MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Unik plateutgjeving

Publisert: 09/09/2002 av - Red.

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2002090910145943219043

Denne hausten debuterer spelemannen Sigurd Eldegard (1893-1962) frå Årdal i Sogn på CD - 40 år etter sin død. Bak denne plateutgjevinga står prosjektleiar Synnøve S. Bjørset og plateselskapet Ta:lik.

Sigurd Eldegard (200x241)

- Sigurd Eldegard er og var ein av dei største og viktigaste spelemennen i fylket vårt. Musikken hans er gull verd, sier prosjektleiar Synnoøve S. Bjørset. - På 1950-talet var innsamlarane Arne Bjørndal og NRK v/Rolf Mylkebust på vitjing hjå Sigurd, og gjorde då opptak med denne framifrå spelemannen. Det er eit utval av desse opptak som no vert gjeve ut på plate.

- Arkivopptak er ikkje berre ein kulturhistorisk dokumentasjon, slik mange trur. Det er også ei kjelde til store musikalske opplevingar. For det er i mange tilfelle snakk om verkeleg god musikk, ein tidlaus musikk som har stor musikalsk verdi også mange tiår etter at innspelingane vart gjort.

Ta:lik er eit plateselskap som har spesialisert seg på utgjeving av arkivopptak. Tidlegare har det kome plater med spelemennene Olav Moe, Haldor Røyne og Harald Fylken, alle frå Valdres. Men no er det altså Sogn sin tur, og det er Sigurd Eldegard som presenterast på den fjerde plata i serien.

Plata skal sleppast under Vestlandskappleiken i Bergen 4. - 6.oktober. Her blir det ei markering der Eldegardsinspirerte spelemenn og -kvinner spelar og fortel. Blant aktørane finn ein Håkon Høgemo, Synnøve S. Bjørset, Sogn Spel og Dansarlag, og Svein Nesje.
 

Relaterte bedrifter:

Talik (Plateselskap)

Relaterte personer:

Håkon Høgemo, Felespiller

Synøve S. Bjørset, Felespiller

Relaterte artikler:

08.12.2008 Ettertraktet serie på Ta:lik

10.05.2005 Festivalpub på Rytne Gard i Bygstad

11.04.2005 NRK og Ta:lik gjer ut unik CD med folkemusikk

26.11.2004 Slåttemusikk frå Verdalen

30.01.2004 Folkemusikkkonsert i "Afrika"

14.01.2004 - MEN underslår halve historia

07.11.2002 Minimalistisk råskap på hardingfele

20.09.2002 Nordlandenes musikk

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no