MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Agnes Buen Garnås syng Landstad - i Landstads kyrkje

Publisert: 06/10/2002 av Tore Skaug

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2002061010534218044861

Folketonekunstnaren Agnes Buen Garnås har sunge inn ein Landstad-CD på Via Music: "Han rider den mørke natt". Plata kjem seinare i år, men alt 23. juni vil ein kunne høyre konsertversjonen i Kviteseid gamle kyrkje, den 850 år gamle steinkyrkja som var houvdkyrkje for Kviteseid på Landstads tid.

Agnes Buen Garnås (Foto: Anders Bruen) (220x285)

Av Tore Skaug, Kviteseid

Magnus Brostrup Landstad (1802-1880) var mann for to av dei viktigaste bøkene som kom ut på norsk på 1800-talet: Norske Folkeviser og Landstads salmebok. Folkeviseinnsamlinga starta han med for alvor då han var sokneprest i Kviteseid i Telemark i åra 1834-39.

I jubileumsåret har folketonekunstnaren Agnes Buen Garnås sunge inn ein Landstad-CD på Via Music: "Han rider den mørke natt". Plata kjem seinare i år, men alt 23. juni vil ein kunne høyre konsertversjonen i Kviteseid gamle kyrkje, den 850 år gamle steinkyrkja som var houvdkyrkje for Kviteseid på Landstads tid.

Med seg på plata har Agnes Buen Garnås sonen Per Anders som trass sine unge år alt har spela seg til ein plass blant dei fremste spelemennene her i landet. Vidare organisten Sigbjørn Apeland på trøorgel og perkusjonisten Marilyn Mazur. Desse fire vil framføre eit utval songar, viser, salmar og stev som Landstad enten har skrive sjølv, samla inn eller omsett. Slik får ein oppleve spennvidden i Landstads arbeid - frå eigne mollstemde salmar til tonesette dikt og mellomalderballadar.

I gamlekyrkja i Kviteseid blir dessutan Jon M. Landstad med og gir glimt frå tippoldefarens liv og verk.

Norske Folkeviser, som Landstad fekk god hjelp til av Olea Crøger, songlærar på Kviteseid Seminarium, er eit kjempeverk på over 900 sider, som kom ut i 1853. Meir om Agnes Buen Garnås kan du lese her.
 

Relaterte bedrifter:

Via Music (Plateselskap)

Relaterte personer:

Agnes Buen Garnås, Kveder, Artist

Per Anders Buen Garnås, Felespiller

Relaterte artikler:

20.12.2005 Broder Aage: - O, Jesus, du som fyller alt i alle

08.12.2005 Agnes Buen Garnås får Kulturrådets ærespris måndag

28.09.2005 - En pris til folkemusikken

27.09.2005 Buen Garnås fikk ærespris

26.08.2005 NRKs Gro Holm: - Slåttespelet er ufattelig rikt

23.08.2005 Turistar i eige landskap samlar sumarminne

02.12.2004 Født i 1801 - debuterer i 2004

24.11.2003 Julekonserter med Elias Akselsen

21.07.2003 Nivelkinn, Landstad og bryllupsdrama på Jørn Hilme-stevnet

14.05.2003 Kongens fortjenstemedalje i gull til Hauk Buen

27.09.2002 Vokal folkemusikk i Valle

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no