MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Manger Musikklag (x125)Manger Musikklag lanserer ny CD på Carte Blanche

Publisert: 04/12/2002 av Tone Sæle

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2002041214374134351567

For fyrste gong på 7 år gjev no Manger Musikklag ut ei ny CD-plate. Plata heiter "Graffiti" og inneheld utelukkande ny norsk musikk for brassband, komponert av folk som Knut Vaage, Jostein Stalheim, Torstein Aagaard-Nilsen, Kaare Dyvik Husby og Ketil Hvoslef.


CDen er eit ledd i ei satsing Manger Musikklag har fokusert på sidan 80-talet, men som fyrst dei siste åra for alvor har skote fart. Bjørn N. Sagstad er dirigent, og plata er produsert av Gunnar Herleif Nilsen og Torstein Aagaard-Nilsen. Plata inneheld hovudsakleg verk som Manger Musikklag har tinga.

Verket som har gjeve plata tittel, er komponert av Knut Vaage. Han har etter kvart markert seg som ein av dei mest spanande komponistane i Noreg i dag. For eit par år sidan hadde Vaage suksess med operaen "Nokon kjem til å komme", ein suksess MML merka seg. Bandet ynskja at han starta arbeidet med eit stykke for brassband, noko Vaage takka ja til. Resultatet vart særs vellukka, ikkje minst når ein veit at han ikkje har jobba med denne typen besetning tidlegare.

Det hadde heller ikkje Jostein Stalheim (mottakar av Valen-stipendet siste året) som har komponert to verk for MML, Convergence og Divergence. Med eit tett og godt samarbeid mellom dirigent og musikarar, har det vorte eit spanande resultat. Titlane er henta frå eventyret "De Vilde Svaner" av H.C. Andersen. Det endelege målet, er å gjere ballett av eventyret, med Stalheims musikk som eit berande element.

"Allegro Concertante" er skriven av Marcus Paus, for solopauker og brassband. Marcus studerer framleis komposisjon ved Norges Musikkhøgskule, men har likevel markert seg som ein produktiv komponist. Han er også debutant i brassband samanheng og har garantert ikkje komponert sitt siste verk for denne besetninga.

Opningssporet på plata heiter "Pang!", med undertittel Introduction no 4, og er skriven av Torstein Aagaard-Nilsen. Torstein starta si komponistgjerning med å komponere nettopp for Manger Musikklag. Han spelte sjølv i korpset på slutten av 80-talet og komponerte og arrangerte musikk når dei trengte det. Han har etterkvart fått eit namn i brassband- miljøet i Europa og har komponert fleire større verk for besetninga.

Kaare Dyvik Husby er kanskje mest kjend for sitt arbeid med å gjenskape eitt av Geirr Tveitts øydelagde orkesterpartitur, men han er også ein spanande komponist. Hans bidrag på plata, The Last of the Fingallians, er original og fascinenerande, og samstundes eit viktig bidrag til musikk for messingensemble.

Ketil Hvoslef er det mest kjende namnet på plata. Han er ein av dei fremste komponistane vi har i Noreg i dag og det er flott at han har gjeve nokre av sine tonar til messingblåsarar. Hvoslef har eit personleg tonespråk der han ved hjelp av rytmisk driv og små, intense motiv, riv med seg lyttaren frå fyrste takt, noko som i høgste grad er tilfelle også for Håkonsiana, opprinneleg ei overture til dei årlege "Håkornaspelet"på Vestlandet.

Carte Blanche, Bergen, 12. april kl 1930.

Denne artikkelen publiseres i samarbeid med Norges Musikkorps Forbund, og kan også leses på deres eget nettsted: musikkorps.no
 

Relaterte bedrifter:

Manger Musikklag (Utøverinstitusjoner\Korps)

Norges Musikkorps Forbund (Amatørorganisasjoner)

Relaterte personer:

Torstein Aagaard-Nilsen, Komponist

Ketil Hvoslef, Komponist

Jostein Stalheim, Komponist

Kaare Dyvik Husby, Komponist

Knut Vaage, Komponist, Pianist

Relaterte artikler:

10.11.2000 Manger Musikklag spelar ny norsk musikk i Logen

04.10.2001 Manger Musikklag med ny norsk musikk

11.02.2002 Korpsbevegelsen på fremmarsj

25.09.2006 BrassWind med 11 urframføringar i Bergen

30.03.2006 Nokon kjem til å komme

30.09.2005 BrassWind med ny H.C. Andersen-ballett

24.06.2005 Gallakonsert med verker av Nordheim, Westby og urfremføring av Åm

21.06.2005 Ole Edvard Antonsen: - Gleder meg til 2005-konserten!

05.10.2004 BrassWind 2004: - Har spilt fra Donald-blad

04.10.2004 Aagaard-Nielsen: - Korpsene tenner på samtidsmusikk

22.03.2004 Marianne Thorsen urfremfører Ketil Hvoslef i Trondheim

24.11.2003 Spesialdesignet lydfabrikk i Frisk Pust-regi

30.05.2003 - Det nødvendige i å vandra vidare

08.05.2003 Edvardpris til komponisten Knut Vaage

24.04.2003 Trondheim Symfoniorkester fremfører Aagaard-Nilsen

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no