MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Vokal folkemusikk i Valle

Publisert: 09/27/2002 av Arvid Skancke-Knutsen

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2002092710505742217898

Under Folkemusikkseminaret i Valle vert det kurs med Kirsten Bråten Berg, Agnes Buen Garnås og Halvor Håkanes, samd konsertar med Eli Storbekken, Geir Lystrup og den nordiske gruppa Kvedar.

Agnes Buen Garnås og Halvor Håkanes (Foto: Jan Lothe Eriksen, NFD) (200x204)

Hovudtema under FolkemusikkSeminaret i Valle i år er i følgje heimesida til Norsk Folkemusikk- og danselag den vokale folkemusikken. Programmet er i all hovudsak knytt opp til dette. Gjennom masterclass og kurs med Kirsten Bråten Berg, Agnes Buen Garnås og Halvor Håkanes, konsertar med m.a. den nordiske gruppa Kvedar, og presentasjonar ved Harald Knutsen (Agder Folkemusikkarkiv) og Herdis Lien, kan ein helga 18. - 20 oktober fordjupe seg i vokal folkemusikk.


FolkemusikkSeminaret er eit årleg arrangement i Valle - midt i hjarta av Setesdal, og arrangementet formidlar norsk folkemusikk i tradisjonell framføring. Dette blir knyta opp til ei fagleg ramme med foredrag og utstillingar. Målgruppa er folk med kjennskap og interesse for folkemusikk. Bak arrangementet står fleire stødige medarrangørar: Valle Vidaregåande Skule, Valle Kommune, Aust-Agder Fylkeskommune, Norsk Folkemusikk- og Danselag, Setesdal Spelemannslag og Agder Folkemusikkarkiv. Kurs og masterclass blir arrangert med stønad frå Musikkverkstadordninga.

Kursa går over fredag og lørdag, elles er det lausrivne programpostar der ein kan plukke seg ut det som høver. Det er ikkje påmelding til anna enn kursa, og alle er velkomne. Det vert konsert i Storstuga på Valle Kultursenter fredag kveld, der Kvedar er hovudnamnet, saman med Agnes Buen Garnås, Aiva Insulander, Cathrine Smith, Eli Storbekken, Halvor Håkanes, Marianne Maans, Geirr Lystrup gjer og ei forestilling med eldgamle kvad og nysmidde stev med dans frå det nordiske ferdaskrinet.

For påmelding og informasjon kan du gå til denne sida hos Norsk Folkemusikk- og Danselag.
 

Relaterte bedrifter:

Norsk Folkemusikk- og Danselag (Amatørorganisasjoner; Profesjonelle organisasjoner\Musikere)

Relaterte personer:

Agnes Buen Garnås, Kveder, Artist

Relaterte artikler:

10.06.2002 Agnes Buen Garnås syng Landstad - i Landstads kyrkje

13.09.2002 Landstad-feiring frå Kviteseid til Stiklestad

08.12.2005 Agnes Buen Garnås får Kulturrådets ærespris måndag

28.09.2005 - En pris til folkemusikken

27.09.2005 Buen Garnås fikk ærespris

23.08.2005 Turistar i eige landskap samlar sumarminne

14.05.2003 Kongens fortjenstemedalje i gull til Hauk Buen

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no