MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Reynols, Argentina (360x230)Borealis 06: Sofistikert austarrikar og vindskeive argentinarar

Publisert: 06/28/2005 av Nicholas H. Møllerhaug

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2005062812591572370336

- Fokuset under Borealis 2006 vil garantert bli splitta i to. Publikum blir nøydd til å navigere mellom ekstreme motpolar som kanskje står nærare einannan enn ein trur, seier Nicholas Møllergaug, som er kunstnerisk leiar for Borealisfestivalen i Bergen. - Ein utprega festivalkomponist frå Austarrike skal i nært samarbeid med Jon Fosse dele på merksemda saman med ein vindskeiv skrålande trioduo frå Argentina, meldar Møllerhaug. Borealis går av stabelen i veka 9. - 16. mars 2006.


Av Nicholas Møllerhaug, Borealisfestivalen

Austarrikaren Haas har sidan 2003 arbeida nært med Jon Fosse. Saman skriv dei operaen 'Melankolia' - basert på romane Fosse skreiv om Lars Hertervig for nokre år tilbake. Dette er aller første gong Fosse skriv ein heil operalibretto - som i etterkant er omsett til tysk. Difor er det ein sensasjon på fleire måtar. Ein av dei mest eigenarta komponistane i Europa i dag skaper eit stort verk frå botnen av saman med fornyaren Fosse.

I desse dagar er det også klårt at operaen får premiere på Nasjonaloperaen i Paris juni 2007. Av denne grunn kjem Haas til Noreg ei veke før festivalen for å sitje i stilla ein stad og skrive på operaen. Festivalen forsøker no å innlosjere han og kona hans (som også er komponist) i Fartein Valen-heimen i Valevåg. Dette har Haas sjølv ytra ynske om - for å dykke ned i materien Fosse har gjeve han:

- Dette gler eg meg verkeleg til. Ei dobbel gåve å få vere over lengre tid på det norske vestlandet, fortel Haas.

- I mars vil eg vere djupt inne i operaskrivinga og vil få mykje ut av å vere på det norske vestlandet. Tenk å både få sjå Hertervig sine bilete, diskutere idear med Jon, undervise og lære av norske komponistar på Griegakademiet - samt berre vere i landskapet. Også er det stort å få høyre sin eigen musikk oppførd av mange forskjellige utøvarar. Eg gler meg til det te- ikkje minst fordi eg sjølv er ein mann frå djupt inne i innlandet i Austarrike - som trass alt er veldig fascinert av havet.

Det Haas ikkje veit, og som truleg blir like spektakulært og spesielt, er å dele på merksemda m.a. saman med den genunine argentinske skrålesambagruppa Reynols. Dette er eit band som har fans blant band som Anthrax og andre rockarar. Bandleiar er slagverkaren og komponisten Miguel Tommassin - som har downs syndrom. Dei to resterande bandmedlemmane Roberto og Anla - dei 'normale' i bandet har i ei årrekke gjort nett det Miguel har bede dei om. Miguel lagar låtane og Anla og Roberto framfører dei saman med Miguel og som duo.

Prosjektet heiter Reynols - og er ikkje berre legendarisk for sin vidopne musikk - Roberto og Anla er også kjende for sine unike evner til å få psykisk utviklingshemmede til å spele eksperimentell musikk. Difor har dei hatt workshops for nett slike musikarar over heile verda. Eit viktig utgongspunkt for at dette fungere så godt er at dei ikkje kallar dei psykisk utviklingshemmede men 'special people' konsekvent.

Ein slik konsekvent haldning og engasjement og eit hundretals plateutgjevingar har gjort Reynols til levande legendar. Sjølv om Miguel oftast held seg heime i Argentina under turneane (på grunn av ekstrem flyskrekk) er han med Roberto og Anla i ånda overalt. Fleire av våre framste lokale utøvarar innan eksperimentell musikk ser opp til Reynols og har hatt dei som ideal i ei årrekke. Særleg gjeld dette Jørgen Træen og John Hegre - sentrale i Bergensmiljøet. Dei har til og med spelt med Reynols heime i Argentina. Sist haust var dei to og Lasse Marhaug - aka Duperkammer - ein månad i Argentina. Då spelte dei m.a. direkte for 17 millionar argentinarar saman med Reynols. Det er også eit teikn på kor store Reynols er i heimlandet sitt.

Elles korar Reynols på spansk på ei av dei siste utgjevingane til Kaptein Kaliber - eit av dei andre prosjekta Hegre driv. Og det var sistnemnde og Lasse Marhaug som inviterte Reynols til Noreg i 2003. Då var Reynols også i Bergen for å spele konsert. I tillegg haldt dei ein rekke workshops for 'special people' i Bergensområdet - til stor glede for både argentinarane og ikkje minst dei lokale musikarane. Difor er det på tide dei kjem tilbake - slik at dei kan halde fram med samarbeidet. (Bergen kommune la også ut ei rekke bilete frå Reynolsbesøket sist dei var her - på sine heimesider.

Resten av Borealisprogrammet blir lansert stykkevis fram til mars 2006. Du kan lese meir om festivalen på http://www.borealisfestival.no
 

Relaterte bedrifter:

Borealis (Festivaler\Mars)

Relaterte personer:

Nicholas Møllerhaug, Kunstnerisk og Daglig leder

Lasse Marhaug, Easy Listening Artist

John Hegre, Musiker

Relaterte begivenheter:

Borealis 2005

Relaterte artikler:

18.03.2005 Rapporter om god oppslutning for Borealis

22.02.2005 Borealis: Navigasjonshistoria utanfor kartet

18.02.2005 Minimalisme, progrock, film, navigasjon: Borealis!

18.02.2005 Borealis: Her er programmet

01.10.2004 Miljøet støtter Borealis, men vil skifte ut styret

02.11.2004 Borealis: Medlemsorganisasjon på trappene

24.09.2004 Etterlyser medlemsorganisasjon i Borealis

24.09.2004 Styremedlemmer går - og kommunen truer med pengestopp i Borealis

20.09.2004 Minimalistlegende til Borealis-festivalen: Guru med svigermor frå Bergen

16.09.2004 Borealis har funnet en navigatør

26.05.2004 Borealis søker festivalsjef, BIT 20 søker produksjonsassistent og teknisk ansvarlig

20.04.2004 Krass Borealis-kritikk: - Ta Bergens musikkmiljø på alvor!

17.03.2005 Høyt og lavt for støyscenen

10.09.2004 Lasse Marhaug: Hot Action Sexy Karaoke Music for Loving

15.06.2004 "Nor Noise": Helaftens støydokumentar på Cinemateket

23.11.2004 Tox i Bergen: Eriksen og Hegre tukler med presidenten

02.10.2008 Melancholia - Lysets komponist i operaens black box

07.01.2008 Borealis 2008 - Ekstrem tradisjon, høye trær

27.02.2007 Borealis 2007: Alle saman reiser åleine

23.06.2006 Borealis med 300% publikumsauke og sitt første overskot

16.03.2006 Georg Friedrich Haas om emosjonell djupne, desperasjon og lys

15.03.2006 Super-improvisasjon på Borealis torsdag

14.03.2006 Nye kart teiknast på Borealis

16.02.2006 Borealis-festivalen i Bergen med ferdig program

10.01.2006 Borealisfestivalen ankar Kulturrådets avgjerd

16.12.2005 Klangforum Wien til Bergen

08.12.2005 Lydgalleriet med utstilling i Bergen

10.10.2005 Audiatur - en festival for samtidspoesiens grensesoner og lyd

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no