MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



- Kva plass får folkemusikken i Kanal 4?

Publisert: 03/24/2003 av Tore Skaug

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2003032413102251777523

Vil Kanal 4 greie å oppfylle den hyggelege konsesjonssøknaden sin - eller vil den nye kommersielle radiokanalen falle inn i ein formateringspraksis som til forveksling liknar det vi har høyrt før? På Norsk Folkemusikk- og Danselags (FND) seminar i Oslo laurdag blei spørsmålet formulert slik: Blir det slåttespel og kveding å høyre når Stein Gauslaa & Co. startar opp? Og svaret var ja. - Men, sa radiosjef Gauslaa, - vi vil ikkje lage ein gamaldags Folkemusikkhalvtime av det slaget som sender signal til alle andre om at "nå blir det hardingfele, så skru av!" Nedanfor er Kvinten-redaktør Tore Skaug sin rapport fra møtet.

Agnes Buen Garnås (Foto: Anders Bruen) (220x285)

Av Tore Skaug

"Slåttespel og kveding i kommersiell radio" var tittelen på seminaret. NFD-leiar Halvard Kaasa opna med å minne om at NFD var raskt ute med å gratulere kulturministeren då ho sette kroken på døra for eit folkemusikkfritt P4 og gav Kanal 4 konsesjon:

- Vi har ein folkemusikk som er unik i global samanheng, og dersom ikkje vi tek vare på han, er det ingen andre som gjer det. Kan vi rekne med Kanal 4 som støttespelar i dette arbeidet? spurde Kaasa.

- Vi kjenner oss sjølvsagt forplikta av honnørord om "norsk språk, kultur og identitet" og vilkåret om minst 35% norsk musikk, sa Gauslaa, før han lovte:

- Vi skal greie det med kontor og medarbeidarar over heile landet. Når det gjeld musikk, kan vi ikkje overlate musikkvalet til dagsformen hos den enkelte medarbeidar, men med utgangspunkt i minst 35 prosent norsk skape ein profil av variert populærmusikk, og eg trur det skal vera råd å nå nokså mykje lenger enn musikken i Radisson-heisen. Gauslaa lova og at Kanal 4 sine "talentspeidarar" ville presentere nye musikktalent før dei nådde å bli etablerte. At Kanal 4 vil satse mykje på å bli festivalradio - både frå Bergen, Notodden og Førde. Han gløymde Landskappleiken, og det fekk han naturleg nok svi for då salen seinare slapp til!

Både roots, country, blues, jazz, folkemusikk og klassisk skal få kvar sin time, og Kanal 4 vil sjølvsagt nytte både gallup, forskning og eigne testpanel av lydarar for å finne ut kva som fangar interessa hos folk.

- Eg trur elles gamle, solide og trauste NRK har sett såvidt sterkt preg på det norsk folks radiovanar at det ikkje godtek ein svært kommersiell radio, sa Gauslaa.

Økonomisk usikkert
Medieprofessor Eli Skogerbø peika på at det kan bli svært ulike program etter kven som tolkar "norsk språk, kultur og identitet". Det må gjerne ei presisering til for å sikre det samiske ein rettvis plass. Ho stilte seg tvilande til dei økonomiske utsiktene - med eit P5 på banen og fleire til å ete av minkande reklamebudsjett. Og kva er eigentleg folkemusikksegmentet verdt for annonsørane? - Eg trur at uansett korleis ein definerer allmennkringkasting - folkemusikk er og vil forbli ein nisje, sa ho.

Stortingsrepresentant Magnar Lund Bergo som representerer SV i kulturkomiteen, stilte med "Democracy for listeners" på t-skjorta og var først og fremst skuffa over utviklinga i NRK.

- Kvifor skal NRK med lisensgrunnlaget sitt vera freda? Dersom Kanal 4 lever opp til konsesjonssøknaden sin, vil NRK få noko å bryne seg på, meinte han og drog vidare opp linjene for ei medieutvikling som på få år vil gjera det naturleg at kvar og ein har si eiga private formatering som lydar og sjåar. Ikkje minst derfor trengst det eit trykk for å behalde ein viss grad av offentleg styring - mot dei som vil overlate alt til marknaden.

Museumsvaktar?
Lovnadene frå Gauslaa var for vage for mange i salen. "Ein time på laurdagen når folk er ute og festar?!"

- NFD bør trekkje tilbake gratulasjonstelegrammet, meinte kvedaren Arnfinn Staurheim, mens spelemannen Torgeir Straand slo fast at crossover er vel og bra, men kva med dei som vil ha rein folkemusikk og kveding?

- Eg støtta gratulasjonstelegrammet, men er spent. Det kan fort bli panikk når inntektene lar vente på seg, sa Tarjei Haugen, rektor ved Valle vidaregåande skule. Mens Maria Høgetveit Berg, kultursjef i Ål, peika på at presentasjonen av musikken er mest like viktig som sjølve musikken og etterlyste kvalitet i kulturbegrepet.

- Dersom Bergo reknar seg som museumsvaktar, er han berre ei bleik avskygning av somme i salen! Eg håpar det i folkemusikkretsar også er sans for ei viss vidareutvikling, sa Gauslaa og minte om at det ikkje treng vera nokon motsetnad mellom ein kommersiell radio og ein god radio. Eg trur at dersom ein lagar program med innhald og kvalitet, vil det appellere også til annonsørane, sa han.
 

Relaterte bedrifter:

Kvinten (Media\Tidsskrift)

Norsk Folkemusikk- og Danselag (Amatørorganisasjoner; Profesjonelle organisasjoner\Musikere)

P4 Radio Hele Norge ASA (Media\Radio\Riksdekkende)

Relaterte personer:

Anne Hytta, Redaktør

Relaterte artikler:

03.03.2003 God respons på P5-krav

06.01.2003 Kanal 4: - Den mest komplette søknaden

06.01.2003 P4 om musikken

23.09.2002 Studentradioene ber politikerne tenke kultur

05.09.2002 Radiokonsesjonen: Seks om beinet

14.06.2002 P4 får knusende kritikk

27.05.2002 P4 og Phonofile i tandem

12.11.2001 "Fucking lavmål"

18.05.2001 P4 satser på nettradio

05.10.2004 Slagr!

12.02.2004 Ballade på reisefot til by:Larm og Paris

14.01.2004 Avviser musikk-krig med Kanal 24

03.07.2003 Anne Hytta ny redaktør i Kvinten

16.05.2003 Bryggenspelet - folkemusikalsk maktdemonstrasjon i Bergen

31.03.2003 Slåttespel og kveding i kommersiell radio - smal sjanger i ein kjempestor marknad

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no