MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Peter Szilvay, kunstnerisk leder, FMKV (130x163)Å velte ein sjanger

Publisert: 11/18/2002 av Nicholas H. Møllerhaug

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2002111809464738963149

Autunnale Festivalen inviterte fredag til ein svært så annleis janitsjarkonsert med Forsvarets Musikkorps Vestlandet, som resulterte i ein formidabel heilaften i Teatergarasjen i Bergen. På programmet var stykker av Jon Øivind Ness, Eivind Buene og Knut Vaage. - At ein tradisjonsbunden setting som militærkorpset urframfører verk av nyskapande komponistar av i dag, må skrivast med gullskrift, meiner Ballade-skribent Nicholas H. Møllerhaug, og legg til: - FMKV løfta den trauste janitsjarkorpsgenren opp på eit heilt nytt nivå denne kvelden.


Av Nicholas H. Møllerhaug, Bergen

Autunnale, Bergen: Blåsarar og uniformar høyrer i lag - men kan gjere ein enkel lyttar engsteleg. Men i kombinasjon med nyskriven musikk av ikkje-korpsmusikk-komponistar kan det gå. Det Autunnale Festivalen inviterte the public på forleden velta ein skikkeleg traust janitsjarkorpsgenre. Og løfta det opp på eit heilt nytt nivå. Rykande ferske og lange stykker av komponistane Eivind Buene og Knut Vaage stod på programmet. Det gjorde fredagen til ein formidabel heilaften i Teatergarasjen i Bergen. Uniformane på Forsvarets Musikkorps Vestlandet (FMKV) gjorde altså ingenting.

Tekstilfordomar til ein kritikar skal ikkje ha så mykje å seie. Iallfall ikkje her: makan til godt samspelt blåseband må ein leite lenge etter - i kongeriket Noreg. At ein tradisjonsBUNDEN setting som militærkorpset urframfører verk av nyskapande komponistane våre i dag - må skrivast med gullskrift. Det er så sjeldan vare i ein nasjonal setting. Dei som har fulgt FMKV siste åra blir ikkje overraska: dei har gjort det før. Dette er ein realitet som er tre ganger tre lysår frå resten av korpseliten i Noreg og set ein ny dagsorden. Det å bestille ny og ikkje minst nyskapande musikk er ei god handling. Ja, det kan lett berre bli ein lettvint hype - difor legg eg til: du kor samspelte dei er! Eit raffinert samspel mellom store og små blåseinstrument og dei lyttande slagverkarane. Ein bør heller ikkje gløyme han som fekk det heile til å henge i hop - dirigenten Peter Szilvay.

Nynnemelodiske element
Dirigent Szilvay har ein tydeleg stil og evnen til å få fram dei instrumentelle nyansane. Det er noko denne musikken krevjer - det er vel difor mange dirigentar satsar på Post-Susa-kopistar i staden for Buene. Allereie frå starten av - med Jon Øyvind Næss sitt "Pics and Tiffs" frå 2001 - slo dei an ein slik instrumentasjonmedviten tone. Dette er eit verk prega av kontinuerleg balansegong mellom motiv som vil briste i nynnemelodiske element. Men, som i antydingane sine fungerar. Samstundes kom dette verket kanskje lengst inn i den tradisjonelle korpslitteraturen av dei tre verka denne kvelden. (Oj, må ikkje gløyme at bandet kom marsjerande inn på scenen til ein munter sirkus-tom-waits-aktig marsj av Knut Vaage) Då tenker eg på avslutningspartia kor tematikken går over i ein groovy rytmisk einskap.Korpsfoten gjekk.

Murbrytaren
Etter det vart Eivind Buene sitt nyskrivne verk "Breakin' another wall" for slagverk og korps ein del av Teatergarasjen. Då fekk FMKV verkeleg vist kva raffinement dei har i samspel og instrumentforståing. Ikkje minst i utstråling: dei ser avslappa ut - til trass for dei problematiske uniformane. I dette verket fann det stad eit nyansert samspel mellom solist Eirik Raude og perkusjonisten i FMKV. Ein merker at Buene er i ferd med å klekke seg heilt ut i ein personleg veldig 'openberrande' stil. Frå første takt er han attacco igong med foredraget sitt. Det består av intense og komplekse linjeføringar - sikkert utfordrande innstuderingsmessig. Buene meistrar særleg godt kombinasjonen slagverk og blås - med alle nyansane som eksisterer der. Raude er ein rådyktig handverkar på perkusjonsbatteriet sitt.

Vaage sitt magnetfelt
Knut Vaage til slutt med sitt encyklopediske verk var perfekt finale. Han er den mest ensyklopediske komponisten i landet i dag - langt frå å bli lettvint eller påtatt skiftande. Ein skjøner komponeringa hans er ei overskotshandling. For han er det eit viktig poeng å oppmuntre og me blir oppmuntra. Stadige moment i det nye verket "Topographics" - flott tittel foressten! - gnistra av humor. Men, ikkje for mykje av det muntre og gode - små impulsar er meir enn nok. Han klarar å balansere der - og dukkar like mjukt og innlevande inn i melankolien. Med tittelen har han antyda litt av poetikken sin: det er tydeleg at det ikkje dreier seg berre om ein (musikalsk) stad (topois). Det dreier seg like mykje om stadar i fleirtal - der han gjev oss kart og kompass. Men, dei går overhovudet ikkje etter magnetfeltet kring kloden - dei går utelukka etter Vaage sitt magnetfelt.
 

Relaterte bedrifter:

Forsvarets Musikkorps Vestlandet (Plateselskap; Utøverinstitusjoner\Korps\Militær)

Autunnale Festivalen NEDLAGT / CLOSED DOWN ()

Relaterte personer:

Eivind Buene, Komponist, Gitarist

Knut Vaage, Komponist, Pianist

Jon Øivind Ness, Komponist

Relaterte begivenheter:

Autunnale 2002

Relaterte artikler:

12.11.2002 Spenstig Autunnale

13.11.2002 Autunnalefestivalen med Bibalo-fokus

15.12.2008 Årets utøver 2008

07.03.2006 FMKV med urfremføring

27.09.2005 Trond Korsgård ny kunstnerisk leder for FMKV

31.05.2005 Hærmændene innhentet på Festspillene

19.05.2005 FMKV holder konsert- med drahjelp fra Divisjonsmusikkens Venner

08.09.2004 Morten Gunnar Larsen til Bergen

18.09.2003 Borealis - ny festival for samtidsmusikk og tilliggende kunstformer

30.05.2003 - Det nødvendige i å vandra vidare

16.05.2003 Music Factory: En uke med pek og overrskelser

08.05.2003 Edvardpris til komponisten Knut Vaage

27.03.2003 Fabio Biondi til Norge - og stor norsk satsning i vente

18.03.2003 Ildfuglen i korpsdrakt

05.12.2002 Korsangere og korpsmusikere mister støtte

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no