MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Knut Buen (200x171)Rekordår for Den Norske Folkemusikkveka

Publisert: 06/02/2005 av - Red.

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2005060211202956404211

Rekordmange såg sprek dans og høyrde god musikk under Den Norske Folkemusikkveka, som vart avslutta sist helg. I løpet av bortimot 40 konsertar og arrangement fekk over 4000 personar ta del i festivalen. Publikumsfavoritten vart musikkteateret ”Dødsdansen på Norefjell”, som gjekk for seks fulle hus. Nær 1700 personar kjøpte billett til denne forestillinga.


Den Norske Folkemusikkveka meldar og at årets Fanitulltevling vart vunne av Per Anders Buen Garnås, som fekk med seg Thon- pokalen og 15.000 kr. i prispengar. Den fyrste semifinalen i INTRO-folk sto og på programmet. Majorstuen gjekk vidare til finalen seinare i sommar, etterdet Folkemusikkveka kallar "sers hard konkurranse frå gruppa Gammel-likt seg".

- Det var mykje humor i årets program, kan styreleiar i Den Norske Folkemusikkveka, Bjørn Lien, fortelja. - Det er kanskje ingen spøk å vakne opp til 18.mai for mange, med ”dagen –derpå- kjensle” i kroppen. Men dersom ein ser det frå ein humoristisk synsvinkel, ligg det mykje godt stoff i bakrusen og traumene. Trioen Odd Nordstoga- Gjermund Larsen – Arne Moslåtten tok tak i dette temaet på ein konsert på Geilo 18.mai.

- Kvelden etterpå, 19.mai, var det tid for ”Skrønemakeri og morokveld” på Solstad Hotell på Gol. 79 –årige GT-Sara, kjent frå fleire opptredenar i Thore Skoglunds ”Rorbua”, kom med sin svarte gitar og sine freske ”på kanten-soger” . Med seg på laget hadde ho den munnrappe imitatoren og humørspreidaren frå Biri; NRK –journalisten Torvild Sveen.

Den Norske Folkemusikkveka kunne og melde at ”Stortingspensjonist” og fersk forfattar Hallgrim Berg var tilstades med freske fråspark og saftige soger. Musikken vart her besørga av toradermeistrane Jostein Sørbøen og Oddvar Fingarsen, saman med Hallingdal Kraftlag.

Laurdag 22.mai teikna legenden Knut Buen livet til ein annan legende, spelemannen og humoristen Jørgen Tjønnstaul, med ord og tonar. Jørgen Tjønnstaul var ein serprega spelemann og eit frodig menneske, der dei ramme replikkane og dei utrulege sogene kom på løpande band.

- Knut Buen er ein meister til å imitera Tjønnstaul, og klarar å levandegjera denne mannen betre enn nokon annan, meiner Bjørn Lie.
 

Relaterte bedrifter:

Den Norske Folkemusikkveka / Folkemusikkdagane i Ål (Festivaler\Mai)

Relaterte personer:

Odd Nordstoga, Daglig leder

Knut Buen, Folkemusiker

Relaterte artikler:

10.11.2004 INTRO-folk: Storsatsing på folkemusikk

10.12.2004 INTRO-folk søker unge, dyktige folkemusikere

06.06.2002 Folkemusikkveka på Ål: Øyvind Brabant årets «fanitull»

05.02.2002 Spelemannens plass i direktørkofferten

04.03.2004 Debatt om nasjonal folkemusikkscene: - Det handler om å ville noe

24.01.2003 Konsert med Knut Buen

16.05.2003 Bryggenspelet - folkemusikalsk maktdemonstrasjon i Bergen

07.03.2005 Høy Spellemanns-temperatur for folkemusikkmiljøet

02.08.2004 Odd Nordstoga fekk Telemarkfestivalen sin folkemusikkpris

04.12.2001 Edvard-pris til Odd Norstoga

19.03.2002 Odd Nordstoga på Akustisk Vinter

15.12.2004 Plateåret 2004: Mange favoritter - og overraskende stabilt CD-salg

22.11.2004 Stadig flere norske toppalbum - resultat av en langsiktig strategi?

10.12.2001 Ny solo-CD med Per Anders Buen Garnås

28.05.2001 Buen Garnås ble Årets Fanitull

30.05.2005 Startskotet har gått for INTRO-folk 2005

18.05.2007 Erling Lae åpner Den Norske Folkemusikkveka

18.05.2006 Folkemusikkveka 2006: Frå stand up-kveding til folkemusikkmesse

14.02.2006 - Knut Buen skyt i blinde

15.08.2005 17-åring fra Ål vant pris for unge folkemusikkutøvere

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no