MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Fartein Valen-stipendet 2002

Publisert: 08/29/2002 av - Red.

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2002082912060624782330

Sveio kommune utlyser regelmessig Fartein Valen Stipendet til en komponist som bor og arbeider i Norge. Stipendet er på kr 25.000, men i tillegg stilles Fartein Valens hjem til disposisjon for et arbeidsopphold. Stipendvinneren blir også presentert under neste års festival.

Fartein Valen (180x191)

Fartein Valen stipend 2003

Sveio kommune tillysar med dette "Fartein Valen-stipendet" for komponistar som i hovudsak bur og arbeidar i Noreg.

Tildelinga vil skje med bakgrunn i plan for bruk av stipendet, CV og dokumentasjon av tidlegare arbeid i form av partitur, evt. lydopptak i tillegg dersom ein sjølv ynskjer det. Den som får tildelt "Fartein Valen Stipendet" må arbeida ein periode i Sveio innan eit år etter tildelinga. Opphaldet skal vera minimum ei veke - maksimum seks veker. Kommunen stiller bustad og arbeidsplass til rådvelde. Den tidlegare bustaden til Fartein Valen, Valenheimen, vert nytta til føremålet. Huset ligg vakkert til i rolege omgjevnader, 40 km nord for Haugesund. Huset framstår både som eit museum og eit moderne husvære. Kjøkken, daglegstove, bad og soverom er restaurert for å tilfredsstilla moderne krav. Atmosfæren i huset er spesiell og gjer det til ein særs inspirerande arbeidsplass.

Offentleggjering av tildelinga skjer gjennom pressemeldingar. I tillegg vert den som får stipendet presentert under Fartein Valen Dagane 2003 som årets komponist.

Storleiken på stipendet er kr 25.000. Søknadsfrist er 1.oktober 2002 og skal sendast til Sveio kommune, Postboks 40, 5559 Sveio, tlf 53740100 faks 53740096. E-post: ole.j.furdal@sveio.kommune.no.

Sveio og Haugesund kammermusikkfestival - Fartein Valen Dagane, vil formidla inntrykk av ein av dei framste og mest nyskapande komponistane Noreg har hatt. Det vert lagt vekt på eit variert og spennande program som vil auka forståinga av Fartein Valen som komponist og menneske. Sentralt i festivalen er komponisten sin heim og miljøet rundt. I år 2003 vert festivalen arrangert 24. - 27. april. Festivalen er presentert på webadressa www.prosalg.no/festiviteten

Medlemmene i juryen er Arvid Vollsnes (UiO), Fartein Valen-Sendstad/Sølvi Vinnes (Hovudeier Valenheimen), Erling Dahl/Monica Jangaard (Troldhaugen), Mathias Vikse (varaordfører Sveio), Eirik Apeland (medlem hovudutvalg kultur) og Nils henrik Asheim (Norsk komponistforening). Undertegnede er sekretær. Tidligere har Ståle Kleiberg og Jostein Stalheim fått stipendet.

For nærare informasjon om statuttane til Fartein Valen-stipendet, sjå lenkja nedanfor.
 

Relaterte bedrifter:

Fartein Valen Festivalen (Festivaler\Organisasjoner; Festivaler\April; Konsert management / Event)

Relaterte personer:

Fartein Valen, Komponist

Relaterte artikler:

29.08.2002 Statuttar for Farten Valen-stipendet

16.11.2001 På sporet av Fartein Valen og kjempen på Siljustøl

19.11.2001 Historiesyn i ulike kunstsyn

09.07.2002 Fartein Valen - Biografi

20.04.2006 Den annen skjønnhet - Fartein Valen-festivalen 2006

24.03.2006 Fartein Valen-stipend 2007

02.05.2005 Fartein Valen-prisen 2006

29.03.2005 Valen-festivalen 2005: Den 25. i rekken

26.04.2004 Valen - en visjonær komponist

23.04.2004 Valen: En pioner i det 20. århundres musikk

23.04.2004 Fartein Valen-stipendet 2005

23.04.2004 Valen-prisen 2004 til Arve Tellefsen

23.04.2004 Valen-dagene åpner i Haugesund idag

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no