Aarset, Dhaffer Youssef og Paolo Fresu og filmmusikk frå James Bond spelt av det sexiaste jazzbandet på jorda - Sexmob.

Blues- og rockeentusiastar kan sjå fram til eit sveitt og svingande møte mellom den engelske blues- og boogie-pianisten Diz Watson og norske Hot Little Mama. Sundagen er det duka for eit heilt spesielt møte - Knut Reiersrud og Bjørn Berge i duoformat. Legg ein så til at Tommy & His Runnaway Boys kjem med rykande fersk CD og varmar opp for Rod Piazza, skulle ein ha ein særs attraktiv blues-meny.

Gamle rockarar er ein usliteleg rase. På Vossa Jazz får me eit møte med nyss gjenoppliva Stavangerensemblet, og Trygve Thue, Magne Lunde og Knut Kristiansen (!) held koken og rockefoten i gang i bandet Soon. Sistnemnde kjem også med CD til Vossa Jazz

Vossa Jazz tilbyr ein spanande litterær vri sundagen. "Jag menar nu 2002" på Vossa Jazz har til hensikt å samla forfattarar, litteratar, bransjefolk og dedikerte lesarar til førsteklasses jazzlitterære opplevingar. I kyrkja er det duka for midnattskonsert med Ståle Storløkken og eit triosamarbeid mellom Berit Opheim, Bjørn Kjellemyr og Nils Økland. Storeforventningar knyter det seg til nok ein Vossa Jazz-premiere - samarbeidet mellom den italienske trompetaren Paolo Fresu og John Pål Inderberg, Svein Folkvord og Stein Inge Brækhus.

Vossa Jazz innleier også ein ny runde med Jazzintro. Der unge jazztalent skal få høve til å presentera seg for eit stort publikum. Unge jazzmusikarar som allereie har markert seg så det rekk, er Kniv & Taffel. Å kalla musikken deira stringsving fortel berre halve sanninga. Dei må berre opplevast!

Det er berre å ta fram den gule eller rosa markørpennen og utheva dagane 22. 23. og 24. mars. Bygda er Voss, og festivalen er Vossa Jazz.

Meir info finn du på www.vossajazz.no
 

Relaterte bedrifter:

Vossa Jazz (Festivaler\Mars; Plateselskap)

Kaizers Orchestra (Utøverinstitusjoner\Band)

Urban Connection (Utøverinstitusjoner\Band)

Relaterte personer:

Jon Balke, Komponist, Jazzmusiker, Pianist

Anneli Drecker, Vokalist

Silje Nergaard, Artist

Nils Økland, Folkemusiker, Fiolinist

Odd Børretzen, Artist, Forfatter, Skribent, Underholder

Knut Reiersrud, Gitarist, Komponist

Bjørn Berge, Artist

Erlend Skomsvoll, Jazzpianist

Relaterte begivenheter:

Vossa Jazz 2002

Relaterte artikler:

19.01.2007 Vossa Jazz-programmet klart

06.12.2006 Jon Balke - Magnetisk Musiker

03.04.2006 Jazzintro 2006 starter på Vossajazz i påsken

15.08.2005 Sterkt haustprogram frå Voss jazzklubb

13.08.2004 Karl Seglem på Målrock

26.08.2003 Osafestivalen: Urframføringer, tingingsverk og Ultima-samarbeid

21.01.2003 Vossa Jazz med rikt program

05.09.2002 Overskot i Vossa Jazz

17.06.2002 Silje blir hyllet av butikkgigant

22.03.2002 Vossa Jazz åpner i dag

21.03.2002 Jazzintro på Vossa Jazz

20.03.2002 Urban Connection - "French Only"

11.02.2002 Silje Nergaard på salgstoppen

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no